Hopp til innhold

Fem arrestert i væpna aksjon

Fem personar er arrestert etter ein væpna aksjon i Kristiansund sentrum måndag kveld.

Væpna aksjon i Kristiansund.

VÆPNA AKSJON: Fem personar er arrestert etter ein væpna aksjon i Kristiansund måndag kveld. Foto: Eirik Haukenes.

Politiet har no avslutta ein væpna aksjon i Kristiansund sentrum, det opplyser operasjonsleiar Rolf Anders Korstad i Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Fem menn i 20- og 30-åra er arrestert.

Aksjonen vart sett i gong like før klokka 18, etter at politiet fekk melding om ein trusselsituasjonen. Situasjonen skal ifølgje Korstad ha vore så alvorleg at politiet valde å væpne seg.

Startar med avhøyr i kveld

Politiet tek til med avhøyr i løpet av kvelden, men Korstad vil ikkje seie noko om årsaka til den væpna politiaksjonen.

– Vi håpar å kome i gong med nokre av avhøyra i kveld. Etterforskinga vil halde fram utover kvelden, seier han.

Korstad ser ikkje vekk ifrå at det kan skje fleire arrestasjonar i saka.

– Det er framleis tidleg i etterforskinga, så dersom det kjem fram nye detaljar kan det bli aktuelt å arrestere fleire, seier han.

Tilknyting til narkomiljøet

Trusselsituasjonen skal ha hatt utgangspunkt i narkotikamiljøet i Kristiansund.

– Arrestasjonen skjedde utan dramatikk, men utover det ynskjer eg ikkje å gå ut med fleire detaljar rundt saka, seier operasjonsleiaren.

To av dei arresterte høyrer heime i Kristiansund, medan dei andre involverte skal vere frå Austlandet.

Saka blir oppdatert.

Det var Tidens Krav som fyrst skreiv om aksjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL