– Eg vil ha mindre trafikk og synest dette er heilt fantastisk. Me må avgrensa bilbruken uansett, så kvifor ikkje byrja med datokøyring, seier Nævdal, som bur i eit av dei mest råka bustadområda i Bergen når lufta er stille og kald som no.
Jeanette eig ikkje bil, og får dermed ikkje logistikkproblem av datokøyring.
– Eg bur midt på Danmarksplass, så eg merkar det ganske godt i lungene når forureininga er som verst, fortel Nærdal.
35 prosent ned
Mellom klokka 07.00 og 09.00 onsdag morgon passerte 24.135 køyretøy bomringen i Bergen. Det er ein nedgang på nesten 4.000 køyretøy samanlikna med same tidsperiode dagen før (28.063 bilar). Med andre ord gjekk biltrafikken i Bergen ned 14 prosent over natta.
Samanlikna med same dato for eit år sidan, var nedgangen i morgonrushet på 19 prosent.
Mellom klokka 15.00 og 17.00 onsdag ettermiddag køyrde 16.113 biler gjennom bomringen. Det er ein nedgang på 8.519 biler, eller 34,6 prosent samanlikna med 6. januar i fjor (24.632 biler).
LES OGSÅ:
Klimabyråd Julie Andersland (V) sa onsdag morgon at ho håpa på ein trafikkreduksjon på kring 25 prosent. Slik som i 2010 då datokøyring var innført i ein dag.
– Ordninga har berre vore gjennomført éin gong tidlegare, og då merka me ein nedgang på cirka 25 prosent, uttalte Andersland før ho hadde sett tala.
Dei er det driftssjef Grethe Kleppe i bompengeselskapet BT Signaal som har. Ho trur manglande kunnskap kan vera grunnen til at mange har latt vera å la bilen stå.
– Det er kanskje mange som ikkje har fått det med seg, eller køyrd likevel, seier driftssjefen.
LES OGSÅ:
Skyss merkar ingenting
Kommunikasjonssjef i Skyss, Ingrid Dreyer, seier selskapet har fått færre, ikkje fleire, førespurnader i dag. Trafikkflyten er god, og ekstratiltaka selskapet har sete inn, fungerer som planlagt, opplyser Dreyer.
Skyss har sete inn sju turbussar for å ta unna pågangen. Spesielt har ekstrakapasiteten på linja mellom Bergen sentrum og Straume terminal hatt stor pågang.
– Ekstrabussane har bidrege godt. I tillegg har me endra mønster på fleire ruter, slik at bussane stoppar på fleire stopp, seier Dreyer.
Skyss opererer ikkje med reisetal og Dreyer kan såleis ikkje seia noko om eventuell passasjerauke frå i går.
– Spørsmål om tal kan eg ikkje svara på, men trafikken har i alle fall gått fint og det er meir enn me kanskje kunne ha venta, seier Dreyer.