Hopp til innhold

Her er dei 11 største VM-sjokka – og litt ekstra

Nord-Korea mot Italia i 1966? USA mot England i 1950? Senegal mot Frankrike i 2002? Eller Norge mot Brasil i 1998? Det blir alltid sjokkresultat i VM. Her er vår liste over dei største. Er det andre du meiner bør inn på lista?

Pak Doo Ik

Her scorar Pak Doo Ik mot Italia på Ayresome Park i Middlesbrough i 1966 og skaper den største sensasjonen i VMs historie.

Foto: Central Press / Getty Images

Følg Brasil-Kroatia direkte fra kl. 22.00!

  • 1. Nord-Korea–Italia 1966

Det var så vidt Nord-Korea fekk sleppe inn i England til VM. Det fanst ikkje diplomatisk samband mellom dei to landa, og koreanarane sleit med å få visum. Det ordna seg til slutt, og dei kortvaksne, tekniske og kjappe koreanarane vart publikumsyndlingar.

I siste gruppekamp måtte dei slå mektige Italia for å gå vidare. Italia fann aldri skikkeleg ut av den koreanske taktikken. Nord-Korea fekk stadig meir støtte frå tribunen i Middlesbrough, og vart stadig farlegare. Pak Doo-Ik smelte inn leiarmålet frå kanten av 16-meteren tre minutt før pause. Det heldt til ein sensasjonell siger og avansement til kvartfinalen. På Italias kostnad.

Skamma var så stor for italienarane at heimreisa gjekk til ein liten avsidesliggande flyplass der dei landa midt på natta. Men det hjelpte ikkje: Mottakskomiteen var på plass likevel, væpna med betydelege mengder egg og tomatar.

Nord-Korea på si side var på god veg mot ein ny sensasjon då dei leia 3–0 over Portugal i kvartfinalen. Men Eusebio klarte dei ikkje å handtere. Han snudde kampen nesten på eiga hand med fire mål, og Portugal vann 5–3.

  • 2. USA–England 1950

Joe Gaetjens

Haiti-fødde Joe Gaetjens scorar mot England, og USA vinn 1–0. Heme England trudde dei det var trykkfeil i telegramma frå Brasil.

Foto: Ap

Englands VM-fiaskoar kan åleine fylle minst ei topp 10-liste, men den første var nok den største. England hadde for første gong bestemt seg for å stille opp i VM for å vise verda kven som eigentleg var best.

Dei slo Chile i første kamp utan vanskar, før USA var motstandar i den neste. USA, der dei knapt visste kva ein rund fotball var, og der alle var sanne amatørar. England stilte med den tids stjernelag med Stan Mortensen, Tom Finney, Billy Wright og Alf Ramsey. Den aller største stjerna var likevel ikkje med – Stanley Matthews skulle kvilast til vanskelegare kampar seinare.

Så gjekk alt gale. Joe Gaetjens – ein Haiti-fødd mann som jobba som oppvaskar – stupheada inn det som skulle bli kampens einaste mål for USA. Og i mål spela keeper og gravferdsagent Frank Borghi sitt livs kamp.

Då telegramma tikka inn i avisredaksjonane heime i England, trudde redaktørane det var ein feil. England vann 10-1, skal ei av avisene ha skrive. Så sikre var dei på at det var ein trykkfeil i telegrammet.

Men for ein av spelarane skulle det gå godt til slutt likevel. Alf Ramsey var landslagssjef då England vann VM 16 år seinare.

  • 3. Vest-Tyskland–Ungarn 1954

vest-tyskland - ungarn

Underet i Bern: Helmut Rahn set inn 3–2 mot Ungarn i sjølvaste finalen i 1954.

Foto: AP

Dei to laga hadde heilt ulikt utgangspunkt då dei møttest til finale denne regnvåte dagen i Bern. Ungarn var udiskutabelt best i verda – dei hadde ikkje tapt på meir enn 30 kampar på over fire år. Vest-Tyskland hadde fått vere med i internasjonal fotball først i 1951 etter krigsoppgjeret. Og då dei møttest i gruppespelet. hadde Ungarn vunne 8–3.

I finalen tok også Ungarn leiinga 2–0 etter åtte minutt. Men ti minutt etterpå hadde Vest-Tyskland utlikna. Og seks minutt før full tid sende Helmut Rahn tyskarane i leiinga. Ferenc Puskas trudde han hadde utlikna to minutt før full tid, men etter lange diskusjonar mellom dommar og linjemann vart målet annullert.

«Mirakelet i Bern» var fullført. Vest-Tyskland hadde sensasjonelt teke VM-gull mot laget som ikkje hadde tapt på fire år, og som ikkje skulle tape igjen før etter opprøret og den etterfølgjande sovjetiske invasjonen over to år seinare. Eitt einaste tap på seks år – men det var VM-finalen.

  • 4. Algerie–Vest-Tyskland 1982

Algerie - Vest-Tyskland

Algerie sjokkerte alle ved å slå Vest-Tyskland i 1982.

Foto: Scanpix / AFP

Afrika hadde stadig vist framsteg i VM på 70-talet, men ikkje noko afrikansk lag hadde avansert frå gruppespelet. Algerie skulle prøve seg for første gong, og fyrte av ei skikkeleg bombe på første forsøk.

Motstandar i opningskampen var sjølvaste Vest-Tyskland, for første gong i eit VM leia av Jupp Derwall, og kom dit som regjerande europameister. Men tyskarane fekk meir enn nok av innsatsfylte afrikanarar.

Rabah Madjer sende Algerie i ein sensasjonell leiing ti minutt etter pause. Den tyske maskinen såg ut til å få kampen på normalt spor då Karl-Heinz Rummenigge utlikna. Men Lakhdar Belloum stakk gjennom og sende Algerie i leiinga igjen berre sekund seinare, og det sjokket kom tyskarane aldri heilt over.

Legg så til at keeper Mehdi Cerbah spela sitt livs kamp, og dermed var sensasjonen eit faktum: Mektige Vest-Tyskland hadde tapt for debutanten.

I hovudstaden Alger gjekk folk av hengslene. Algerie slo seinare Chile 3-2, men avansement vart det likevel ikkje. Årsaka til det var skandalekampen i siste runde der Vest-Tyskland og Austerrike spela på resultat av felles interesse og skvisa Algerie ut av VM.

  • 5. Aust-Tyskland–Vest-Tyskland 1974

Jürgen Sparwasser (t.v.) scorer vinnermålet mot Vest-Tyskland i 1974.

Scoring med politiske overtonar: DDRs Jürgen Sparwasser scorar det einaste målet i det einaste møtet mellom dei to tyske statane.

Foto: Scanpix / AFP

Tyskland var delt i aust og vest frå 1949 til 1990. I løpet av alle desse åra møttest landa berre ein gong, i siste gruppekamp i VM i 1974, på vesttysk grunn i Hamburg. Heilt frå trekninga var denne heiltyske kampen sett fram imot med enorm interesse.

Før kampen var det allereie klart at begge kom til å gå vidare. Men prestisjen og dei politiske overtonane var i aller høgaste grad til stades. Vest var storfavoritt og hadde støtte av nesten alle dei 60.000 på tribunane. Berre 1700 hadde fått lov å reise gjennom jernteppet frå Aust-Tyskland.

Vest styrte spelet før pausen. Gerd Müller trefte stolpen i første omgang. Men Aust var slett ikkje mindre farlege. Likevel var sjokket stort då Jürgen Sparwasser 11 minutt før slutt dundra ballen i mål bak keeper Sepp Maier. Aust vann dermed det einaste møtet i historia mellom dei to tyske statane.

Dei vann også gruppa og vart løna med den tøffaste gruppa i mellomspelet. Vest-Tysklands tap førte til at dei unngjekk både Brasil og Nederland i mellomrunden. Og dei gjekk heilt til topps i VM 1974.

Men tapet for naboen i aust svei stygt.–Men eg kan med ein gong seie at vi ikkje tapte med vilje, var det første Vest-Tysklands landslagssjef Helmut Schön sa på pressekonferansen etterpå.

  • 6. Uruguay–Brasil 1950

Alcides Ghiggia

Målet som gav mektige Brasil varig mein: Alcides Ghiggia gir Uruguay sigeren på Maracanã i 1950.

Foto: Anonymous / Ap

Dette var finalen – eller meir presist den avgjerande kampen i finalegruppa – mellom heimelaget Brasil og den vesle naboen i sør. Brasil var så store favorittar at avisene allereie før kampen hadde trykt lagbilete med teksten «verdsmeister 1950».

Framfor 200.000 tilskodarar på Maracanã stadion tok Brasil leiinga tidleg i andre omgang. Men Uruguay utlikna, og Alcide Ghiggia lurte keeper og sette inn sigersmålet for Uruguay 11 minutt før slutt. Dei 200.000 sat heilt stille og trudde ikkje det dei såg. Uruguay – med eit folketal mindre enn Rio – hadde slått favoritten. På Maracanã.

Nederlaget sette varige spor i Brasils sjel. Sjølv om landet har vunne VM fem gonger sidan, er såret frå 16. juli 1950 enno ikkje heilt grodd. Keeper Moaycr Barbosa vart utpeika som syndebukk og vart aldri tilgitt før sin død.

  • 7. Senegal–Frankrike 2002

senegal frankrike

Papa Bouba Dioup gir den tidlegare kolonien Senegal sigeren mot kolonimakta Frankrike i opningskampen i 2002.

Foto: SHAUN BEST / REUTERS

Dette var opningskampen i meisterskapet. Frankrike var regjerande verdsmeister frå 1998 og europameister frå 2000, og ein av favorittane til å ta eit nytt VM-gull i Japan og Sør-Korea med eit mannskap som på papiret var klart sterkare enn førre gong.

Senegal – tidlegare fransk koloni – var VM-debutant, og «alle» venta nærmast massakre. Men Senegal tok franskmennene på senga med innsatsen sin. Etter ein halvtime spela Senegal seg gjennom det stilleståande franske forsvaret, og Papa Bouba Dioup etter ein retur frå keeper Fabien Barthez. Frankrike klarte aldri å svare, og den største sensasjone i ein VM-opningskamp var eit faktum.

Frankrikes nedtur heldt fram med 0–0 mot Uruguay og tap for Danmark. Null mål og første fly heim for tittelforsvararen.

  • 8. Kamerun–Argentina 1990

Argentina kom til Italia som regjerande meister og skulle spele opningskamp. Motstandar var Kamerun, laget som vart slått ut utan tap åtte år tidlegare, i det einaste VM dei hadde bak seg. Og Argentina hadde framleis Diego Maradona som kaptein. Ingen tvil om kven som var favoritt.

Men Argentina verka rustne og fekk ikkje spelet til å gli. Kamerun, med 38 år gamle Roger Milla på laget, kjempa godt, så godt at dei fekk ein mann utvist eit kvarter etter pausen. Det tente dei ti andre på laget, og seks minutt seinare sjokkerte Francois Omam-Biyik fotballverda ved å score.

Resten av kampen vart ryggen mot veggen for Kamerun. Rett før slutt fekk dei endå ein mann utvist, men heldt unna og vann. Argentinarane forlèt bana i gråt.

–Å score første målet i VM har eg drøymt om lenge, jubla Biyik. Kamerun blei kjæledeggane i VM i Italia, og skulle etter kvart kome til kvartfinalen som det første laget frå Afrika nokonsinne. Men Argentina gjekk heilt til finalen.

  • 9. Bulgaria–Tyskland 1994

Iordan Letchkov

Iordan Letsjkov har nettopp scora sigersmålet mot storfavoritt Tyskland.

Foto: Michael Probst / Ap

Bulgaria – laget med fire sluttspel bak seg, men utan siger på 17 sluttspelkampar. Men det var før 1994. Då hadde dei slått seg heilt til kvartfinalen der mektige Tyskland venta. Dei hadde vunne 15 av dei tidlegare 17 kampane mot Bulgaria.

Bulgaria stod greitt imot den tyske maskinen i første omgang, men berre to minutt etter pausen fekk Tyskland straffe, som Lothar Matthäus lett omsette til 1–0.

Men Bulgaria hadde eksentriske Barcelona-stjerne Hristo Stoitsjkov. Han snudde kampen nesten på eiga hand. På eit frispark han sjølv hadde skaffa seg 20 meter frå mål, skrudde han ballen over den tyske muren og inn i hjørnet. Og berre to minutt seinare stupheada Iordan Letsjkov inn 2–1. Bulgaria var i ein sensasjonell VM-semifinale.

– Dette må vere ein av dei største dagane i Bulgarias historie, sa ein rørt og gråtkjøvd bulgarsk landslagssjef Dimitar Penev. Han kunne ikkje fått ein betre presang på 49-årsdagen.

  • 10. Nord-Irland–Spania 1982

Nord-Irlands lag var stort sett samansett av spelarar frå nivå to og tre i den engelske ligaen. Ingen hadde forventningar, og skuldrene var tilsvarande senka.

Vonde tunger sa at dei tok VM-turen som ein godt betalt ferie. Men innsatsen kunne ingen klage på. Uavgjort mot Jugoslavia i første kamp var godkjent, uavgjort mot Honduras i den neste var det ikkje. Dermed var berre siger mot heimelag og storfavoritt Spania godt nok til å gå vidare.

Men det spanske spelet var puslete og ineffektivt, og dei matcha ikkje den nord-irske innsatsen og kampviljen. Gerry Armstrong var på rett plass då keeper Arconada gav ein retur og sette inn 1–0 til Nord-Irland to minutt etter pause. Mal Donaghy vart utvist ein halv time før slutt etter krangel om eit innkast, men heller ikkje det klarte Spania å utnytte.

Nord-Irland kjempa seg til ein siger dei sjølve ikkje klarte å tru på med det same, og vann gruppa. Også Spania gjekk så vidt vidare.

  • 11. Sør-Korea–Italia 2002

Sør-Korea - Italia

Ahn Jung-wans golden goal som set Italia utanfor i VM i Korea i 2002. For det fekk han – iallfall for ei stund –sparken i sin italienske klubb Perugia.

Foto: Greg Baker / Ap

Vertslandet Sør-Korea var ikkje løyvd mange sjansar i VM, men hadde under sin rutinerte og meritterte trenar Guus Hiddinck kome seg til åttedelsfinale der Italia var motstandar.

Italienarane var storfavorittar, og ingen ante kva som venta då Christian Vieri sende Italia i leiinga etter 18 minutt. Men så annullerte den ecuadorianske dommaren Byron Moreno eit italiensk mål – heilt feilaktig, viste tv-bileta. To minutt før full tid fekk Korea straffe, også kontroversielt dømt, som Seol Ki-Hyeon scora på.

I ekstraomgangane vart Italias Fransisco Totti utvist, og Ahn Jung-wan scora sigersmålet på «golden goal» tre minutt før ekstraomgangane var over. Ahn spela for den italienske klubben Perugia, men Perugias president reiv kontrakten hans i stykke.

– Eg betaler ikkje løn til nokon som trekkjer italiensk fotball ned i skiten, sa han.

Eit par dagar etterpå angra han, men då var det Ahn som sa nei.

– Eg spelar ikkje for nokon som angrip min karakter i staden for å rose meg for å ha scora i VM, sa Ahn, som heldt fram karrieren i japanske Shimizu. Sør-Korea slo Spania i kvartfinalen før dei tapte for Tyskland i semifinalen og Tyrkia i bronsefinalen.


Reservebenken

  • 12. Sveits–Spania 2010

Spania var regjerande europameister, hadde berre eitt tap på sine siste 30 kampar, og var storfavoritt. Kampen opna også med sterkt spansk press. To gonger small ballen i stengene, og mange gonger måtte Sveits’ keeper Diego Benaglio levere redningar i toppklasse.

Sveits hadde to sjansar i kampen. Den eine gjekk i stolpen, den andre var då Gelson Fernandes lurte Spanias keeper og trilla ballen i mål sju minutt etter pause. Spania gjorde alt anna enn å score. Då kampen var over, hadde dei framleis ikkje funne nokon veg forbi Benaglio.

Sjokket var stort: Skulle Spania ryke ut alt i første hinder? Nei, dei vann gruppa og med 4 x 1–0 i utslagskampane tok dei sin første VM-tittel. Sveits, derimot, kom ikkje vidare.

