Hopp til innhold

Rocketog til RaumaRock

Bare Egil gjer sitt for å gjere reisetida frå Oslo til Åndalsnes kortare.

Rocketog til Raumarock

Bare Egil stod for musikken på rocketoget.

Foto: Tove Sylte

Verdas første rocketog er fredag formiddag på veg frå Oslo til Åndalsnes der festivalen RaumaRock startar opp i kveld.

Store forventingar

Tove Sylte var ein av dei som tok toget.

– Her på rocketoget begynner det å bli bra stemning. Alle har store forventningar til konserten som Bare Egil skal halde i toget, seier Tove Sylte.

Artisten Bare Egil er henta inn for å gjere togreisa litt kortare. Han skal ha to konsertar før Dombås.

– Dette blir kjempespennande. RaumaRock 2010 startar faktisk på toget, seier Sylte.

I tillegg til tog frå Oslo, har også RaumaRock sett opp bussar frå Molde, Kristiansund og Ålesund under festivalen. Dette håper festivalen skal gjere at publikum kjem seg tryggare til og frå musikkfesten.

- Foreldra føler seg nok meir komfortable

Frode Nakken

Festivalgeneral Frode Nakken.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Festivalgeneral Frode Nakken trur dette vil vere gjere at ein kan unngå ulykker.

– Vi veit at det kjem ein del yngre personar på denne festivalen og at det sit nokre litt engstelege mødre og fedrar heime som veit at dei har ei dotter eller ein son på veg til festival. Eg trur dei føler seg sikrare når dei veit at sonen eller dottera set på ein buss. Foreldra føler seg nok litt meir komfortable då, seier Nakken.

RaumaRock har motteke eit miljø-stipend frå NSB, og i samråd med Trygg Trafikk vil noko av dette miljøstipendet bli brukt til å gjere transporten til og fra festivalen sikrare.

Skryt frå Trygg Trafikk

Erik Hartmann

Erik Hartmann i Trygg Trafikk skryt av tiltaket.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Fylkessekretær i Trygg Trafikk, Erik Hartmann, rosar tiltaket:

– Eg synest det er kjempebra. Vi veit at mange skal kome seg til og frå festivalar, så dersom ein kan unngå transporten private står for, så hadde det vore kjempebra, seier Hartmann.

Les også:

Hartmann seier at ungdom er ei utsett gruppe i trafikken, også til og frå store arrangement.

– Når det blir mykje festing og alkohol på festivalane kan det hende at trafikkulturen i alle fall etter festivalen ikkje er den beste. Eg skal ikkje seie at det er slik, men det er i alle fall lett å tenke det. Og då kunne tilby gratis transport er strålande, seier fylkessekretæren i Trygg Trafikk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL