Hopp til innhold

Skulle berre vaske huset - reiv ytterveggen: – Styr unna omreisande handverkarar!

Det som skulle vera ein enkel vaske- og malejobb blei ei dyrkjøpt erfaring for Øistein Jansen. – Styr unna omreisande «handverkarar», åtvarar skattekrimsjefen når utesesongen no startar.

Øystein Jansen avtalte vask og maling av huset. Omreisande "handverkarar" reiv ned veggen og ville ha ny kontrakt på arbeidet.

SKIFTA KLEDNING: Huset skulle berre vaskast og målast, men Øystein Jansen måtte skifta kledning på heile huset etter at useriøse handverkarar reiv ned ein vegg.

Foto: BJØRN ATLE GILDESTAD / NRK

Dei kom på døra til Øistein Jansen og kona på Romerike i fjor vår, og sa at huset hans bør vaskast og malast.

Øystein er sjuk, han har blodkreft og er tidvis utmatta. Han var eit relativt lett byte for omreisande som nå om våren dukkar opp like sikkert som løvetann. Men Øistein sette foten ned tidsnok.

Gjer jobben for ein billig penge

Desse «handverkarane» tilbyr tenester som maling av hus, legging av steinheller eller andre oppgåver til ein svært lav pris.

Men nesten like sikkert som at dei dukkar opp, blir prisen høgare enn avtalt og arbeidet dårlegare enn det dei lova.

Vi som seier ja gjer det fordi desse karane innyndar seg og skapar sympati for situasjonen dei er i, og dei forstår den situasjonen eg er i, seier Jansen til NRK.

Han som kom på døra hos Øistein var først sympatisk og fortalde at dei på grunn av koronasituasjonen hadde lite oppdrag, og derfor var ute etter jobb. Etter den føste praten om kva som burde gjerast, kom dei opp med noko som verka som ein normal pris.

Øistein Jansen

BLEI TRUA: Øistein Jansen på Romerike blei trua då han ikkje ville ha arbeid utført av «handverkarar» som kom på døra.

Foto: BJØRN ATLE GILDESTAD / NRK

Så kom dei opp med kontrakt, og den einaste måten ein kan undersøkja dette er å gå til Brønnøysundregistra og sjekka at bedrifta eksisterer. Alt såg greit ut.

Etter den første praten, kom det fleire folk som skulle vaske og male huset. Etter at dei hadde vaska eit par veggar, sa dei at det var så mykje råte at dei ikkje ville mala på det.

Reiv ein heil vegg

Arbeidafolka starta rivinga av det Øistein trudde var tre-fire bord. Sjølv låg han inne i senga med kroniske smerter og øyreklokker på, og høyrde ikkje noko av det som skjedde utanfor.

Før eg visste ordet av det hadde dei reve nesten ein heil vegg. Dei skulle berre vaske og male, det var det einaste.

Dei fortalde at dei måtte gjera mykje meir, og ville ha ny kontrakt.

Då tenkte eg; greit - eg skriv under på den kontrakten og så ser vi kva som skjer i løpet av helga. Så skulle dei pressa pengar ut av meg. Dei ville ha tjue prosent i handpengar så fort det var inngått ein kontrakt, seier Øistein.

Den eine historia verre enn den andre

Men han ba dei venta til mandag. I mellomtida snakka han med andre, og fekk høyra historiar om folk som var blitt pressa til å betala ut. Nokre blei tatt med til bankautomatar for uttak av kontantar. Etter å få fått summa seg, sa Øistein opp kontrakten.

Då kom dei hit og stod på døra og trua meg. Då fekk eg vita at eg kunne ikkje koma her og gjera slik med dei, for den kontrakten var gyldig og den skulle eg betale.

Både han og kona kjente på det.

– Då fekk vi også høyra; «Vet du hvem du har med å gjøre»? Det tok eg som ein trussel og drog eg rett til politiet og melde det.

Det tok eit halvt år før politiet la Øystein si sak til side.

Skattekrimsjefen åtvarar

Skattekrimsjef Erik Nilsen meiner det er viktig å sjekka omreisande «handverkarar» før ein slepp dei til.

Erik Nilsen, skattekrimsjef

Vi åtvarar sterkt mot dette. Vi får tips, og vi har erfaring frå saker, om at svært ofte er dette useriøst. Det blir ikkje betalt skatt og avgift, og vi får mange meldingar frå forbrukarar om at ein blir lurt. Dei har enten betalt for mykje eller får ikkje fullført jobb, eller det er ein kvalitet på arbeidet som ikkje er i tråd med det ein kan forventa.

Det er ofte er eldre personar som lar seg lura til å kjøpa desse tenestene.

Her ser dei at dei kan få arbeid gjort straks, og det freistar nok mange.

Han meiner bjøllene bør ringe tidleg når framande folk gir deg eit tilbod som er så godt at det nesten ikkje kan vera sant.

– Eit røverkjøp er ofte nettopp det; eit røverkjøp, seier skattekrimsjef Erik Nilsen - og ber folk takka nei.

– Vi må kalle det svindel, for det er det det er, legg Øystein Jansen til.

Er du usikker på korleis du skal kvalitetssikre bygging eller oppussing, og vil vera sikker på at du får ein seriøs handverkar, har skatteetaten informasjon om dette her, eller du kan sjekke kompetansen til firmaet på denne sida.

Også forsikringsselskapa krev at både elektriske installasjonar og VVS-arbeid blir utført av godkjent handverkar for at du skal kunna ha rett på full erstatning ved skadar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger