Hopp til innhold

Tilstanden er alvorleg for 16-åring

Tilstanden til den 16 år gamle guten som vart påkøyrd i Herøy tysdag er alvorleg og uavklart. Det opplyser St. Olavs Hospital, der guten vert behandla på intensivavdelinga.

Herøy

Ei 16 år gammal gut vart påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Herøy tysdag kveld.

Foto: Skjermdump

Tysdag kveld vart ein 16 år gammal gut påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Herøy. Ifølgje Herøynytt vart guten påkøyrd av ein varebil litt over klokka 20 mellom bensinstasjonen og taxisentralen på Eggesbønes.

I 11-tida onsdag ville ikkje AMK-sentralen på St. Olavs Hospital seie noko til NRK om kva for skader guten har fått.

– Politiet sine teknikarar samt Statens Ulukkegruppe jobbar på ulukkestaden for å klarlegge ulukkeårsaka. Føraren er også framstilt for blodprøvetaking, opplyste operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt til Herøynytt like før midnatt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL