Hopp til innhold

Oskar Grimstad (Frp): – Forståeleg at dei vil skape debatt

Stortingspolitikar Oskar Grimstad (Frp) støttar Sau og Geit Møre og Romsdal langt på veg, etter at organisasjonen etterlyste engasjement frå politikarane i fylket. Men forslaget om ein skotpremie på første rovdyret som blir fellt vil ikkje partiet ha noko av.

Oskar Grimstad

Stortingspolitikar Oskar Grimstad i Frp, meiner det er ein viktig debatt Sau og Geit Møre og Romsdal har sett i gong.

Foto: NRK

Interesseorganisasjonen Sau og Geit gjekk tidlegare i sommar ut og lova 10.000 kroner i skotpremie til den som felte første rovdyret uansett om dyret var freda eller ikkje.

– Responsen frå politikarane har uteblitt. Det er skuffande at ikkje politikarane kan flagge kva dei meiner, sa leiaren i organisasjonen, Odd Bjarne Bjørdal til NRK Møre og Romsdal laurdag.

Bjørdal sa vidare at organisasjonen gjorde det bevisst for å provosere. Men den forventa reaksjonen frå politikarane uteblei. Han håpa at både lokalpolitikarar og spesielt rikspolitikarane ville seie sitt i saka.

Søndag morgon fekk NRK Møre og Romsdal svaret til ein av fylket sine stortingspolitikarar, Oskar Grimstad frå Framstegspartiet.

– Vi har full forståing for at representantar frå beitedyrsnæringa reagerer på det store talet på rovdyr vi har i Noreg, seier Grimstad.

– For mange rovdyr

Saka har skapt mykje blest, og Odd Bjarne Bjørdal fortel både om mykje positiv og negativ respons.

Oskar Grimstad meiner det er sunt å få i gong ein ny debatt kring rovdyrspolitikken i Noreg, og at det i dag er for mange rovdyr i forhold til det som er tenleg.

Odd Bjarne Bjørdal

Leiaren i Sau og Geit Møre og Romsdal, Odd Bjarne Bjørdal, får støtte av Framstegspartiet og stortingspolitikar Oskar Grimstad.

Foto: Knut Hustad

– Departementet ser på dagens bestandsmål som eit minimumsmål. Vi ligg etter vår meining godt over det som burde vore tilfellet innanfor dei fleste bestandar. Det gjer at ein får eit betydeleg tap av beitedyr som blir tekne av rovdyr, seier Grimstad.

Støttar ikkje skotpremie

Grimstad seier han forstår frustrasjonen til Sau og Geit, og at organisasjonen ikkje føler dei blir sett eller høyrde. Han seier også at han forstår kvifor Sau og Geit tidlegare i sommar gjekk til ekstreme skritt for å bli tekne på alvor.

– Meiner Framstegspartiet då at det er rett å utlove 10.000 kroner for første rovdyret som blir fellt?

– Nei, vi støttar ikkje at ein bryt lova. Eg opplev heller dette utspelet som eit fortvilt forsøk på å få til ein debatt kring saka om rovdyr.

Ser til Gudbransdalen

Oskar Grimstad meiner ein må sjå på korleis situasjonen no er for bøndene i Gudbransdalen, for at ein fullt ut kan forstå situasjonen for dei som driv innanfor beitedyrsnæringa.

– Vi ser spesielt i dag i Gudbransdalen, der det er store tap av beitedyr som følgje av omstreifande ulv som tek livet av titalls dyr. Ein blir påført store tap, og blir ikkje kompensert for desse tapa, seier Grimstad avslutningsvis.