NRK Meny
Normal

Slik held du deg oppdatert om ferietrafikken

Det er mange måtar å halde seg oppdatert på trafikksituasjonen når du er ute på vegen, både via Internett, mobiltelefon og radio.

Asfaltering

Asfaltarbeid kan skape køar i ferietrafikken over heile landet.

Foto: NRK

Før du legg ut på ferieturen med bil er det nyttig å ta ein tur innom Statens vegvesen sine sider på Internett. Her er det mykje svært nyttig informasjon, både i planleggingsfasen, rett før turen og etter at turen har starta.

LES OGSÅ: - Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

LES OGSÅ: 130 webkamera viser trafikken over heile landet

Planleggingsfasen

Ved å klikke seg inn på Statens vegvesen si kartteneste eller visveg.vegvesen.no/Visveg/mapviewer.jsf er det mogleg å detaljeplanleggje ferieturen. Det er mogleg å sjekke vegmeldingar for heile landet på www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger. Her er det mogleg å søkje både på vegnummer og på fylke. Det er også ei oversikt over utvalde trafikkmeldingar på viktige strekningar.

Her kan ein også finne eventuelle stengde vegar og vegar med kolonnekøyring, www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger, eller strekningar der trafikken går sakte. Her er også oversikt over helgetrafikken inn og ut av Oslo og mange andre nyttige opplysningar.

Og Statens vegvesen er sjølvsagt også til stades på sosiale medium som Facebook, Twitter, You Tube og fleire, www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Kontakt/Kontakt+oss/Sosiale+medier

Sommaren er høgsesong for asfaltlegging og anna utbetringsarbeid på vegnettet. Dette skjer over heile landet og i alle distrikt, og pressesjef Kjell Bjørn Vinje i Statens vegvesen oppmodar trafikantane til å vise omsyn til dette.'

Her er ei oversikt over asfaltlegging på norske vegar i sommar:

www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Vegvedlikehold/Asfaltering

Statens vegvesen har også oppdatert trafikkinformasjon frå nabolanda våre og for ein del andre europeiske land. Denne informasjonen ligg her: www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger/I+utlandet

Ute på tur

William F. Sande i NRK Trafikk

Alltid oppdaterte vegmeldingar frå NRK Trafikk på Tyholt i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Når ein først har starta på turen en er det også mange måtar å halde seg oppdatert på. Dei fleste bilar har i dag ein RDS-radio, der det automatisk kjem opp aktuelle trafikkmeldingar for det området ein er i via NRK P1.

Det er også fullt mogleg å bruke mobiltelefonen for å halde seg oppdatert på kva som skjer i trafikken. Men her er det viktig å hugse på reglane for bruk av mobiltelefon i bil. Ingen må bruke mobiltelefonen når ein køyrer bil. Anten må ein stanse, eller så må oppgåva gå til eventuelt andre i bilen.

Pressesjef Kjell Bjørn Vinje i Statens vegvesen opplyser til NRK.no at mobilsidene til Statens vegvesen også gir god informasjon. Det gjeld adressa m.vegvesen.no/, der ein vil finne aktuelle veg- og trafikkmeldingar. Her kan ein søkje på vegar og fylke på same måte som i den ordinære Internett-tenesta.

www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger/MobiltelefonPDA

Det blir også arbeidd med ein smarttelefon-applikasjon for trafikkmeldingar, men denne er førebels ikkje klar.

Ikkje berre Internett

Det er også fullt mogleg å ringje til Statens vegvesen. På telefonnummer 175 er det alltid hjelp å få. Når ein ringjer dette nummeret vil samtalen automatisk bli sendt vidare til den nærmaste trafikkstasjonen. Det er fem slike sentralar her i landet.

Normalt sett blir ein sett over til ein operatør som sit med oversikt over trafikksituasjonen i dette området. Dersom det er stor pågang i periodar vil ein få ein ferdig innlest tekst med oppdatert trafikkinformasjon for denne regionen, opplyser Vinje.

NRKs trafikkteneste

Også på NRK.no/trafikk er det til ei kvar tid oppdatert trafikkinformasjon på nrk.no/trafikk/. Her er det folk på jobb frå 0530 til 22. Også på mobiltenesta m.nrk.no/m/trafikk/heimdall.jsp blir det lagt ut oppdaterte trafikkmeldingar.

Du finn også trafikkinformasjon på NRK.no-applikasjonen for smartelefonar.

Informasjonen frå NRK Trafikk er basert på informasjon frå Statens vegvesen, fly-, buss- og ferjeselskap og politiet. Dei tek også mot tips frå publikum på telefon 800–99999. Dette er ein telefon for innkomande informasjon, så dei har normalt ikkje kapasitet til svare på spørsmål om trafikken.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger