Debatten har gått for fullt etter E16 nok ein gong vart stengt av eit jordras denne veka. Dei veldige massane kom ned på nøyaktig same stad i Vaksdal som for snart to veker sidan, då eit passasjertog frå NSB med 40 personar om bord køyrde rett inn i raset.
Europavegen frå Bergen til Voss er svært ras- og ulukkesutsett og har fått tilnamnet «dødsvegen». Mange har fått nok etter dei store rasa dei siste vekene, og i går gjekk bergenspolitikarane ut å forlanga hastevedtak.
- LES OGSÅ: – Det er like før folk mistar livet
- LES OGSÅ:
Meiner E39-kampen øydelegg
Men Tom Skauge i Sosialistisk Venstreparti meiner det politiske fleirtalet ikkje har vist nok interesse for å prioritera E16 mellom Bergen og Voss. Han meiner iveren for ferjefri E39 har vore med på å utsetje bygginga av ny E16.
– Eg meiner vårt fylkespolitiske organ burde vore mykje meir på hogget. Eg er uroa for at det er brukt så mykje energi på eit luftslott, seier Skauge og syner til den ferjefrie forbindelsen på E39 over Bjørnafjorden.
– I staden burde ein brukt tid på å sikre ein forbindelse austover, som også blir miljøvenleg sidan det går tog der.
Ingen hastevedtak
I går sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til NRK at det ikkje blir noko hastevedtak på E16.
– Vi har hatt to ulike ekspertgrupper som har to ulike anbefalingar. Når vi har så ulike syn frå fagfolk så er det viktig at vi set oss ned og gjer riktige val når vi skal investere fleire milliardar kroner.
Skauge er ikkje samd.
– No forventar eg at det blir gjort strakstiltak og at dei viktige planane for betre trasé kjem i første nasjonale transportplan, meiner han
– Tøffare i tonen
Thor Woldseth (Frp) er varaordførar i Bergen og meiner eit tryggare E16 må gå føre alt – også ferjefri E39. Han vedgår at ein ikkje har vore tydelege nok i kravet om at den rasutsette vegen bør bli betre.
– Det ser slik ut. Vi har kanskje ikkje vore tøffe nok i tonen. Men denne gongen er vi det, og eg håpar det går heim.
– E16 bør prioriterast fordi det er eit rassikringstiltak. Her kan menneskeliv gå tapt. Vi ser fram til at gravemaskinene kjem og set i gang umiddelbart.