Hopp til innhold

– Flyktningar må få søke asyl på norske ambassadar

Redd Barna ber no om at barnefamiliar og barn som flyktar åleine får søke asyl på norske ambassadar også utanfor EU. Dette skal bidra til at færre må legge ut på ei farefull reise mot vesten.

Flyktningkrisen

Flyktningar til fots på veg frå Danmark til Sverige, for å søkje asyl der.

Foto: Bax Lindhardt / NTB scanpix

Line Hegna

Line Hegna i Redd Barna.

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Dette forslaget er ein del av Redd Barna sin plan med fem punkt vi meiner må gjennomførast for å hindre at fleire barn døyr på flukt til Europa. Det vil også kunne ta vekk mykje av grunnlaget for menneskesmugling, seier kommunikasjonssjef i Redd Barna, Line Hegna.

Hittil i år har over 2850 menneske omkome berre på reisa over Middelhavet.

Elleve organisasjonar i dugnad

Ti hjelpeorganisasjonar og Den norske kyrkje la i går fram sine forslag til politikarane for å fortelje kva Noreg kan gjere meir og betre, både på heimebane, I Europa og i nærområda.

Noreg må løyve tre milliardar til Syria og nabolanda i neste års statsbudsjett

  • Auken frå i år på 1,75 milliardar kroner må hentast utanfor bistandsbudsjettet, gitt den ekstraordinære globale flyktningsituasjonen.

Alle må bidra til den nasjonale dugnaden for syriske flyktningar

  • Frivillig-Noreg og den enkelte må delta og bidra.
  • Kommunane må legge til rette for busetting av fleire flyktningar.
  • Vi treng alternative busettings-modellar, som sjølvbusetting og pålegg til kommunane, slik at flyktningane ikkje blir sittande lenge på flyktningmottak.

Noreg må ta aktiv del i ein felles europeisk dugnad for syriske flyktningar

  • Vi må følge etter Tyskland og ikkje returnere syrarar til landet dei først kom til i Europa.
  • Noreg må vere med på å ta eit felles ansvar for humanitær assistanse og busetting av flyktningane i Europa.

I tillegg til Den norske kyrkje, står Amnesty International, Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, NOAS, Redd Barna, Caritas Norge, Atlas-alliansen og Care bak forslaga.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger