Storfjordkryssinga alt. 3 - Foto: Storfjordsambandet ASA /
Foto: Storfjordsambandet ASA

Bru eller tunnel over Storfjorden

Om nokre år kan du kanskje køyre bil over Storfjorden der ferjesambandet Magerholm-Ørsnes går i dag.

 

Frank Sve og Jan Kåre Aurdal - Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK
Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Ein fem hundre meter djup tunnel og ulike bruløysingar vart i dag presentert av Storfjordsambandet ASA. Styreleiar Frank Sve meiner det er realistisk å tru at dette sambandet er på plass om fem til ti år.

Det er  fire alternativ for Storfjordkryssinga som er under vurdering. Alle er kostnadsrekna til omkring 2 milliardar kroner, men når det gjeld fjelltunnelen, ser det ut til at den kanskje kan byggjast til ein rimelegare pris..

 

 Storfjordkryssinga

 

Storfjordkryssing alt. 1 - Foto: Storfjordsambandet ASA /
Foto: Storfjordsambandet ASA

1. Neddykka røyrbru/flytetunnel. Tunnelen går ned til 35 meters djup.

 

 

 

 

Storfjordkryssinga alt. 2 - Foto: Storfjordsambandet ASA /
Foto: Storfjordsambandet ASA

2. Fjelltunnel Sykkylven - Emleim.

Djupaste punkt: 550 m. u. h. For å greie dei store stigningane, må tunnelen gjere ein stor sving inne i fjellet på Emleimsida og ein stor sirkel på Sykkylvssida. Tunnelen blir 11 300 meter lang, med to løp.

  

 

Storfjordkryssinga alt. 3 - Foto: Storfjordsambandet ASA /
Foto: Storfjordsambandet ASA

3. Bru Ørsneset - Magerholm:

Hengebru med brukte boreplattformer som brukar. Brua blir ca. 2 600 meter lang.

 

 

 

Storfjordkryssinga alt. 4 - Foto: Storfjordsambandet ASA /
Foto: Storfjordsambandet ASA

4. Bruløysing Sandvika - Glomset:

Hengebru eller røyrbru med skipspassasje + flytebru. Samla lengd: ca. 2 500 meter.

 

 

 

Tunnel Sykkylven - Stranda

I samanheng med planane for kryssing av Storfjorden tenkjer Storfjordsambandet ASA seg også ein 8 900 meter lang tunnel mellom Hole i Sykkylven og Engeset i Stranda. Med denne tunnelen slepp ein å køyre over Strandafjellet, og dette vil lette trafikken mellom kommunane vesentleg.

Tunnelen vil koste om lag 400 millionar kroner. Bygginga treng ikkje vere avhengig av at fjordkryssinga blir realisert.

(NRK)

Siste video/lyd

Lærarstreiken vart kraftig utvida i dag. No er 7700 lærarar i streik over heile landet. Ved Skjevik barne- og ungdomsskule i Molde seier streikevaktene at dei skulle ønske at Staten fekk tilbake ansvaret for forhandlingane med lærarane.
Omfattande utbetringar må gjerast etter flaumskadene der Ikornneselva går gjennom fabrikkområdet til Ekornesfabrikken i Sykkylven. Store steinar har gjort elveløpet trangare.
Frå nyttår blir det innført strengare reglar for drivstoffutslepp i fleire land rundt Nordsjøen. Mange reiarlag vel difor andre reisemål enn Noreg.