Hopp til innhold

Ver obs for glatte vegar

Politiet ber bilistar om å vere varsam i trafikken. Det er meldt om glatt vegbane fleire stadar i fylket onsdag morgon.

Is med regn

Illustrasjonsfoto: Det er meldt om glatte vegar fleire stadar i fylket onsdag morgon.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Like etter klokka 06.00 onsdag morgon køyrde ein bil av vegen på fv. 62 ved Gussiåsen i Molde. Det skal ikkje vere snakk om personskade, men det skal vere svært glatt på staden opplyser politiet.

– Sjåføren er uskadd, men glatta kom brått på så det kan vere lurt å vere litt ekstra varsam i morgontimane i dag, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Utforkøyringa skal ikkje ha ført til trafikale utfordringar og det skal vere mogleg å passere staden.

Snø på Strandafjellet

Snøven lavar ned på toppen av Strandafjellet, melder ein tipsar til NRK.

Det kan føre til vanskelege køyreforhold på delar av strekninga.