Hopp til innhold
Erik Skutle
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Politikere og elever tatt i narkoaksjon

Oppsummert

  • Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet rulla opp i Bergen i februar.
  • Eit medlem i Unge Høgre blei arrestert og sikta for sal av cannabis, som ein del av den store narkoaksjonen til politiet på vidaregåande skular i Bergen.
  • Onsdag 26. februar vart tre personar sikta for bruk av narkotika. Dagen etter vart det kjent at dei tre var stortingspolitikar Erik Skutle, ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen og ein tidlegare Unge Høgre-topp som framleis er aktiv i partiet.
  • Fredag 28. februar vart ytterlegare to mistenkte tilknytt Unge Høgre kalla inn til avhøyr hjå politiet.
  • Tysdag denne veka sa ein politisk rådgjevar i byrådsavdelinga for barnehage og skule opp si stilling på grunn av sin status som mistenkt i narkosaka.

  • POLITISK RÅDGJEVAR TREKK SEG:

    Ein politisk rådgjevar for barnehage og skule i byrådet i Bergen går av. Det melder Bergen kommune i ei pressemelding. Vedkommande var fredag i avhøyr hjå politiet i forbindelse med den pågåande narkotikasaka i Bergen og hadde status som mistenkt.

  • KRISEMØTE I BERGEN HØGRE:

    Laurdag skal arbeidsutvalet i partiet møtes på Høyres hus i Bergen, for å diskutera vegen vidare etter avsløringane i narkotikasaka. Unge Høgre vert kalla inn til møtet. – Eg vil venta med å gi nokon kommentarar til etter møtet, seier leiar Kenneth Stien til NRK laurdag morgon.

  • KAN FÅ TILBOD OM NARKOPROGRAM:

    Politiet vurderar påtaleunnlating for stortingspolitikar Erik Skutle, mot at han vert med i «Tidleg ute»-programmet. Det skriv Bergens Tidende. – Så lenge dei er under 25 år gamle og arresterte for tilknyting med narkotika, så kan «Tidlig ute» vera aktuelt. Det er noko vi vurderer, seier Mellingen til avisa.

  • - VIKTIG Å AVVENTE OMFANGET:

    Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg seier ho ventar og ser omfanget av narkotikasaka der Erik Skutle er sikta. – Han har sjølv vore tydeleg på at det han har gjort, ikkje har vore riktig. Utover det får vi sjå når politiet blir ferdig med saka kva som blir omfanget og kva dette til slutt endar med, seier Solberg til NTB.

Vi har nulltolleranse for bruk av narkotika, sier Høyres parlamentariske leder Trond Helleland.