  • 13. Costa Rica–Sverige 1990

1-2, 1-2, 1–2. Det var Sveriges taktfaste resultat i VM i Italia. Sverige var einaste nordiske land som deltok, men dei hadde rekna med gode sjansar til avansement under leiing av tidlegare Vålerenga-trenar Olle Nordin.

Gruppa var ikkje så vanskeleg. Det opna også bra, med «heiderleg» tap mot Brasil. Tapet for Skottland var vanskelegare å svelgje, men sjansen var der framleis med siger mot vesle Costa Rica i siste kamp. Det begynte bra. Sverige skapte mange sjansar i første omgang, og Johnny Ekström scorar etter ein halvtimes spel. Sverige hadde framleis sjansen. Men det gjekk tråare og tråare for svenskane utover i andre omgang, og etter kvart vart det viktigast å halde på leiinga.

Det gjekk heller dårleg. Roger Flores utlikna med eit kvarter igjen, og Hernan Medford gav VM-debutant Costa Rica leiinga to minutt før fløyta gjekk. 1–2 for tredje gong, og null poeng.

Trenaren fekk tilnamnet «Nollan» Nordin, og dei blågule måtte ta første flyet heim. Costa Rica tok seg derimot til åttedelsfinale på kostnad av både Skottland og Sverige.

  • 14. Saudi-Arabia–Belgia 1994

Saeed Owairan

Saeed Qwairan jublar etter den fantastiske scoringa som gir siger over Belgia.

Foto: OMAR TORRES / Afp

Dette var siste runde i gruppe F, og Belgia hadde vunne begge sine kampar hittil, inkludert 1–0 over nabo og erkerival Nederland. Saudi-Arabia var VM-debutant.

I 40 graders varme i Washington skulle Beliga spare på kreftene frå kampstart. Derfor reagerte ingen då Owairan fekk ballen på eigen halvdel, gjekk 70 meter åleine og scora etter berre fire minutt – Belgias første baklengsmål.

Då belgiarane forstod teikninga og tok opp jakta, var det for seint. Resten av kampen forsvarte arabarane seg med sju-åtte mann inne ved eigen 16-meter og heldt unna. 1–0 heldt til åttedelsfinale, og Owairan vart heidra av kongen då laget kom heim.

To år etterpå vart han derimot ferska då han drakk alkohol i red light-distriktet i Kairo under ramadan, og helteglorien bleikna kraftig i heimlandet.

  • 15. Tunisia–Mexico 1978

Afrika kom med i VM allereie i 1970 (pluss eit gjestespel av Egypt i 1934), men afrikanske lag hadde aldri vunne ein VM-kamp før Tunisia møtte Mexico i første kamp i gruppespelet i 1978.

Motstandar var Mexico, eit rutinert lag med mange VM bak seg. Og historia såg enno ein gong ut til å gå Afrika imot. Vasquez sende Mexico i leiinga på straffe like før pause. Men denne gongen kom Afrikas representant tilbake, svært godt støtta av 30.000 på tribunane i Rosario – eit publikum som forstod at dei kunne oppleve noko historisk.

Tidleg i andre omgang utlikna Ali Kaabi på ein hard markkrypar, og ti minutt før slutt sende Nejib Gommingh Tunisia i føringa. Mexico kasta alt framover og hadde sventyrlege sjansar til utlikning. Men to minutt før slutt kontra Mokhtar Dhouieb inn 3–1 til ellevill glede for millionar framfor tv-apparata i Nord-Afrika.

  • 16. USA–Portugal 2002

usa portugal

Brian McBride set inn første målet mot Portugal.

Foto: ELISE AMENDOLA / AP

USA–med berre eitt mål og null poeng frå VM fire år tidlegare–kom til VM med eit ungt og ukjent lag, og ingen rekna med dei mot rutinerte Portugal. Men amerikanarane tok portugisarane fullstendig på senga med høgt tempo frå start, og etter berre tre minutt gav John O’Brian USA 1–0. Og det stoppa slett ikkje der. Jorge Costa laga sjølvmål og Brian McBride la på til 3–0. Og då var det framleis ti minutt att til pause.

Beto reduserte rett før pausen, men det venta portugisiske stormløpet i andre omgang kom aldri. Jeff Agoos, sjølvmål–på eit vakkert volleyskot–gav rett nok Portugal nytt håp, men nærmare kom ikkje det portugisiske laget, som vart slått ut etter gruppespelet.

