Hopp til innhold
Kronikk

Oljelobbyisten

Eg jobbar i olja. Då eg høyrde Lan Marie Bergs tale på MDGs valvake, datt haka ned.

Lan Marie Berg

MDG og alle andre parti som vurderer å leggje ned oljebransjen, kva er eigentleg plan B? skriv kronikkforfattaren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Alle har me vel i kampens heite sagt ting me kanskje skulle heldt for oss sjølv. Eg kjenner også til det problemet.

Men då eg høyrde Lan Marie Bergs tale på MDGs valvake på tysdag, då datt haka ned.

Det er jo faktisk ikkje kvar dag me i oljebransjen vert skulda for å synast at det er greitt å øydelegge framtida.

I staden vel Berg å lange ut mot «oljelobbyistane».

I dagens kanskje viktigaste debatt, om vår felles framtid på jorda, vil det å stå saman om å finna løysingar på denne nærast uoverkommelege oppgåva som er klimakrisa, vere heilt uunngåeleg.

Dermed skulle ein tru at leiande politikarar ville oppmuntre til samarbeid, forsoning og ikkje minst lengt etter nettopp det: løysingar.

Men i staden vel Berg å lange ut mot «oljelobbyistane», då ho uttrykte at «me» må innsjå at tida då det var greitt å øydelegge framtida vår snart er forbi.

Ei slik polariserande haldning og framferd som Berg står for, gjer ingenting for å hjelpe klimaet.

For: Kven er desse oljelobbyistane?

Dersom ho refererer til Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass, er det for så vidt greitt, for lobbyisme er strengt tatt jobben hans.

Men er det ikkje slik at alle som har ein jobb, og som er stolte av jobben sin, er lobbyistar for si næring? Og kan ikkje dermed alle som er i oljerelatert arbeid med rette kjenne seg i skotlinja for denne uttalen?

Den trefte i alle fall meg.

Det er folk Berg snakkar om. Heilt vanlige folk. Kanskje til og med hennar eigne veljarar.

Eg lurer på om ho ville ordlagt seg likt om ho snakka til andre yrkesgrupper. For dette er folk ho snakkar om. Heilt vanlege folk. Kanskje til og med hennar eigne veljarar.

Eller kanskje ho ikkje har tenkt på at han som kokkelerer på ein plattform i Nordsjøen er opptatt av bymiljøet sitt. Eller at ho mekanikarlærlingen som held ved like undervassrobotar er opptatt av fugleliv og markagrenser.

Eller at eg bryr meg opp marin forsøpling.

Og som «oljelobbyist» kan eg berre på eigne vegne garantere at eg ikkje synest det er greitt å øydelegge framtida. Det gjer me ikkje i oljebransjen. Og om me hadde gjort det, hadde eg ikkje synest det var greitt.

Eg kan ikkje forstå at ho trur at nokon skulle meine det. Me som jobbar i oljebransjen er med på å skape reelle verdiar til samfunnet.

Det er det norske folk som gjennom stortingsval har bestemt at oljebransjen skal vinne ut ressursane på kontinentalsokkelen, ingen andre.

Så inntil det norske folk bestemmer seg for noko anna, vil det fortsetje.

Det er jo ikkje kvar dag me vert skulda for å synast at det er greit å øydelegge framtida.

Så, MDG og alle andre parti som vurderer å leggje ned oljebransjen; kva er eigentleg plan B? Kvar er den detaljerte konsekvensutgreiinga på kva dette vil gjere med samfunnet vårt?

Eller dei globale utsleppa?

Ei slik polariserande haldning og framferd som Berg står for, gjer ingenting for å hjelpe klimaet. Verken uteklimaet eller det mellommenneskelege.

Uteklimaet er heilt avhengige av nye teknologiske vedunder. Og gjett kven som jobbar i den kanskje mest teknologisk nyskapande næringa i Noreg?

Heilt rett - oljelobbyistane.