Hopp til innhold

«Barn av regnbuen» på sjukeheimen

ULSTEINVIK (NRK.no) Vi er alle «Barn av regnbuen», sjølv om vi gjerne brukar både stokk og rullator. På sjukeheimen Alvehaugen i Ulstein song dei av full hals klokka 12 torsdag.

Alvehaugen sjukeheim

«Barn av regnbuen» på Alvehaugen sjukeheim i Ulstein. I dag song dei av full hals.

Foto: Ulstein kommune

I dag klokka 12.00 var det songen «Barn av regnbuen» som blei symbolet på det norske samfunnet, med fred, fridom og samhald. Anders Behring Breivik, som sit på tiltalebenken i Oslo tingrett, sa i retten at denne songen var med på å hjernevaske det norske folk. I dag ljoma songen som ein reaksjon mot terroren 22. juli.

På Youngstorget i Oslo song 40.000 menneske songen, med Lillebjørn Nilsen som forsongar. Også i ei rekkje norske byar og tettstader var det arrangement der folk møttest for å synge.

– Syng der du er

I Ulstein i Møre og Romsdal gjekk soknepresten og organisten ut med ei oppmoding om å synge der kvar einskild var klokka 12. Sjølve var dei på Alvehaugen sjukeheim, og song saman med dei som bur på sjukeheimen.

– Då eg høyrde om initiativet i Oslo tenke eg at eg ville vere akkurat der. Men det kunne eg ikkje. Då tenkte eg i staden at kvar og ein kunne synge akkurat der dei uansett var klokka 12.00. Difor gjekk vi ut med denne oppmodinga, seier sokneprest Margit Lovise Holte.

– Det var rørande

I utgangspunktet var det andakt på sjukeheimen denne torsdag formiddagen. Og reaksjonane mot terroren vart tema i andakta. Nøyaktig klokka 12 vart bebuarane på Alvehaugen sjukeheim med i det store koret.

– Dei som bur på Alvehaugen har jo levd ei stund. Og det var veldig rørande å vere der og synge akkurat denne songen saman med dei i dag. I andakta prata eg litt om det som skjedde på Youngstorget og kvifor vi valde å synge akkurat denne songen akkurat på det tidspunktet, fortel Holte.

Nestekjærleik

Andakta på sjukeheimen handla eigentleg om nestekjærleik. Dermed var det lett å rette fokus mot rosetog, samhald og initiativet til å synge «Barn av regnbuen».

– Det var meiningsfylt. Dei song med. Og vi fekk oppleve at songen har veldig kraft her på Sunnmøre. Dette handlar om samhald, seier sokneprest Margit Lovise Holte.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.