Hopp til innhold

Geoteknikarane er på plass på rasstaden

Geoteknikarar frå Norconsult er på plass for å undersøke leirraset i Ålvundfjord i Sunndal.

Ras Sunndal

Raset i Sunndal sperrar fylkesveg 670 i Ålvundfjord.

Foto: Roar Halten / NRK

Geoteknikarane seier dei vil arbeide i fred ei stund, før dei uttalar seg om raset.

Raset gjekk ved nytt bustadfelt

Geoteknikarane granskar raset i Sunndal.

Geoteknikarane er på plass for å granske raset i Sunndal.

Foto: Roar Halten / NRK

Leirraset i Sunndal gjekk rett ved eit område der det er planlagt nytt bustadfelt. Ordførar, Ståle Refsti (Ap) i Sunndal seier dei må ta tak i dette når situasjonen har roa seg.

Vi har planlagt tilførselsveg til eit nytt bustadfelt der raset gjekk, så dette må vi no vurdere på nytt. Det er overraskande at raset gjekk her, seier Refsti til NRK.

Raset sperrar fylkesveg 670 i Ålvundfjord i Sunndal.

– Fylkesvegen blir truleg stengt ut dagen, seier Steinar Vestnes i Vegvesenet.

Lagar veg

Det er entreprenøren Magne Nærum AS som er i gang med å grave veg til det nye bustadfeltet i Ålvundfjord. Han fekk beskjed frå tilsette som var i området då raset gjekk måndag kveld. Det var aldri fare for at dei tilsette skulle bli tatt av raset.

– Vi reiste utover med ein gong for å sjå på leirraset og rapportere til byggherren, seier Magne Nærum til NRK.

Han trur dei skal finne ei løysing, slik at arbeidet med vegen og bustadfeltet kan halde fram.

– Vi ventar på vurderinga frå geologen. Eg trur at dei finn ei løysing for å få opp vegen, og det er ikkje tomter akkurat i dette området. Det er berre innkøyrsla til feltet som er råka av raset. Det er berre her det er slik grunn, trur eg. Elles er det fjell over alt, seier entreprenøren til NRK.

Stort leirras

Steinar Vestnes, Statens vegvesen

Steinar Vestnes frå Statens vegvesen.

Foto: Roar Halten / NRK

Det store leirraset gjekk over vegen i går kveld, men ingen personar eller hus fekk skadar i raset.

Steinar Vestnes i vegvesenet seier dei ikkje går inn i området med mannskap før ein geoteknikar har avgjort om det er trygt.

– Geoteknikaren må avgjere kva som skjer vidare. Om det er trygt nok å gå inn og rydde, så brukar det vanlegvis ikkje ta så lang tid. Men så er det dette med leire. Det er vanskeleg å vite, seier Vestnes.

Jordras Ålvundfjorden

Foto: Jan-Erik Vangen

Beredskap

Ordførar Ståle Refstie (AP) i Sunndal seier kommunen har sett i verk beredskapstiltak i kommunen etter raset i går.

Ståle Refstie

Ordførar Ståle Refstie seier det er ein viktig pendlarveg som er stengt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Dei som bur i Ålvundfjord vil få utført heimetenester og andre kommunale tenester. Det er også planar for brann og andre naudetatar. Han seier dei van med at det går ras i kommunen.

– Dette er ein situasjon som oppstår i kommunen bortimot årvisst på ei eller anna vegstrekning. Så vi har i alle fall rutinar for korleis vi handterer det, seier han.

Men raset gir altså store utfordringar for mange i dag. Vegen er ein viktig pendlarveg.

– Kommunen er delt utan omkøyringsmoglegheit, slår han fast.

Sunndal kommune la i går mellom anna ut denne informasjonen til folk via sin Twitter-konto:

«Mulig omkjøring er fra Ålvundfossen rv70 til kryss med E39, denne til ferja Kanestraum – Halsa og videre nordover E39, evt. tilbake rv65 til Surnadal. Fra Sunndalsøra evt. via Oppdal og nordover.»

Jordras Ålvundfjord

Leirraset sperrar fylkesveg 670.

Foto: Google maps