Hopp til innhold

– Gler meg heilt vilt til sesongstart

Mads Hvilsom er klar for sin første sesong i Brann. – Det aller største no er å vera del av dette laget.

Portrettintervju med Mads Hvilsom

VIDEO: Danske Mads Hvilsom er klar for å ta steget ut på stadionmatta som Brann-spelar. For han er det fantastisk å få vera ein del av Brann-stallen.

Den danske angriparen er på lån frå tyske Eintracht Braunscweig.

Han signert kontrakten med Brann 8. januar, og er svært klar for å kjempa for dei raudkledde.

– Eg gler meg heilt vilt til sesongen byrjar, seier Hvilsom.

Klar for å spela meir fotball

Føler du at det er eit steg ned å komma til norsk eliteserie?

– Ikkje i det heile tatt. Eg ser heller på det som eit steg opp. I Tyskland spelte eg nesten ikkje, det var mest treningar og å sitta på benken. Her håpar eg å komma inn på laget, og vera ein større del av troppen enn eg var der nede.

Inntrykket hans av klubben så langt er svært godt.

– Dei som er på laget er fantastiske menneske, både spelarane og trenarane. Det å vera del av dette er utruleg flott.

Sjå heile intervjuet i videovindauga øvst i saka.

Nytt portrett kvar dag

NRK er på La Manga heile veka og kjem til å vera tett på Brann-laget, med rapportar frå trening og treningskampar.

Kvar dag den neste veka vil vi gå nærare i møte med ein spelar eller trenar i Brann-stallen.

I går snakka me med Kristoffer Barmen, som fortalt korleis det har vore å takla all motgangen i klubben dei siste åra.