Hopp til innhold

Frifunnen for fiskefusk

Ein skipper frå Hordaland er frifunnen for fiskefusk, og slepp dermed å betale bota på 2 millionar kroner. Hausten 2013 oppgav han 200 tonn for lite makrell, då han leverte fangst ved eit fiskemottak i Herøy. Feil på utstyret om bord i båten gjorde at skipperen trudde fangsten var mindre enn han var, og retten er komen til at skipperen ikkje kan lastast. Retten legg også vekt på at skipperen forsøkte på ulike måtar å gje eit rett overslag av fangsten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL