NRK Meny
Kronikk

Mistillitens Europa

Om ikkje europeiske politikarar høyrer betre etter, kan den populistiske bølgja for alvor koma. Både til høgre og venstre.

Potesterer mot EU

Greske venstreaktivister protesterer mot EU. Manglande tillit til det politiske etablissementet og til EU er ei viktig delforklaring i land der fløyparti veks, skriv forfattar og journalist Øyvind Strømmen.

Foto: Giannis Papanikos / Ap

Eg får stadig vekk spørsmålet: Fører økonomiske krisetider til at høgreradikalismen veks fram? Ofte verkar det som om dei som spør ventar seg eit bestemt svar, og at det svaret er ja.

Dømet som gjerne vert henta fram for å underbyggja påstanden om at økonomisk krise gir radikale krefter vekst, er Hellas. I løpet av dei siste åra har det tidlegare beint fram obskure partiet Xrysi Avgi, her heime kjent som Gyllent Daggry, vakse fram i landet.

Likevel er det fleire problem med å hevde, på bakgrunn av dette, at dei økonomiske krisetidene gir høgreradikale parti vekst generelt.

Hellas er eit unikt tilfelle

Det fyrste, og mest umiddelbare problemet, er at Hellas faktisk skil seg ut. Av dei fem landa som har slite mest i kjølvatnet av finanskrisa – Kypros, Irland, Portugal, Spania og Hellas – er det sistnemnde det einaste som har eit stort ultranasjonalistisk parti.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Gyllent Daggry er då også så ultranasjonalistiske at Front National står fram som beint fram moderate. Rett nok har venstreradikale parti gjort det betre i alle dei nemnde landa, unnateke Portugal.

Overdriven frykt

Det andre problemet er at ideen om høgreradikalismens vekst i Europa er – vel – noko overdriven. Europarlamentsvalet i fjor førte rett nok til at dei høgreradikale partia styrka seg i det europeiske parlamentet. Det kan tilskrivast eitt parti åleine, nemleg franske Nasjonal Front, som fekk heile 21 nye representantar. Ein såg også vekst for Dansk Folkeparti, austerrikske FPÖ og Sverigedemokraterna.

Ideen om høgreradikalismens vekst i Europa er – vel – noko overdriven.

Øyvind Strømmen

Men samstundes vart høgreradikale parti i fleire andre europeiske land svekka. I Belgia har Vlaams Belang slite i fleire år, i Italia tapte Lega Nord stort og i Storbritannia har British National Party gått dukken.

Både bulgarske Ataka og rumenske PRM fall ut av parlamentet. Når tyske NPD kom inn var det ikkje på grunn av stor oppslutnad, men grunna ei endring i valordninga som også brakte satirepartiet Die Partei til Brussel – med 0,64 prosent av stemmene.

Likt og ulikt sausast saman

For å teikna opp eit bilete av at høgreradikalismen stormar fram må ein inkludera dei populistiske rørslene United Kingdom Independence Party (UKIP) og Alternative für Deutschland (AfD) i den same kategorien.

Likt og ulikt må kort sagt blandast saman til ein saus, der høgreekstreme Gyllent Daggry, høgreradikale Front National og høgrepopulistiske AfD vert kokt i hop, og dei spesifikke nasjonale kontekstane hamnar i bakgrunnen.

Det tredje problemet er at høgreradikale parti ikkje fyrst og fremst veks i land prega av den økonomiske krisa, men heller i land som har sleppt billeg frå ho: Austerrike, Danmark, Sverige, Frankrike. Unnataket her er Ungarn, der krisa har råka hardt, og der det svært radikale partiet Jobbik – blant anna prega av antisemittisme – har gjort gode val.

Tillitskrise – ikkje økonomisk krise

Kva var så forklaringa når Gyllent Daggry kom ut av ingenting i gresk politikk? Svaret er at Hellas dei siste åra ikkje berre har vorte råka av ei økonomisk krise. Landet – eller rettare sagt dei etablerte partia i det som nesten var eit de facto topartisystem – er også råka av ei omfattande tillitskrise.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Denne tillitskrisa forklarer korleis Gyllent Daggry – eit parti knytt til både antisemittisme og vald, eit parti som opent proklamerer trua på ein «absolutt og genuin» nasjonalistisk revolusjon – fekk ein boost. Den forklarer også korleis venstreradikale Syriza har vakse så sterkt, den gjer det enklare å forstå samarbeidet deira med høgrepopulistane Frie Grekarar, og den gjer det enklare å forstå det greske folket sitt nei.

To ting til felles

Om ein let venstreradikale parti som Syriza liggja, og fokuserer på høgreradikale og høgrepopulistiske parti Europa over, vil ein oppdaga at mange av dei har to ting til felles. Det eine er eit negativt fokus retta mot minoritetar, i Vest-Europa gjerne muslimske innvandrarar, i Aust-Europa gjerne andre grupper. Mest allmenneuropeisk er nok mistilliten og hatet retta mot sigøynarar.

Det andre elementet er ein grunnleggjande og djuptgåande EU-skepsis ganske tydeleg uttrykt – til dømes – i ein av Dansk Folkeparti sin valplakatar frå nokre år attende. Der såg ein fem EU-flagg, eit dansk flagg og ein tekst som oppmoda ein til å finna fem feil.

Mest allmenneuropeisk er nok mistilliten og hatet retta mot sigøynarar

Øyvind Strømmen

Nesten overalt der fløyparti har gjort brakval finn ein at manglande tillit til det politiske etablissementet, og ikkje minst til EU, er ei viktig delforklaring. Det er sjølvsagt ikkje den einaste forklaringa. Det er til dømes neppe tilfeldig at dei to landa der ein har svært ytterleggåande ultranasjonalistiske parti av ein viss storleik, Hellas og Ungarn, også er land der undersøkingar syner at rasistiske haldningar er meir utbreidde.

Tillitskrisene er ikkje grunnlause

Økonomiske krisetider kan sjølvsagt spela inn i høve denne tillitskrisa. EU sine forsøk på å løysa problema for blant anna Hellas kan også nyttast effektivt av høgreradikale parti i meir velståande vesteuropeiske land.

«Sjå berre», kan dei seia, «korleis elitistane i Brussel tvingar oss til å betala pengar til dei korrupte og late grekarane». Det er ein retorikk som passar godt saman med fokus på EU som eit trugsmål mot nasjonal identitet.

«Sjå berre», kan dei seia, «korleis elitistane i Brussel tvingar oss til å betala pengar til dei korrupte og late grekarane»

Øyvind Strømmen

Samstundes er ikkje tillitskrisene alltid grunnlause. I blant burde europeiske politikarar faktisk høyra betre etter. Gjer dei ikkje det, kan den populistiske bølgja for alvor koma, både til høgre og venstre.

Øyvind Strømmen er forfattar av boka «Den sorte tråden: Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag»

Les også: