Hopp til innhold

130 webkamera viser trafikken over heile landet

Du kan sjekke ferietrafikken over heile landet ved hjelp av over 130 webkamera. Og tenesta blir snart utvida, lovar pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje.

På grafikken over finn du nokre av Statens vegvesen sine webkamera. Heile oversikta finn du her:

www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger/Webkamera

Eit webkamera av ein veg kan høyrast kjedeleg og føremålslaust ut, men publikumsinteressa er likevel stor. Det kan vere for å sjekke ver- og føreforhold, spesielt om vinteren, eller å orientere seg om trafikkmengda på staden.

– Populær teneste

Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Statens vegvesen

– Web-kamera på vegane er ei av dei mest populære tenestene vi har på nettet, seier pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje.

Foto: Henriette Erken Busterud

– Ved sidan av trafikkinformasjon er dette den mest populære nettenesta vi har. Om eit kamera skulle vere ute av drift, så er folk på tråden med ein gong, seier pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje, til NRK.no.

Han fortel at tenesta er mest brukt om vinteren, men at det er jamn trafikk heile året. Og det er planar om ei heilt ny teneste i samarbeid med NRK der webkamera blir meir integrert i vegmeldingstenesta og i ruteplanlegginga.

Vinje opplyser at mange transportselskap brukar web-kamera-sidene aktivt i si planlegging, spesielt når det kan vere fare for vanskelege verforhold. Og på fjellovergangar kan det vere så å seie heile året.

LES OGSÅ: Slik held du deg oppdatert om ferietrafikken

LES OGSÅ: - Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

God oversikt

Denne tenesta er inndelt i fem regionar, Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vest-Noreg, Aust-Noreg og Sør-Noreg. Her ligg ei god oversikt over alle vegstrekningar med webkamera, og det er enkelt å klikke seg inn på det enkelte kamera.

Dette er bilete som blir oppdaterte med litt ulik frekvens. Nokre blir oppdaterte kvart femte minutt, medan andre blir oppdaterte seks gonger om dagen. Det kan også skje at ein del kamera er ute av drift.

Statens vegvesen opplyser at desse bileta ikkje blir lagra hos dei, men at nye bilete heile erstattar dei gamle.


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger