Hopp til innhold

Stord-ordførar: – Heilt fantastisk

Kværner sin milliardkontrakt vil sikra mange arbeidsplassar på Stord. Ordførar Liv Kari Eskeland jublar over kontrakten.

Liv Kari Eskeland

JUBEL: Ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland er på veg inn på Kværner Stord for å overrekka blomar.

Foto: STEINAR NEDKVITNE / NRK

I dag vart det kjent at dekket til utstyr- og bustadplattforma på Johan Sverdrup-feltet skal byggast av Kværner og amerikanske KBR. Kontrakten med Statoil er verdt 6,7 milliardar kroner.

Avtalen omfattar ingeniørarbeid, innkjøp og bygging av dekket til utstyr- og bustadplattforma på Johan Sverdrup. Ordførar Liv Kari Eskeland er svært glad for at kontrakten vart kapra lokalt.

– Me sender ein stor gratulasjon til Kværner og til Apply Leirvik i dag som ha klart å vinna ein kontrakt i steinhard internasjonal konkurranse. Me er fantastisk glad. Når nyheita kom var det berre til å bestilla flagging, blomar og kaker.

Dagens kontrakt til Kværner og KBR vil gje nytt arbeid blant anna på Stord. Bustadmodulen skal byggast hjå Apply Leirvik på Stord og i Emtunga Sverige, medan plattformdekket vert sett saman på Kværner Stord.

Liv Kari Eskeland, ordfører

– Svært viktig for regionen

Kva betyr kontrakten for Stord-samfunnet?

– Kontrakten betyr ikkje berre noko for Stord-samfunnet. Det betyr noko for heile Sunnhordland og for heile Vestlandet – for heile Noreg vil eg sei. Det å ha ein leverandørindustri som viser at dei er konkurransedyktige på pris og kvalitet, og at dei evner å levera – det skal me som vestlendingar vera ubegripeleg stolte av, seier Eskeland.

Plattform

KJEMPEPROSJEKT: Plattforma vil bli det største bustadkvarteret på norsk sokkel og har kapasitet til å innkvartera 560 personar.

Foto: Statoil ASA

Ho meiner det er viktig at ein klarar å forvalta verdiane lokalt.

– Me har nokon store verdiar som ligg der ute i Nordsjøen som me bør klara å vinna ut sjølv, og vera dei fremste i forhold til å ha plattformer som får ut olje og gass. Det beviser me i dag at me klarar. Me er absolutt internasjonalt konkurransedyktige, avsluttar Eskeland.

Her blir Kværner-kontrakten på Stord underskrive.

SKRIV UNDER: Her blir Kværner-kontrakten på Stord underskrive.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Anne Grethe Sandtorv er leder i Stord Næringsråd.

– Dette er ein stor dag for Stord, alle smiler. Kontrakten er viktig for heile næringslivet – frå levrandørbransjen til butikkar, hotell og utestader. Alle lever av å serve denne industrien. Eg er imponert over at Stord har eit næringsliv som er så gode. Statoil har ikkje valt bedriftene på Stord for å vera snille, men fordi dei er best, sier ho til NRK.

NTB melder at Kværner si milliardkontrakt sende aksjen deira opp nesten 10 prosent på Oslo Børs måndag føremiddag.