Hopp til innhold
Kronikk

Heia England, dei er verst!

Dei er verdas beste på å ryke ut på straffer. Men denne gongen er det håp. Før England sparkar i gang sitt VM mot Italia på laurdag, har nemleg ingen tru på Three Lions.

SPORT SOCCER WORLD

Alle som er heilt på snittet interessert i VM-fotball, veit at England hanglar seg gjennom nokre kampar før dei ryk ut på straffe, skriv Line Oddekalv. Biletet viser engelske spelarar etter at dei tapte straffesparkkonkurranse mot Portugal i fotball-VM i Gelsenkirchen i 2006.

Foto: KAI PFAFFENBACH / REUTERS

Mangel på press høyrest kanskje ikkje ut som noko positivt på ei fotballbane. For dei engelske fotballhåpa kan det likevel vere nettopp dét som bidreg til å snu eit nærast forlist VM-skip.

Det har vore beint fram ganske vondt å ha engelske sympatiar i meisterskapssamanheng. Å heie på England i VM er for eksempel mykje meir frustrerande enn å vere Liverpool-supporter. Litt fordi mine raude heltar alltid har «neste sesong» å prøve seg på etter å ha snubla. Og fordi der Pool har spelt som elleve versjonar av Dr. Jekyll og Mr. Hyde, og bydd på berg- og dalbane-opplevingar som gir konstant høg puls, har Three Lions berre levert stabilt dårleg.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Magre VM-år

Alle som er heilt på snittet interessert i VM-fotball, veit at England hanglar seg gjennom nokre kampar før dei ryk ut på straffe. Dei engelske løvene har vore Støttepasning United med siktet skrudd to hakk for langt ein eller anna veg. Og dei mange nordmennene med anglofile fotballkjensler har rive seg i håret. Meg inkludert.

David Beckham blir utvist mot Argentina i VM i 1998

David Beckham blir utvist mot Argentina i VM i 1998.

Foto: DENIS DOYLE / AP

Etter semifinala i 1990 (der Waddle og Pearce missa i straffesparkkonkurransen mot Tyskland) har det gått rakt åt skogen, i alle fall målt opp mot forventningane. (Som jo uansett er skyhøge; fotballen skal heim, osv. Uansett kor urealistisk det er.)

LES OGSÅ: Her er dei 11 største VM-sjokka – og litt ekstra

Premier League har vore ein av verdas sterkaste ligaer i mange år. Landslagsfotballen har på ingen måte spegla dette. Skuld gjerne på importen og dårleg satsing på eigne ungdomsakademi. Uansett kva det skuldast, har det vore magre VM-år.

Alle som er heilt på snittet interessert i VM-fotball, veit at England hanglar seg gjennom nokre kampar før dei ryk ut på straffe.

Line Oddekalv

I 1994, då til og med Noreg var med i USA, måtte engelskmennene sjå meisterskapen på TV. I 1998 var det stopp i andre runde. Kvartfinalane i 2002 og 2006 enda begge med tap, det siste på klassisk engelsk vis; på straffesparkkonkurranse.

Det svei så inderleg. Eg sat i ein biergarten i Berlin og såg Lampard, Gerrard og Carragher bomme i tur og orden. Ikkje no igjen! Tre av tre moglege tap på straffespark. (Italia har også tapt tre, men dei har i det minste vunne éin gong, og står med tre tap på fire forsøk.)

LES OGSÅ: Stjernene som aldri har lyktes i VM

Kvifor ikkje Belgia eller Ghana?

Så kva er det med England som gjer at eg likevel ikkje forkastar dei for sambafotball, tysk lagmaskineri eller nyare favorittar, som Belgia eller Ghana? Når eg ikkje får vakker fotball, medgang eller nasjonalkjensle?

Enkelt. Kjærleiken til engelsk ball vart vekka då eg fekk barne-tv-snopet mitt til tippekampen i tidlege år. Før Liverpool vart laget, likte eg like gjerne både dei, Arsenal OG Tottenham. (Lite visste eg at det eigentleg ikkje går an.) Det var engelsk fotball som var greia.

Så kva er det med England som gjer at eg likevel ikkje forkastar dei for sambafotball, tysk lagmaskineri eller nyare favorittar, som Belgia eller Ghana?

Line Oddekalv

Og så har det vore herleg ærleg. Lite hårband, filming og uthaling av tid; sjølv om også engelske stjerner har tilpassa seg den moderne fotballen på godt og vondt, inkludert forkasting av svarte støvlar. Når eg i tillegg har mangla eit Noreg å heie på, har det blitt England.

LES OGSÅ: Disse VM-stjernene har mest på spel

Ein fest har det altså ikkje vore. Three Lions har halde fram med å sette rekordar, berre ikkje slike ein vil ha. I Sør-Afrika i 2010 kvitterte «mine» menn ut med historisk lågmål; 13. plass og 4-1-tap for erkerival Tyskland. Då nærmar det seg faretruande botn. Og det er kanskje difor eg kjenner eit gryande håp no, under leiing av Roy Hodgson, av alle. Ikkje berre er halve laget Liverpool-spelarar. Dei raude har satsa ungt og engelsk, og det kan landslaget nyte godt av i år.

Dessutan: Ingen, inkludert eige forbund, har tru på England i Brasil. Kanskje det er det som skal til for at Premier League-stjernene skal blomstre, også i landslagsdrakta?

Se kampen mellom England og Italia her.

Det er mogleg!

Klarar England karre seg vidare frå den tøffe avdeling D, der både Italia og Uruguay er gode nok til å sette ein stoppar for VM-eventyret før det har byrja, og Costa Rica ville vore eit klassisk bananskal, kan mykje vere gjort.

Dersom ein leitar, er det mykje oppmuntrande å finne for det engelske håpet.

Line Oddekalv

Med avansement ventar lag ein eller to frå gruppe C, beståande av Hellas, Japan, Elfenbenskysten og Colombia i åttedelsfinala. Eg kjenner at det er mogleg!

LES OGSÅ: Dette gir England «håp» om VM-gull

Ta med at førehandsfavoritt Brasil har kjempepress frå heimepublikumet, og at fleire av verdas beste fotballspelarar har hatt kronglete oppkøyring. Luis Suarez er kneoperert, Cristiano Ronaldo hanglar og Lionel Messi har fått tøff medfart den siste tida. Franck Ribery er ute. Neymar har slått seg.

Dersom ein leitar, er det mykje oppmuntrande å finne for det engelske håpet. Også i statistikken. Den kan som kjent brukast akkurat slik ein ønskjer det. For eksempel har Three Lions 100 prosent utteljing på finalesigrar. (Dei har berre vore i éin, på heimebane i 1966.)

Så no gjeld det berre å kome seg til Estadio Maracanã i Rio de Janeiro 12. juli.

Everyone seems to know the score
They've seen it all before
They just know, they're so sure
That England's gonna throw it away

Three Lions, Baddiel & Skinner & Lightning Seeds