Hopp til innhold

Her gjekk det nesten gale

Mannskap jobba på spreng gjennom onsdagskvelden for å sikre eit 20 meter høgt stillas frå vinden.

Stillas Kristiansund

Eit høgt stillas i Margretes Fryd i Kristiansund er i ferd med å rase. Politiet har sperra av heile gata.

Foto: Roar Halten / NRK

Klokka 23:09 var stillaset sikra så godt som råd i uveret, gata vart opna og stillaset har stått gjennom natta.

20 meter høgt

Eit 20 meter høgt stillas ved ei av blokkene i Margretes Fryd i Kristiansund kunne bli offer for sterk vind onsdag kveld.

Klokka 18.26 melde politiet at heile gata er sperra av.

– Vi ber folk om å halde seg borte frå gata, sa politiet i Nordmøre og Romsdal.

Det bles stiv kuling på delar av Nordmøre onsdag, og Yr.no meldte om sterk kuling i løpet av kvelden.

– Problem med å stå på føtene

Operasjonsleiar Kjell Biesmans fortalde til NRK at eigar av stillaset jobba hardt for å sikre det mot uvêret.

– Dei kavar på, men dei har problem med å stå på føtene i området. Så det er ganske heftig å sikre det.

– Men dei jobbar med det, og meiner dei skal få det til, sa Biesmans klokka 20.20.

Stod gjennom natta

Torsdag morgon fortel operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt at stillaset har stått gjennom natta.

– Stillaset vart sikra klokka 23.09 og gata vart opna igjen.

Stillas kan bli tatt av vinden

Politiet ber folk om å halde seg borte frå gata.

Foto: Brunsvika.net