Hopp til innhold
Kronikk

Språk i spagaten

Dialektane festar grepet i verdas største mediekanal: Facebook. Er det ein språkleg rikdom eller eit trugsmål mot normerte skriftspråk?

Dialektriket: Yasmin Syed tar oss med på en underholdende reise gjennom dialektriket Norge

Søndag starter ein serie om nordmenn og dialektar på NRK1 20.15. Programleiar Yasmin Syed prøver å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eigentleg er og blir dratt inn i ein dialektgalskap ho ikkje visste om.

Foto: NRK

Sosiale medium skil seg frå tradisjonelle massemedium. I sosiale medium er det ingen formell raud penn, ingen lærar som rettar, inga språknorm, inga mållov, men truleg ei mengd usynlege normer.

1,15 milliardar menneske har ein profil på Facebook og Facebook er no Noregs nest største mediekanal, berre NRK 1 er større. Tal frå TNS Gallup (2012) viser at Ungdom mellom 15 og 29 år brukar ein time på Facebook. Kvar dag.

Skriftkulturen har fått eit heilt nytt domene på sosiale medium. Rammeverket til Facebook kom først på engelsk og seinare på bokmål og nynorsk.

Dette har kome fram utan tvang eller statleg styring, men som eit resultat av at brukarane vil ha det. Delvis har brukarane også skapt nye språklege rammeverk, typisk nok.

Kva er ditt beste dialektord? Del det med resten av landet og stem ordet til topps i Dialektaksjonen.

Ungdom skriv dialekt

Aktive brukarar av Facebook har truleg lagt merke til at dialektbruken er utbreidd. Ei undersøking gjort av Berit Skog ved NTNU i 2008 viser av åtte av ti femtenåringar skriv dialekt på Facebook. Kvifor er det slik?

Truleg er det to hovudårsaker. Den eine årsaka er at skrifta vi produserer på Facebook liknar meir på ein munnleg samtale enn tradisjonell skriftleg kommunikasjon.

Vi skriv fort og kort, responderer på andre sine innlegg, likar og deler. Ei statusoppdatering, ei meiningsytring eller ein delt artikkel kan føre til lange digitale dialogar som nærast er i sanntid, eller live om du vil.

Ein sit sjeldan og flikkar på setningar. Det kjem rett frå hjartet, som ein uformell samtale over hagegjerdet.

Verkar spontane og ekte

Den andre viktige årsaka er identitet. Facebook er ei redigert røynd. Vi presenterer oss som dei vi er, eller kanskje som dei menneska vi ynskjer å stå fram som.

Mange ungdomar er multilinguale. Ikkje berre meistrar dei ulike språk, men dei vurderer også mottakaren sin språkkompetanse og korleis dei best brukar språket for å nå fram med bodskapen sin.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør Allkunne.no

Språket er midt i kjerneidentiteten til eit menneske. Facebook kan vere både nært, personleg, privat og intimt, det som brukaren sjølv gjer det til.

For andre er det eit sladreblad, der ein avdekkjer relasjonar og interesser – men det du kommuniserer med verda på ein open, delvis open eller lukka profil for spesielt utvalde – gjer du med ord, «likes», bilete og det du deler av andre sitt innhald. Mest av alt: språk.

Sjølv om vi presenterer eit glansa bilete av oss sjølv, verkar altså det unormerte språket forsterkande, vi verkar spontane, avslappa, ekte og nær, litt som shabby-chic-møblar, som ser gamle og rustikke ut, men som er kjøpt på Skeidar.

Vi kunne også ha opplevd dialektskriving på Facebook som slurvete og udanna, men den store utbreiinga av dialekt tyder på at ungdom neppe opplever det slik – men truleg fleire vaksne.

Kva du skriv på Facebook og språket du brukar, seier noko om deg som person. Og er dialekten din viktig for deg, kan du her skrive som du snakkar. Eg er MEG, eg er ekte!

Dialekttoleranse

Innslag av dialekt i skrift, er ikkje noko nytt. Då Asbjørnsen og Moe kom med folkeeventyra på midten av 1800-talet, vekte det åtgaum at dei skreiv inn dialektord som «kurompe» i staden for «kohale».

