Brann sin sentrale midtbanespelar er berre 22 år, men har rekt å oppleve sin dose med motgang på og utanfor fotballbana.
– Det har vore mykje trykk oppigjennom åra på meg. No har eg vore her i fem år, og eg har lært meg å takla presset og bli immun mot det.
Påstandar om at han fekk speletid fordi faren var styreleiar i klubben var berre noko av kritikken han måtte tola.
– Det var piping frå tribunen, historier om at du gjekk på byen og at fokuset låg andre plassar enn på fotballen. Korleis var det?
– Det var mykje å ta inn når ein var 19–20 år. Men eg er blitt sterkare av det. Eg blei tvungen til å bli sterk. Det var mykje som gjekk inn på meg, men det kunne det ikkje gjera om eg skulle lukkast i laget.
Barmen ladar saman med Brann opp til ny fotballsesong på La Manga. I år er det ikkje 1. divisjon, men igjen den øvste ligaen som gjeld for Brann. Barmen gler seg særleg til ein ting:
– Det beste med å spela for Brann må vera å gå ut på stadionmatta og synga «Nystemten» før kampen. Det å sjå 10 000 bergensarar som er bak ryggen din og støttar deg, det er overveldande, seier Barmen.
Sjå heile intervjuet i videovindauget øvst.
- LES OGSÅ:
NRK er på La Manga heile veka og kjem til å vera tett på Brann-laget, med rapportar frå trening og treningskampar.
Kvar dag den neste veka vil vi gå nærare i møte med ein spelar eller trenar I Brann-stallen.
Desse kan du sjå portrettintervju med i veka som kjem:
Mads Hvilsom, Erik Huseklepp, Vadim Demidov, Piotr Leiciewski, Lars Arne Nilsen og Fredrik Haugen.