Hopp til innhold
Kronikk

Husrom og hjarterom

Vi høyrer frå politikarane at kommunane manglar bustader til flyktningar. Viss det er det største problemet, kan vi gjere noko med det.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA Internally displaced refugees rest near their tents in Rihaniyya camp, near the Syrian-Turkish border in Jabal al-Turkman, Latakia province

Syriske flyktningar bur i telt i ein leir ved den tyrkisk-syriske grensa. Vi kan skaffe husrom til mange fleire her i landet viss vi leiter aktivt etter ledige bustader, hevdar kronikkforfattaren.

Foto: KHALIL ASHAWI / Reuters

Gong på gong får vi vite at det er mangelen på bustader som stoppar Noreg frå å ta imot flyktningar. På norske asylmottak sit fem tusen menneske med opphaldsløyve og ventar på å starte på nytt i ei norsk kommune. Desse sit der fordi for mange kommunar seier dei ikkje har bustader til flyktningane.

Like ofte blir vi minte om at ein gigantisk flyktningtragedie utspelar seg på Middelhavet. Millionar av syrarar er på flukt internt i landet og i nabolanda.

Vi ser og høyrer, vi bidrar kanskje litt økonomisk til hjelpeorganisasjonane som er til stades, men kjenner oss makteslause og ute av stand til å gjere noko meir.

Viss vi set fantasien og viljen i sving, kan vi gjere veldig mykje meir!

HØR: Kari Bergset om boligaksjonen i NRK Ukeslutt

Dugnad for husrom og hjarterom

Har du ei tante Agathe som brukte å leige ut hyblar, men no står hybelavdelinga tom fordi ho ikkje kunne leve med så mykje nachspielbråk? Veit du om ei leilegheit som står ledig hos Ola og Kari fordi dei ikkje treng pengane frå leiga lenger? Har Per og Mari i nabohuset slutta å leige ut gamlehuset til turistar?

Viss vi set fantasien og viljen i sving, kan vi gjere veldig mykje meir!

Kari Bergset

Kva om vi snakka med desse om å gjere noko anna i 4 år?

Tenk om dei forstod at ved å leige ut huset, leiligheta eller hybelavdelinga til kommunen i ein periode, kunne dei gjere akkurat det som trengst for å redusere tragediane på Middelhavet og flyktningkatastrofen i Midtausten. Dersom mange nok av desse huseigarane kontaktar kommunen og tilbyr ei leigekontrakt øyremerka flyktningar, kan ikkje kommunen vegre seg lenger på grunn av mangel på hus medan dei set i gong bygging av permanente bustader.

ITALY-SEA-REFUGEES-IMMIGRATION

12. april: Den italienske kystvakta i ein av mange redningsaksjonar for å berge flyktningar på ein overfylt båt.

Foto: - / Afp

Dette er ikkje eit forslag om å plassere flyktningar verken langt til skogs eller høgt til fjells slik vi gjorde på 90-talet. Eg trur at mange slike bustader hos tante Agathe og dei andre finst i gang- eller sykkelavstand frå matbutikk eller i nærleiken av vegar der det går buss nokre gonger for dag. Eg trur at ein slik husrom- og hjarterom- dugnad kunne gje rom for dei fem tusen som ventar. Og ikkje minst til ti tusen av dei som er i desperate situasjonar lenger borte, og som stortingsfleirtalet no ser ut til å ville ta imot, sjølv om statsministeren meiner det er urealistisk. På grunn av mangel på bustadar.

Det trengst meir enn husrom for at flyktningar skal sette bu på ein god måte. Bemanning av flyktningtenesta, gode opplegg i skulen, barnehageplassar og introduksjonsprogram med norskopplæring kjem ikkje av seg sjølv. Men vi må legge til grunn at staten framleis yter midlar i form av ein viss sum pr. person kommunen tek imot. Dei som svarar på kommunen sine vegne peiker oftast på bustadmangelen som det største problemet.

Det kan løysast.

Vi var med!

Om 30 år, når historiebøkene skal ha eit kapittel om den største flyktningkatastrofen sidan andre verdskrigen, om dei mange som aldri kom over Middelhavet og om Europa sine stengde grenser, kan du seie til barnebarna dine:

Ja, vi var med. Vi gav dei ei hjelpande hand, vi var med på aksjonen for å leite fram dei gøymde og gløymde bustadane. Vi hjelpte tante Agathe å gjere klar hybelavdelinga si, eller tipsa Ola og Kari om ideen og hjelpte dei å vurdere kva utstyr som skulle til for at leiligheta kunne leigast ut. hjelpte Per og Mari med å ringe til kommunen og tilby utleige av huset, for dei kvidde seg for å gjere det på eiga hand.

Ja, vi var med. Vi gav dei ei hjelpande hand, vi var med på aksjonen for å leite fram dei gøymde og gløymde bustadane.

Kari Bergset

I tillegg til gleda ved å vere med, trur eg at tante Agathe, Ola og Kari, Per og Mari vil få mange verdifulle stunder dei ikkje kunne førestille seg på førehand.

Ei rik oppleving

Her snakkar eg av erfaring. Fram til for to år sidan leigde vi ut hyblar i kjellaren til elevar ved vidaregåande skule. Det var så greitt, for då hadde vi heile eigedommen for oss sjølve om sommaren. På eit tidspunkt måtte vi gjere nokre bygningsmessige endringar, og då dukka ideen opp:

Kva om vi innlemmar eit rom til i leigearealet og spør kommunen om dei er interessert i ei leilegheit til flyktningar?

Vi har fått del i erfaringar vi ikkje kunne førestille oss.

Kari Bergset

To år seinare har vi erfaring som vertskap for to ulike familieeiningar etter kvarandre, frå to ulike kontinent. Vi har hatt mykje kontakt. Det var etter vårt ynskje, og vil kanskje ikkje passe for alle, men behovet for å ha eigedomen for oss sjølve om sommaren har kome heilt i bakgrunnen.

I staden har vi fått kunnskap og innsikt det elles ikkje ville vere mogleg å tileigne seg.

Dei kjem vi no til å dele på ei Facebook-gruppe vi opprettar for dette formålet.

Vi har fått del i erfaringar vi ikkje eingong kunne førestille oss. Vi har lært å lage matrettar vi ikkje kunne ha lese oss til.

Og vi har vorte mange smil, tårer, latterkuler og varme samtaler rikare.

Det hjelper då litt, nokre få forfrosne, at du er varm. (Frå Tung tids tale, Halldis Moren Vesaas, 1945)

Så no spør eg deg: Kjenner du tante Agathe, Ola eller Kari, Per eller Mari?

Eller er du ein av dei sjølv?

Asylborna er ikkje så mange, men har kraft til å true eit heilt regjeringssamarbeid. Millionar av menneske på flukt frå krig og naud i Syria har ikkje same krafta. Det må vi rett og slett ta ein debatt om. Direktesendt debattprogram med programleder Ingunn Solheim.