Bruken av dialekt på Facebook hadde neppe vore så stor, utan ein stor dialekttoleranse. Toleransen for dialektar er relativ ny i Noreg og vaks fram på syttitalet.

Det er dialektar i dei fleste språk, men Noreg er eit av landa i vesten med ikkje berre størst variasjon, men også størst dialekttoleranse.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør Allkunne.no

Det er dialektar i dei fleste språk, men Noreg er eit av landa i vesten med ikkje berre størst variasjon, men også størst dialekttoleranse. Slagordet til Noregs Mållag: «Snakk dialekt, skriv nynorsk» har med andre ord hatt ein viss effekt.

Dialekt er ikkje berre ok, men også kult. Det har vore fleire kåringar i media, også her i NRK, på kva for dialekt som er vakrast.

Det nye digitale kvardagsspråket vert difor også brukt som ein kraftig identitetsmarkør.

Les også:

Spreier seg til det offentlege rommet

Dialektbruken variere rundt om i landet. Det er færre i Oslo som skriv dialekt enn det er i Trondheim. På opne sider på Facebook for kjøp og sal, ser ein stadig fleire annonsar med dialekt.

Annonsane kan gjerne starte med normert skrift, og gli over i dialekt når potensielle kjøparar går inn i dialog med seljaren, som her: «Har et bur frå før shø, men håpa herre va hakke større» (Trondheim).

Ein ser også annonsar der kjøparen skriv heile annonsen på dialekt: «Nåken som er interessert i billi vintersbil/pendlebil? Skal selle en» (Ørsta).

Sjølv om vi presenterer eit glansa bilete av oss sjølv, verkar altså det unormerte språket forsterkande, vi verkar spontane, avslappa, ekte og nær, litt som shabby-chic-møblar, som ser gamle og rustikke ut, men som er kjøpt på Skeidar.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør Allkunne.no

Dette kan tyde på at språkleg åtferd i privatsfæren er i ferd med å flytte seg også ut i det meir opne, offentlege rommet.

Eit trugsmål?

For oss som studerer og forskar på språk er dialektbruken på Facebook til både begeistring og ei viss uro. For kva vil skje med dei normerte skriftspråka? Språkrådet seier det er viktig at det normerte språket også vert brukt på Internett og i sosiale medium.

Enno veit vi ikkje om dialektbruk på sosiale medium på sikt fører til lågare språkkompetanse i normert skriftspråk. Men det vi veit, er at ein lærer språk ved å lese og skrive språk. Og normert nynorsk er det lite av på Internett. På norskspråklege sider er det om lag 7,7 prosent nynorsk (Grepstad 2010).

Dersom det er ei underliggjande årsak at språkbrukarane føler at det normerte skriftspråket er for trongt og for lite tilpassa kvardagsbruk, er det grunn til å ta det på alvor. Her trengst meir forsking.

Undersøkinga til Skog frå 2008 viser også at ungdom varierer språket etter som kven dei snakkar til og i kva for kanal. Ein og same person kan skrive normert bokmål, normert nynorsk, engelsk og dialekt om kvarandre.

Meistrar ulike språk

Dette tyder på at mange ungdomar er multilinguale. Ikkje berre meistrar dei ulike språk, men dei vurderer også mottakaren sin språkkompetanse og korleis dei best brukar språket for å nå fram med bodskapen sin.

I dag kunne Ivar Aasen har surfa på Internett og granska språkleg åtferd. Eg trur Aasen ville ha trykka «likar» på nyhenda om at ungdom er stolte dialektbrukarar.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør Allkunne.no

I Språkåret 2013 feirar vi all verdas språk og at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Aasen gjekk om lag 25 000 kilometer og samla inn ord og språk frå landet vårt. Han systematiserte dette og fann eit språk som låg nær talemålet: nynorsk.

I dag kunne Ivar Aasen har surfa på Internett og granska språkleg åtferd. Eg trur Aasen ville ha trykka ”likar” på nyhenda om at ungdom er stolte dialektbrukarar.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er utdanna journalist, og redaktør i Allkunne. Ho skriv masteroppgåve om dialekt på Facebook. Rotevatn er styremedlem i NRK.