Hopp til innhold

Fart, mobiltelefon og ikkje belte

8 bilførarar fikk forenkla førelegg for høg fart, under ein fartskontroll på Fiskarstranda i Sula i dag tidleg.

I 50-sona blei høgste farta målt til 66 kilometer i timen.

5 bilførarar snakka i mobiltelefonen, og må betale eit førelegg. Éin bilførar hadde ikkje teke på seg bilbelte og må dermed punge ut for dette.