Hopp til innhold

- Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

Ferietrafikken tek tre gonger så mange liv som trafikken resten av året. 170 UP-patruljar skal ta verstingane i trafikken denne sommaren.

Farleg framferd i trafikken.

UP vil slå hardt ned på farleg framferd i trafikken.

Foto: UP

UP-sjef Ole Høiby opplyser til NRK.no at Utrykningspolitiet no har starta sin sommarpatruljering på norske vegar.170 patruljar, rundt 40 av dei sivile, skal liggje tett på sommartrafikken her i landet, døgnet rundt.

Politioverbetjent Ole Høiby.

Ole Høiby er fungerande sjef for Utrykningspolitiet (UP).

Foto: FOTO: Politiet

Særleg dei store trafikkårene og typiske turistområde vil merke UP sitt nærvær denne sommaren.

- Rus, fart og bilbelte

- Vi vil fokusere kontrollane våre på rus, fart og bilbelte, og vi vil ha eit spesielt fokus på aggressiv framferd i trafikken, seier Høiby.

Han fortel at dei sivile bilane og motorsyklane først og fremst har spesialoppgåver innan video og fartsmålingar. Både bilar og motorsyklar har utstyr som kan filme konkrete hendingar. Alle med ein farleg køyrestil skal lukast ut av trafikken, seier UP-sjefen.

Sommarferien starta for mange alt sist helg, og i vekene framover er det venta at ferietrafikken vil auke. Ole Høiby ber trafikkantane om å hugse at det trafikkbiletet er eit heilt anna om sommaren enn resten av året.

- Større trafikk kan gjere trafikken meir komplisert å køyre i enn andre årstider, ikkje minst i Nord-Noreg, som opplever ein stor trafikkauke i sommarmånadene, seier han.

LES OGSÅ: Slik held du deg oppdatert om ferietrafikken

LES OGSÅ: 130 webkamera viser trafikken over heile landet

UP gjennomførfer trafikkontroll.

UP varslar mange trafikkontrollar denne sommaren.

Foto: UP

Merksemd og tolmod

Han ber alle bilførarar om å konsentrere seg 100 prosent om å køyre bil, om å vise ekstra merksemd og vere tolmodige.

- Det er ofte fleire saktegåande køyretøy i trafikken, både motorsyklar, syklar, campingbilar og campingvogner. Og ting skjer veldig fort i sommartrafikken, så det er viktig å vere konsentert, seier Høiby.

Det viktigaste er å halde seg edru, å laste bilen fornuftig og å halde fartsgresene. Det er med på å redusere talet på drepne og skadde i trafikken, legg UP-sjefen til.

Tek fleire førarkort

Høiby kan fortelje at det i år har vore ein auke på i beslag av førarkort på 15 prosent i forhold til i fjor. Dette skjer etter at det var ein kraftig nedgang frå 2010 til 2011.

- Dette kan ha mange årsaker, og det er vanskeleg å samanlikne tala frå år til år. Det at vinteren var langt strengare i 2011 enn i 2012 er ei viktig årsak, seier han. Han trur at ein mild vinter og bare vegar fører til større fart enn når det er snø og is på vegane.

Det har rett nok vore litt fleire kontrollar i år, men auken i førarkortbeslaga kjem nok som følgje av føreforolda i vinter, meiner Ole Weiby.

- Farta er avgjerande

Terje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen oppmodar bilistane til å halde fartsgrensene.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen opplyser at ei av tre dødsulukker i trafikken skjer i juni, juli og august. Den typiske sommerulukka er utforkøyring, ofte på grunn av høg fart i forhold til fartsgrensa eller vegforholda.

- Hadde alle halde fartsgrensene hadde vi hatt 140 færre drepne og hardt skadde kvart år, seier Moe Gustavsen. Årsakene til ulukkene er mange og kompliserte, seier han, men farta er avgjerande. Høg fart gir fleire alvorlege ulukker.

Vegdirektøren seier at ulukker kan ramme alle, men at dersom ein held fartsgrensa, så er sjansen for å bli ramma av ei ulukke langt lågare.

Han minner om at det ikkje berre er råkøyringa som er farleg. I mange tilfelle er det nok å køyre berre litt for fort for å utgjere ei trafikkfare, seier han, og viser til at sjølv ei lita fartsauke er med på å forlengje bremselengda betydeleg.

tryggtrafikk.no/

Transportøkonomisk Institutt

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: En av tre dødsulykker skjer på sommeren

LES OGSÅ:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger