Hopp til innhold
Kronikk

Dyrt forsvar og dyr fotball

Verdas så langt dyraste fotballspelar vart seld for ein milliard kroner. Mekanismane som fører til pengegaloppen i fotballverda liknar dei som gjer det same med forsvaret.

Montasje: To F-35 Lightning II og Kylian Mbappe

KVA HAR F-35 OG KYLIAN MBAPPÉ TIL FELLES? «På same måte som når det gjeld Forsvaret, har ikkje fotballspelaren nødvendigvis rare verdien i seg sjølv, men får sin verdi samanlikna med dei fotballspelarane (fienden for Forsvaret) han møter på bana», skriv kronikkforfattar.

Foto: HANDOUT/ERIC GAILLARD / Reuters

I debatten kring den nye langtidsplanen for forsvarssektoren vert det ofte snakka om ein spesiell kostnadsvekst i forsvarssektoren. Mellom dei ferskaste døma er forsvarsministeren i ein Ytring-kronikk 13. juli.

For å forstå mekanismane som driv kostnadsveksten er det lettare å samanlikne med mekanismar i fotballen enn til dømes i helsesektoren.

Alt er relativt

Den grunnleggjande oppgåva til Forsvaret er å verne oss som bur i Noreg mot krise og krig. Dette inneber at Forsvaret må kunne drive avskrekking, overvaking, krisehandtering og elles støtte samfunnet om lag like godt om ti år som i dag.

Dette krev at materiellet og kompetansen om ti år kan yte minst same forsvarsevne som i dag. Men forsvarsevne er ikkje ein konstant størrelse. Å snakke om forsvarsevna til eit kampfly gjer lite meining med mindre vi snakkar om kva dei systema kampflya skal kjempe mot er kapable til.

Så lenge framande kampfly og luftvern er betre i dag enn for ti år sidan, må ti år gamle kampfly oppgraderast for å yte den same relative effekten i dag som for ti år sidan.

Forsvar og helse

Andre delar av offentleg sektor har aukande kostnader: Ny og dyrare medisinsk behandling legg til dømes press på helsebudsjettet. Til forskjell frå forsvarssektoren gjer desse nye behandlingsformene ei forbetra relativ effekt:

Vi lev lenger og vi er friskare som følgje av den dyrare behandlinga. Eit ti år gamalt røntgenapparat vil kunne finne same type brot og brester i dag som for ti år sidan. Eit ti år gamalt kampfly vil derimot ikkje kunne yte same kampkraft i dag som for ti år sidan, fordi det står overfor forbetra motstand.

Det området der helsesektoren kan seiast å oppleve det same som forsvarssektoren, er auka kostnader knytt til å utvikle ny medisinsk behandling der den eksisterande har mista effekt grunna resistens.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter

Fotballøkonomien

Forsvar har derimot mange fellestrekk med fotball, også utover det at ein ikkje kjem langt utan eit godt forsvar. Frå Aston Villa la 100 pund på bordet for Willie Groves i 1893 til Manchester United bladde opp 90 millionar pund for Paul Pogba i 2016, var realprisveksten for verdas dyraste fotballspelar om lag sju prosent per år.

I fotballen som i forsvarssektoren er skilnaden mellom siger og tap potensielt veldig stor.

Ein slik vekst skil seg ikkje mykje frå den langsiktige auken i investeringskostnad per kampfly. Veksten held fram, med nylege rykte om at Real Madrid vil gje 160 millionar pund for Monaco-spissen Kylian Mbappé. Sjølv om 18-åringen sikkert kan vere både ein triveleg og nyttig person, er det få bedrifter som ville betalt halvannan milliard kroner, pluss hundre millionar kroner i årleg nettolønn, for å få han til å arbeide for seg i seks år.

Kva er så likskapane mellom forsvar og fotball? På same måte som når det gjeld Forsvaret, har ikkje fotballspelaren nødvendigvis rare verdien i seg sjølv, men får sin verdi samanlikna med dei fotballspelarane (fienden for Forsvaret) han møter på bana.

Kylian Mbappe

SPISSKOMPETANSE: Monacos Kylian Mbappé (18) blir tidenes dyraste fotballspelar.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Teknologisk utvikling

Som for Forsvaret bidreg ny teknologi og betre kompetanse til at spelarar utvikla i dag vert betre enn spelarar som vart utvikla berre for få år sidan. I fotballen som i forsvarssektoren er skilnaden mellom siger og tap potensielt veldig stor: Nederlag i ei konflikt kan ha store konsekvensar for landet, medan forskjellen mellom å kvalifisere seg til eller ikkje til Champions League er inntekter i hundremillionarsklassen.

Den ekstreme spisskompetansen vert difor stadig viktigare. På same måte som for teknologisk avanserte kampfly med stealth-teknologi for Forsvaret, er det ikkje mange som kan tilby fotballspel i ypparste verdsklasse. Desse faktorane, kombinert med ei ikkje ubetydeleg betalingsvilje, utgjer ein cocktail som lett fører til raskt veksande kostnader.

No er det sjølvsagt også ei lang rekke skilnader mellom forsvarssektoren og fotballen, som til dømes at talet på fotballspelarar i ein kamp ikkje kan endrast og at store stjerner i seg sjølv skaper inntekter, men likskapane seier noko om dei utfordringane forsvarssektoren står overfor.

Så lenge framande kampfly og luftvern er betre i dag enn for ti år sidan, må ti år gamle kampfly oppgraderast.

Også i andre delar av sportsverda ser vi fellestrekk med forsvar: Kappløpet om å ha den beste teknologien. Formel 1-racing er eit døme, der store ressursar vert lagt ned i å skaffe seg eit marginalt forsprang, eit forsprang som forsvinn fort dersom det ikkje vert lagt stadig fleire ressursar i vidareutvikling.

Det turneringselementet vi finn både i forsvar og sport manglar på mange andre arenaer, men det er lett å sjå for seg kva som hadde skjedd med prisane på TV-ar dersom berre dei 50 prosent beste TV-ane i eit område hadde fungert.

Kostnadsveksten i forsvarets langtidsplan

Ein stor del av satsinga i den nye langtidsplanen vil vere knytt til å behalde den relative effekten dei eksisterande våpensystema har. Denne delen av satsinga gjer difor ikkje auka forsvarsevne, men den ser til at forsvarsevna ikkje vert redusert.

Det er ikkje med det sagt at forsvarssektoren ikkje kan redusere kostnadsveksten ved å tenke nytt. Alternative forsvarsstrukturar, auka vektlegging av kostnader og betre prosessar kan bidra til å lette kostnadstrykket, men det finst altså underliggjande mekanismar som gjer at det i langtidsplanlegginga vert lagt til grunn at forsvarssektoren har ein spesiell kostnadsvekst. Liknande mekanismar kan forklare den kraftige auken i overgangssummar i fotballen.