Hopp til innhold

– Det har mildt sagt vore kjipe veker

Unge høgre inviterte medlemmer og foreldre til å snakke ut om hasjavsløringane. Men det var berre éi mor som dukka opp.

unge høyre

SER FRAMOVER: Christopher Amundsen Wand, Generalsekretær i Unge Høyre og fylkesleiar Elise Loftheim seier den siste tida har vore vanskeleg for leiinga i ungdomspartiet. No vil dei tilbake til ein vanleg kvardag.

Foto: NRK

Seks unge politikarar frå Bergen har sagt ifrå seg sine politiske verv i Høgre etter at dei vart mistenkte eller sikta for bruk av narkotika.

– Når ein ser på kor mange som kom i dag ser me at det kanskje ikkje var eit stort behov for dette møtet. Men det er likevel viktig for oss å vera tilgjengelege, seier Liv kari Eskeland, fylkesleiar i Høyre.

– Me har vanskelege veker bak oss

Det er fyrste gong ungdomspartiet har vore i møte med både foreldre og medlemmar sidan hasjavsløringane dei siste månadane.

– Etter alt som har skjedd meiner vi det var naudsynt med eit møte for foreldre og medlemmar. Det er viktig at foreldra til medlemmane våre får moglegheit til å spørje oss direkte dersom det er noko dei har behov for veta, seier fylkesleiar i Unge Høyre, Elise Loftheim.

Også Christopher Amundsen Wand, Generalsekretær i Unge Høyre, seier at leiinga har hatt eit behov for å fortelje foreldre og medlemmar korleis dei har opplevd den siste tida.

– Det har mildt sagt vore nokre kjipe veker for oss. Det viktigaste som kom fram i dag var vår ærlege oppleving av situasjonen. Den siste tida har vore særs vanskeleg.

– Lavt oppmøte var venta

Liv Kari Eskeland

SOM VENTA: – Eg trur både foreldre og medlemmar har fått tilstrekkeleg informasjon gjennom media. Det var nok difor så få møtte fram, seier fylkesleiar i Høgre, Liv Kari Eskeland.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

I underkant av 30 personar møtte fram på informasjonsmøte på Høyres hus i Bergen. Éin av dei var mor til eit medlem i ungdomspartiet. Det var heilt som forventa seier Eskeland.

– Eg trur både foreldre og medlemmar har fått tilstrekkeleg informasjon gjennom media. Det var nok difor så få møtte fram.

Loftheim fortel at det fleire foreldre har teke kontakt med leiinga i forbindelse med saka, men det har vore positive tilbakemeldingar, ifølgje ho.

– Det er nokre som har kontakta oss. Mest for å seia at dei tenkjer på oss og håpar at alt går bra, seier Loftheim.

Dei involverte ikkje til stades

Verken Erik Skutle eller dei andre som vert etterforska av politiet, var til stades på møtet i kveld. Skutle er tilbake på Stortinget, etter at han trakk seg frå sine politiske verv.

Generalsekretær Wand presiserer at alle har vore velkomne, også dei involverte.

– Dei som er innblanda i saka har fått same tilbod om å kome som alle andre.

På møtet vart det diskutert korleis me har tatt vare på dei involverte i denne saka. Alle som møtte fram gav oss tilbakemeldingar på at me har handtert dette bra.

Han fortel at alle involverte har fått tilbod om krisehjelp.

– No skal me tilbake til ein vanleg kvardag, og halde fram med politikken.