Hopp til innhold

Sender kriminalteknikarar måndag

Politiet vil i dag gjennomføre åstadsundersøkingar etter at ein mann omkom i ein bustadbrann på Dyrkorn søndag kveld.

Brannmenn utenfor et hus på Dyrkorn som brant søndag

Mannskap frå fire kommunar deltok i sløkkingsarbeidet som tok fleire timar.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Politiet har hatt vakthald ved bustaden på Dyrkorn gjennom natta og vil starte med undersøkingar på staden så fort som råd.

– Vi sender kriminalteknikarar i løpet av dagen. Akkurat no ventar vi på at varmen frå huset skal minke, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Det er framleis ukjent kva som var årsaka til brannen.

– Vi håpar at undersøkingane i dag vil gi oss eit betre bilete på kva som har skjedd, seier Ferstad.

Fleire brannkorps måtte rykke

Brannbil på Dyrkorn i Stordal

Det er framleis ukjent kva som var årsaka til brannen på Dyrkorn.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Det var i 17-tida søndag at 100-sentralen fekk melding om ein brann i eit bustadhus på Dyrkorn i Stordal kommune.

Ørskog og Stordal brannkorps rykket ut til bustaden umiddelbart. Nesten ein time seinare rykket også Skodje og Ålesund brannkorps for å hjelpe til med fleire røykdykkarar og luftmasker.

Mannskap frå fire kommunar var med i sløkkingsarbeidet som tok fleire timar.

Brannen skal ha starta i den øvste etasjen av bustaden. Røykdykkarar var raskt på plass og fekk starta sløkkingsarbeidet innanfrå.

Brannvesenet klarte å dempe flammane og fekk kontroll over brannen om lag klokka 17:45. Ein halvtime seinare fekk flammane nytt tak og brannvesenet valde å evakuere 16 personar som budde i nærleiken.

Klokka 19:00 hadde brannvesenet igjen kontroll over flammane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL