Hopp til innhold
Kronikk

Urimelege krav gir færre sjukepleiarar

Det hastar å utdanne fleire sjukepleiarar. Å fjerne karakterkravet i norsk og matte bør vere fyrste steg.

Sjukepleiarstudentar, Høgskulen på Vestlandet

Studentane sin motivasjon til å lære er vel så viktig som karakterane dei kjem inn med, skriv kronikkforfattarane. På biletet er Amanda Sangolt  og Solveig Røberg Vik som har studert sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord.

Foto: Falkeblikk

Kommunar i heile landet rapporterer om store rekrutteringsproblem. Utfordringa er særleg stor i distrikta, men gjer seg og gjeldande i dei store byane.

Det er allereie kritisk i Nord-Noreg, og liknande situasjonar vil breie om seg til resten av landet.

Då er det underleg å lese oppslag i NRK og VG nyleg, der Høgre og Sjukepleiarforbundet vil behalde karakterkrava til sjukepleiarutdanninga, utan at dei kjem med ei einaste løysing til korleis vi skal snu ein kritisk situasjon.

For situasjonen blir ikkje betre med åra. Mangelen på helsepersonell vil auke, i takt med fleire eldre som treng helse- og omsorgstenester. Det hastar å ta grep.

Urimeleg at gamle karakterar står i vegen

Det handlar ikkje berre om 19- åringen som skal velje utdanning for fyrste gong. Det handlar og om dei som ynskjer å skifte yrke i løpet av arbeidslivet. Dei blir det stadig fleire av.

«Dei særskilte karakterkrava er ein effektiv stoppar for å få utdanna nok sjukepleiarar.»

I haust fortalde NRK om Beate som drøymer om å bli sjukepleiar. Ho gjekk eit år på sjukepleiarutdanninga i 2000-2001, men måtte slutte då ho vart åleinemor og såg at det blei krevjande med ein turnusjobb.

Då ho søkte på sjukepleiarutdanninga på ny, kom ho ikkje inn på grunn av karakterkrav på 3 i norsk og matematikk som blei innført i 2019. Ho hadde ein toar i matte i 1999.

I løpet av desse 20 åra har ho tatt ein bachelorgrad, leiarutdanning og ho har jobba i helsetenesta i helger.

Før 2019 kunne Beate fått vurdert om hennar bakgrunn kvalifiserer for studieplass. No er dette utelukka.

Det er mange som Beate. Vi meiner det er urimeleg at ho, og andre i hennar situasjon, ikkje skal kunne bli sjukepleiar på grunn av ein karakter frå vidaregåande skule lang tilbake i tid.

Særkrav er sjeldne

Det er svært få andre utdanningar som har særkrav til karakterar. I dei aller fleste tilfella kjem ein inn på høgare utdanning med generell studiekompetansen frå vidaregåande skule.

Vi meiner dette og bør gjelde for dei som ynskjer å bli sjukepleiar.

Eit einsidig fokus på kva kompetanse ein har før ein startar på utdanninga, er uheldig. Fokuset bør leggjast på kva kompetanse dei nyutdanna sjukepleiarane har.

«Studentane sin motivasjon er vel så viktig som karakterane dei kjem inn med.»

Medikamentrekning blir ofte trekt fram som ei grunngjeving for mattekravet, men medikamentrekning er noko studentane skal lære undervegs i studiet, ikkje før dei begynner.

For å kome vidare i utdanninga må du bestå medikamentrekning. Det er ingen som går ut frå sjukepleiarutdanninga utan å kunne dette.

Samstundes er det og viktig at sjukepleiaren har ein kollega som kan dobbeltsjekke medikamentdosen. Med sviktande rekruttering vil det bli stadig færre av desse kollegaene.

Lite samanheng

Tidlegare studiar har vist at for nokon utdanningar er det ein klar samanheng mellom karakterar ved inntak og fullføring av studiet, men at denne samanhengen i mindre grad gjeld for sjukepleie.

I ein rapport frå 2013 skriv Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning: «Det som utmerker sykepleierutdanningen er svært lavt frafall, og dette gjelder for alle studenter».

«Det viktigaste vi som driv utdanning gjer, er å sørge for kvaliteten i utdanninga.»

Det er også erfaringa vi har frå Høgskulen på Vestlandet. Vi har god gjennomføring på sjukepleiarutdanninga, både før og etter innføring av karakterkrava.

Det verkar og å vere ei oppfatning av at ein generelt har dårlege karakterar om ein ikkje oppfyller dei særskilde karakterkrava. Det stemmer ikkje. Mange har gode karakterar i dei fleste faga, men kan for eksempel slite med matte.

Like gode sjukepleiarar

Så langt vi kjenner til finst det heller ingen dokumentasjon på at sjukepleiarar utdanna før 2019 ikkje er høgt kvalifisert helsepersonell.

Det viktigaste vi som driv utdanning gjer, er å sørge for kvaliteten i utdanninga. Vi jobbar heile tida for at den skal bli betre og for å tilpasse utdanninga til utviklinga i arbeidslivet.

«Mange har gode karakterar i dei fleste faga, men kan for eksempel slite med matte.»

Sjukepleiarutdanninga inneheld ein kombinasjon av teori og praksis. Studentane får tett oppfølging og rettleiing undervegs i utdanninga, og det er ferdigheitstrening og mange testar som dei skal bestå for å komme vidare.

Utdanninga krev mykje av studentane. Vår erfaring er at studentane sin motivasjon til å lære er vel så viktig som karakterane dei kjem inn med. Mange som søkjer seg til høgare utdanning, har ein sterk motivasjon for yrkesvalet dei tar.

Vi tar samfunnsansvaret på alvor

Universitet og høgskular har eit viktig samfunnsansvar i å utdanne folk til yrke det er behov for i samfunnet. Det er eit ansvar Høgskulen på Vestlandet tar på stort alvor.

Vår organisering med fem campus gjer at vi er til stades på heile Vestlandet. Frå Førde i nord til Haugesund i sør. 8 av 10 av dei vi utdannar blir verande i regionen.

«Det haster å ta grep.»

Vi har ei av landets største sjukepleiarutdanningar. Kvart år utdannar vi over 500 sjukepleiarar som er klare til å gå ut i arbeidslivet, men talet kunne vore høgare.

Det bekymrar oss, og det burde bekymre kommunar, helseføretak og alle som har behov for helsetenester i framtida.

Eit fyrste steg

Det er på høg tid med handling.

Vi har store forventingar til opptaksmeldinga som kjem i vår og håpar særkrava til sjukepleiarutdanninga blir avvikla, slik Opptaksutvalet har anbefalt.

Dei særskilde karakterkrava hadde gode intensjonar, men i dag er dei ein effektiv stoppar for å få utdanna nok sjukepleiarar.

Det handlar om våre eldre. Om vi som samfunn skal klare å gi våre eldre god behandling, pleie og omsorg.

Å fjerna karakterkrava vil ikkje løyse alle utfordringar, men det er eit fyrste steg.