Hopp til innhold
Replikk

Tankar frå ein «Birthchilla»

Å vera student og mor er lettare enn du trur.

Marion Fløysvik

Studentar med barn har kanskje ikkje like mykje fritid som dei utan, men studentlivet er meir fleksibelt enn arbeidslivet, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

I kronikken Tanker fra en Birthzilla skriv Stine Mangset Karlsrud om presset kvinner har for å få «alt på stell» før dei stiftar familie.

Eg er samd i noko av det ho skriv, men er ueinig med haldninga om at kvinner må ha fast jobb, eigen boleg og ferdig utdanning før dei får born. Sjølv er eg både mor og student, og har lite på plass. Det gjer ingen ting.

Å vera student og mor er meir overkommeleg enn mange trur.

Gode ordningar

For å ta det økonomiske fyrst. Lånekassen gjev deg ikkje meir studiepengar enn du elles ville fått, men til gjengjeld får du alt utbetalt som stipend. Dette gjeld ikkje berre for dei som vil ta permisjon, men òg for dei som vil studera vidare.

Har du krav på foreldrepengar frå Nav, kan du få det i tillegg, eller eingongsstønad dersom du ikkje har det. Forsørgjarstipend frå Lånekassen og barnetrygd frå Nav kjem i tillegg.

Noko luksusliv vert det ikkje, men det er fullt mogleg å få det til å gå romsleg rundt.

Barnehagar for studentbarn er dessutan billige og tilretteleggar for eksamenstider. Du treng heller ikkje ta omsyn til kva tid på året barnet er født, for opptak til studentbarnehagar er meir fleksible. Husbanken gjev også studentar med barn støtte til boleg.

Noko luksusliv vert det ikkje, men det er fullt mogleg å få det til å gå romsleg rundt. Det einaste kravet for å få foreldrestipend er at du har studert i minst fire månadar før fødsel. Dette kravet tilfredsstiller dei aller fleste.

Brukt gull

Sjølv gjorde eg ikkje det då eg fekk sonen min i fjor. I halvåret før eg fødte var eg praktikant ved Den norske ambassaden i Beijing, og kvalifiserte difor ikkje for foreldrestipend.

Eg hadde ikkje råd til å kjøpa mykje, men var heldig og fekk arva mykje frå jentene til systera mi. Sonen min gjekk nesten berre i rosa og lilla klede i dei fyrste åtte månadane, vogna han sit i heller konstant mot venstre, og legoen han leikar med er frå 1995.

Bruktbutikkar er gull verdt.

I byrjinga måtte eg ta jamne dopausar for å skifta bind sidan stinga mine blødde som berre juling.

Annleis studietid

Eg hadde heller ikkje noko anna val enn å fortsetja med utdanninga ved Universitetet i Bergen, og enda opp med å ta 50 studiepoeng på eit semester.

Eg las dagleg i timevis for å koma gjennom pensum før termin, og var tilbake på universitetet fem dagar etter fødselen.

I byrjinga måtte eg ta jamne dopausar for å skifta bind sidan stinga mine blødde som berre juling. Ammepausar hadde eg òg mange av, der eg pumpa mjølk i hjørnetoalettet og håpa at ingen stod tissetrengt utanfor. UiB har dessverre ingen ammerom.

Eg er glad for at eg byrja med barn då eg var 25 og framleis relativt ung.

Eit godt val

Men ingenting av dette var problematisk, for eg valde jo å ha barn. Trass i at eg gjekk glipp av mange økonomiske gode, er eg glad for at eg byrja med barn då eg var 25 og framleis relativt ung.

Studentar med barn har kanskje ikkje like mykje fritid som dei utan, men studentlivet er likevel veldig fleksibelt. Kanskje meir fleksibelt enn arbeidslivet. For det er eigentleg utruleg triveleg å ha barn utan å ha alt på stell.

Til dei studentane som ynskjer å ha barn tidleg, men er usikre på om det er mogleg, vil eg berre seia at det er det!

Det er berre å ta det med ro, planlegga timeplanen og hugsa å ta med ammepumpa.