Matkrisa kjem – kanskje

Det kan vere at vi vaknar opp ein dag og ser at butikkhyllene er tomme for det vi vil ha. Sånt tenker eg på av og til når eg les nyheitene.

Illustrasjonsfoto av matvarer i butikkhylle.

«Om importen ein dag stansar står vi der og et saueribber og lam, til det er tomt. Produksjonen av kjøt må reduserast kraftig. Og så produksjonen av mjølk. Trekk frå frukt og grønt, og vi er tilbake til krigen,» skriv kronikkforfataren.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Denne teksten vart først framført i programmet Ytring på P2.

Terrorangrepet i Paris var ei skremmande hending. Grensene til Frankrike vart stengt. Så skaut tyrkarane ned eit russisk krigsfly.

Menneske er politikk, ideologi og identitet. Vi er intellektuelle, akademikarar, fagarbeidarar og jobbar i pressa. Ete gjer vi fordi elles blir vi sinte, svoltne og vanskelege. Dei fleste av oss har aldri opplevd matmangel, og dei færraste krig, men det kan vere ein ide å snakke om det likevel. Eit tankeeksperiment. Vi ser at grensene blir stengt for folk. Kva om dei blir stengt for mat? Korleis må vi tenke om eit uroleg Europa blir enda meir uroleg.

Vi ser at grensene blir stengt for folk. Kva om dei blir stengt for mat?

Anne Viken

Ekstremtørke

Eller enda meir sannsynleg. Kva om El Ninjo slår til med ekstremtørke i USA og Brasil, og enda verre, også slå til i Canada og Australia, alt neste år? Hav av kveite vil ligge som enorme slagmarker, Norge har ingen kornlager. Vi vil, ganske over natta, bli lågkarbo, alle mann.

Det har blitt harry å snakke om kva vi skal gjere for å sikre grunnleggande behov om ei tørkekrise, eller ein krig, skulle ramme oss.

Anne Viken

Men det har blitt harry å snakke om kva vi skal gjere for å sikre grunnleggande behov om ei tørkekrise, eller ein krig, skulle ramme oss. Det er sånt som Senterpartiet og Bondelaget snakkar om, og det gjer dei berre fordi dei vil ha meir pengar eller krangle med Trygve Hegnar, gjerne på Dagsnytt atten. Men dette blir ei kraftig forenkling. Bondelaget er diggar import, særleg import av mat til dyr og helst billegast mogeleg.

Ei veke utan Netflix

Så dette er saka: Mennesket er, punkt ein, biologi. Vi kan ha så mange appar på telefonen vi berre vil, men prøv deg ei veke utan mat, ei utan Netflix og ei på El Ninjo-diett. Føl på kva som var verst.

Men vi har kome så langt i Maslows behovspyramide at vi trur alt vi treng er netflixapp og eit visakort, så går verda rundt. Ja, rundt går den nok, med eller utan oss. Kloden stoppar ikkje uansett kor mange millionar som dør verken av meslingar eller matmangel. Tenk deg å gå på Rema og du får ikkje kjøpt mjølk fordi den siste kartongen vart kjøpt av den sinte barnlause gubben i køen framfor deg.

Prøv deg ei veke utan mat, ei utan netflix og ei på El Ninjo-diett. Føl på kva som var verst.

Anne Viken

Vi har sett folk slost mot zombiar i skrekkfilmar, og ei verd dekt av is. Å sjå føre seg framtidskriser i litterært og filmatisk form liker vi, «Hunger Games» er eit samfunn i kollaps og ein kinosuksess, men vi vil ikkje vere ein del av det.

Skjer ikkje med oss, seier du? Det veit vi aldri. Det er vanskeleg å spå.

Ikkje alt er kjøpbart

Norge har svært mykje pengar og kan kjøpe seg fram. Men mat er storpolitikk, systemet skjørt og El Ninjo ingen app.

Om importen ein dag stansar står vi der og et saueribber og lam, til det er tomt.

Anne Viken

Under krigen drog folk til bygda. Dette er i liten grad lenger ein mogleg for dei fleste av oss, med mindre ein skal tvinge seg på perifere femmenningar ein må leite opp i arkiv og bygdebøker. Å dele rom med grandtante Petra, ville vere verre enn å mangle mobildekning. Folk veit veldig godt skilnaden på spansk og italiensk skinke når dei flottar seg på Mathallen, men anar truleg ikkje at det meste av norsk matproduksjon avheng av import, mykje soya frå Brasil.

Kva om vi ikkje fekk importere?

Så kva om vi ikkje lenger fekk importere? Og då snakkar eg ikkje om franske ostar, eller nøkkelholsmerka pølser frå dansk la-MRSA-gris. Eg snakkar om kraftforet til dyra. Over seksti prosent av ingrediensane i dette er importert. Om importen ein dag stansar står vi der og et saueribber og lam, til det er tomt. Produksjonen av kjøt må reduserast kraftig. Og så produksjonen av mjølk. Trekk frå frukt og grønt, og vi er tilbake til krigen. Det same vil skje ved global kveitemangel.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook og @NRKYtring på Twitter.

Tomme butikkhyller

Realiteten er at det ligg ei halv verd mellom kvar maten til dyra kjem frå, og kvar dyra bur, det ligg eit hav mellom oss og kveite. Det ligg ei halv verd mellom pratet om norsk mat og realiteten. Ingen av oss er der når båtane med kraftfor og kveite klappar til kais. Men tenk om dei ein dag ikkje kom?

Sånt tenker eg på av og til når eg les nyheitene. Det kan vere at vi vaknar opp ein dag og ser at butikkhyllene er tomme for det vi vil ha. Skjer ikkje med oss, seier du? Nei, det håper eg verkeleg ikkje.

HØYR Ytring på radio – kvar søndag kl. 11.03 på P2 eller i nettradio når du vil.