Se programmet i NRK Nett-TV:
Bli med den populære meteorologen Terje Alsvik Walløe og programleiar Monika Blikås til ekstreme Hustadvika!
- Kva er eigentleg ein orkan?
- Og kvifor blir den så sterk og øydeleggjande?
- Kva skjer når stormflo og springflo kjem samtidig?
- Korleis klarar krykkjene å klamre seg fast i fuglefjellet når stormane rasar?
Vi gir deg nokre svar langs den berykta Hustadvika på Romsdalskysten, der vêrskifta kjem brått og vinterstormane får ekstra godt tak.
Krangel i matfatet
Vinteren er ei tøff tid å komme gjennom for mange, ikkje minst for dyra.
Når det røyner på som verst med kulde og matmangel, er det dei svakaste som må bøte med livet. Men når nokon bukkar under hjelper det andre til å overleve.
Ut i naturen viser unike bilete av rev og kongeørn som kranglar om det same åtselet i vinterskogen.
Nakne vintertre
Våre vanlegaste tre er lette å kjenne att om sommaren, når dei har blad. Men kor enkelt er det å kjenne dei att om vinteren når dei står der heilt nakne?
Hanne Aass tek med seg skogøkolog Rune Aanderaa ut i skogen for å sjå på typiske kjenneteikn på tre om vinteren. Kanskje må dei også bruke andre sansar enn berre synet.
Se programmet i NRK Nett-TV: