Hopp til innhold

– Eg har lært meg å takla presset

LA MANGA (NRK): Brannspelar Kristoffer Barmen legg ikkje skjul på han har opplevd tøffe tider i Brann. – Det var mykje som gjekk inn på meg, men eg har blitt sterkare av det.

Intervju med Kristoffer Barmen.

PORTRETT: Kvar dag denne veka kan du sjå portrettintervju med Brann-profilar. I dag kan du blant anna høyra Kristoffer Barmen fortelja om korleis han har takla motgangen i klubben.

Brann sin sentrale midtbanespelar er berre 22 år, men har rekt å oppleve sin dose med motgang på og utanfor fotballbana.

– Det har vore mykje trykk oppigjennom åra på meg. No har eg vore her i fem år, og eg har lært meg å takla presset og bli immun mot det.

Påstandar om at han fekk speletid fordi faren var styreleiar i klubben var berre noko av kritikken han måtte tola.

– Det var piping frå tribunen, historier om at du gjekk på byen og at fokuset låg andre plassar enn på fotballen. Korleis var det?

– Det var mykje å ta inn når ein var 19–20 år. Men eg er blitt sterkare av det. Eg blei tvungen til å bli sterk. Det var mykje som gjekk inn på meg, men det kunne det ikkje gjera om eg skulle lukkast i laget.

Barmen ladar saman med Brann opp til ny fotballsesong på La Manga. I år er det ikkje 1. divisjon, men igjen den øvste ligaen som gjeld for Brann. Barmen gler seg særleg til ein ting:

– Det beste med å spela for Brann må vera å gå ut på stadionmatta og synga «Nystemten» før kampen. Det å sjå 10 000 bergensarar som er bak ryggen din og støttar deg, det er overveldande, seier Barmen.

Sjå heile intervjuet i videovindauget øvst.

NRK er på La Manga heile veka og kjem til å vera tett på Brann-laget, med rapportar frå trening og treningskampar.

Kvar dag den neste veka vil vi gå nærare i møte med ein spelar eller trenar I Brann-stallen.

Desse kan du sjå portrettintervju med i veka som kjem:

Mads Hvilsom, Erik Huseklepp, Vadim Demidov, Piotr Leiciewski, Lars Arne Nilsen og Fredrik Haugen.

La Manga
Foto: Kjell Joran Hansen / NRK