USA gjekk vidare, slo Mexico i åttedelsfinalen før det vart stopp mot Tyskland i kvartfinalen.

  • 17. Peru–Skotland 1978

– Vi kan ta medalje i VM, sa Skottlands landslagssjef Ally McLeod før Skottland reiste til VM i Argentina. Han kunne få rett, for Skottland hadde sitt kanskje beste lag nokonsinne.

Dei var best av dei britiske laga på den tid, med stjerner som Joe Jordan, Graeme Souness, Archie Gemmill og Kenny Dalglish. Så tryna dei i første hinder. Ein krangel om VM-bonusar hadde splitta troppen, men Peru burde vere ein overkomeleg motstandar likevel.

Skottane stilte. Og Jordan gav Skottland 1–0 tidleg. Men Cesar Cueto utlikna før pausen, og Skottland brende straffe tidleg i andre omgang. Og Peru hadde ei ukjend stjerne. Teofilo Cubillas hadde få – iallfall i Europa – høyrt om før.

Han tok personleg over midtbana og styrte troppane sine perfekt. Det var nettopp Cubillas personleg som knuste skottane – først med eit dundrande skot frå 20 meter skrudd i hjørnet etter å ha dribla av to mann, fem minutt etter på eit direkte frispark frå nesten like langt hald. Skottland var sjanselause.

Og Cubillas hadde brått blitt verdsstjerne. For å gjere vondt verre for Skottland vart Willie Johnston tatt for doping rett etter kampen og send heim.

  • 18. Marokko–Portugal 1986

Framleis hadde ingen afrikanske lag klart å gå vidare frå gruppespelet då Marokko møtte Portugal i siste gruppekamp. Og ingen trudde på det denne gongen heller, Marokkos angrep hadde ikkje skremt nokon med 0–0 både mot Polen og England. Og Portugals forsvar hadde berre gitt bort eitt mål på sine to første kampar.

Marokko var ikkje løyvd store sjansane i Guadalajara denne junikvelden. Portugal skapte også store sjansar i opninga. Men etter at Khairi litt mot spelets gang gav Marokko leiinga etter 18 minutt, vaks Marokkos sjølvtillit. Ti minutt etterpå dobla han leiinga, og då var Portugal ille ute. Timen var spela då Krimau la på til 3-0, og Marokko kunne starte feiringa. Diamantinos redusering endra ingenting.

Endeleg hadde Afrika brote barrieren og gått vidare frå gruppespelet. Marokko hadde til og med vunne gruppa. I åttedelsfinalen vart det stopp mot Tyskland.

Er dette dei 18 største VM-sjokkene? Si di meining!

Fotball

  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28).

    – Ada ble skadet i en kamp. Det var en takling, et spark. Hun har veldig god framgang, og vi håpet virkelig at hun skulle bli klar til denne samlingen. Hun ønsker virkelig å bli klar. Hun har gjort alt hun kunne, men denne samlingen kommer litt for fort, sier landslagssjef Gemma Grainger til NRK.

    Også kaptein Maren Mjelde (34) er ute av troppen med skade. Verken Hegerberg eller Mjelde har vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    Troppen:

    Målvakter: Aurora Mikalsen (Brann), Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Guro Pettersen (Werder Bremen).

    Backer: Tuva Hansen (Bayern München), Guro Bergsvand (Brighton), Thea Bjelde (Vålerenga), Marit Bratberg Lund (Brann), Mathilde Harviken (Rosenborg), Marthine Østenstad (Brann), Emilie Marie Woldvik (LSK Kvinner).

    Midtbanespillere: Ingrid Syrstad Engen (Barcelona), Vilde Bøe Risa (Atlético Madrid), Karina Sævik (Vålerenga), Lisa Naalsund (Manchester U.), Frida Maanum (Arsenal), Justine Kielland (Brann), Guro Reiten (Chelsea), Elisabeth Terland (Brighton), Signe Gaupset (Brann).

    Spisser: Caroline Graham Hansen (Barcelona), Sophie Román Haug (Liverpool), Celin Bizet Ildhusøy (Tottenham), Synne Jensen (Real Sociedad).

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven
Terland