Hopp til innhold

Fleire vil ha hjelp

Rask psykisk helsehjelp i Kristiansund og Molde har ein stor auke i talet på folk som tar kontakt. I Kristiansund var det 350 som søkte hjelp i fjor, og i år kjem det til å bli over 400. Tala er omtrent dei same i Molde. Rask psykisk helsehjelp er eit treårig lågterskeltilbod, og som gir gratis hjelp til personar med angst, moderate depresjonar og søvnvanskar. Molde og Kristiansund er pilotkommunar i vårt fylke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL