Hopp til innhold

A-ha hintar om nytt album

Før jul fortalte A-ha at dei skal spele sin første konsert sidan 2011 og no hintar dei om at det kan kome ny musikk.

A-ha i Brasil i 2014

REKORD: I september vil A-ha vere tilbake i Rio de Janeiro, der dei sette publikumsrekord i 1991. A-ha kom i Guiness rekordbok etter at det blei registrert 198.000 betalande konsertgjengarar. Truleg var det fleire enn det som såg dei, konsertarrangøren slutta å telle då dei nærma seg 200.000 blant publikum.

Foto: Just Loomis

A-ha gav seg offisielt i 2010 som band etter ein avskjedsturne og stod på scena saman siste gong i 2011 i samband med minnemarkeringa etter 22. juli. Før jul fortalte A-ha til NRK at dei ville spele konsert saman igjen i Brasil i år . Til Dagbladet så fortel gitarist og låtskrivar Paal Waaktar-Savoy at dei har laga ny musikk:

– Eg føler eg har eit par killer-låtar liggande no, som kunne blitt eit potensielt veldig bra album.

Blir aktive i to år

Med det ligg det meste til rette for at A-ha kan kome tilbake med både ny musikk, konsertar og turne. Til Dagbladet Magasinet fortel bandmedlemmane at dei har signert ein to-årsavtale. Avtalen går ut på at dei tre skal jobbe i lag i to nye år. Manager Harald Wiik fortel vidare at ingen i bandet lenger har vetorett som kan påverke kreative val eller økonomisk fordeling.

I år er det 30 år sidan A-ha laga pop-historie som første norske band som gjekk til topps i USA på Billboard-lista med «Take On Me».

(Saka fortset under bildet)

A-ha fikk hedersprisen under Spelemannprisen 2010

HEDERSPRIS: A-ha la opp offisielt i 2010 og i 2011 fekk dei Æresprisen under Spellemann-utdelinga. A-ha har solgt over 36 millioner album.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB Scanpix

Rock in Rio

Morten Harket har sluppe to soloalbum etter at A-ha blei pensjonert, Paal Waaktar-Savoy har også jobba med musikk. Magne Furuholmen har vore å sjå på skjermen som dommar i talentshowet "The Voice". I september skal A-ha stå saman på scena i Brasil på Rock in Rio-festivalen. Det var her den norske pop-sensasjonen sette verdsrekord i 1991 med 198.000 betalande publikum:

– Det er unekteleg spesielt å komme tilbake som ein pensjonist og oppleve at det er så stor entusiasme for det me har gjort. Det er som når ein pensjonert surfar høyrer at tusenårsbølga er på veg inn. Då børstar du støvet av brettet og kaster deg ut i bølgene, sa Magne Furuholmen til NRK før jul om å skulle spele på historisk grunn igjen.

Les også: A-ha gjenforenes på rekordkonsert

AKTUELT NÅ