Hopp til innhold

Ny studie: Også hundar går gjennom ein tenåringsfase

Har den alltid lydige kvalpen din plutseleg vorte eit uregjerleg lite monster? Fortvil ikkje! Ifølgje ny forsking finst det ei heilt naturleg forklaring.

Dog is lying on the bed

HUMØRSJUK HUND: Når hunden passerer kvalpestadiet kan den få mange av dei same utfordringane som vanlege tenåringar, meiner britiske forskarar.

Foto: Colourbox

Den søte kvalpen, som alltid kom logrande då du ropte, orkar knapt å sjå på deg. Han ignorerer i alle fall det du seier.

Kanskje ikkje så ulikt tenåringen i huset.

Men denne åtferda er heilt normal, ifølgje ein ny britisk studie.

Ei gruppe forskarar frå Storbritannia har nemleg funne ut at tenåringsfasen for hundar og menneske er ganske like.

Ingen av hundane i studien vart teke for å smugrøykje, men eigarane fortalde at dei sjeldnare høyrde etter. Hundane var òg vanskelegare å trene i pubertetsperioden.

Ignorerte eigarane

Forskarane studerte 69 hundar av ulike rasar i alderen fem til åtte månader.

Eigarane vart gitt ulike oppgåver for å kartleggje mellom anna separasjonsangst, avhengnad og kor lydige hundane var.

For å teste hundane utførte dei eit lite eksperiment:

Både eigarar og framande fekk beskjed om å gi kommandoen sit til hundane. Då kvalpane var fem månader høyrde dei fleste etter, samt reagerte raskt på beskjeden. Men då hundane var åtte månader såg ein tydelege forskjellar.

I ungdomsstadiet var det færre av hundane som høyrde etter. Og kanskje det mest oppsiktsvekkande var at hundane heller høyrde etter den framande.

Åtferda vart òg stadfesta av nesten 300 hundeeigarar som utførte det same eksperimentet på eiga hand.

Problema kjem på grunn av hormonelle svingingar og hjerneutvikling. Hjernen skal bli vaksen. Studien viser at hundane ofte er meir høflege overfor ukjende i denne perioden, fortel zoolog og forskar på prosjektet, Naomi Harvey til BBC.

Hunden Albin.

FILLEBITAR: Dvergschnauzeren Albin elskar pappesker, eller generelt alt som kan rivast i fillebitar.

Foto: Kristin Svarva

– Overraskande

Kristin Svarva frå Steinkjer har hatt hund i familien heile livet.

– Ein kan sjå at kvalpefasen nærmar seg slutten når hundane byrjar å utforske meir. Nokon av tispene vart litt meir klengete på mannlege familiemedlemmar, medan nokon av hannhundane eg har hatt byrja å stikke av. Selektiv høyrsle får dei òg.

I dag har ho dvergschnauzeren Albin.

– Han er ein roleg hund som trivst heime. Han kjem når eg roper på han, men overser sambuaren min.

Svarva synest funna i forskinga er interessante.

– Det er litt overraskande. Særleg om hundane blir styrt av hormon på same måte som oss. Eg tenkjer at denne forskinga er viktig – det betyr jo at vi kan forstå dyra våre betre, seier ho til NRK.

Kristin Svarva og Chase.

BETRE FORSTÅING: Kristin Svarva har til saman eigd ni hundar i løpet av livet. Ho meiner slik forsking gir betre kunnskap om kjæledyr.

Foto: Kristin Svarva

Mange mistar tolmodet

Hundane er rundt åtte månader gamle når dei kjem i tenåringsfasen, ifølgje forskarane.

Det er på dette stadiet at mange hundeeigarar føler dei mistar kontrollen over kjæledyra. I USA viser statistikk at mange eigarar vel å overlate hundane sine i beredskapsheimar når dei kjem i denne fasen.

Lucy Asher, ved universitetet i Newcastle, er leiar for prosjektet og har spesialisert seg på dyreåtferd. Ho oppmodar hundeeigarar til å halde seg rolege.

Dette er ein fase som vil gå over. Dei fleste endrar åtferd etter at puberteten er ferdig, forklarer ho.

Dersom ein deler hus med ein humørsjuk hund med tenåringsproblem, er dette rådet frå Asher:

Det beste ein kan gjere er å vere bestemd, men snill. Ein bør gi merksemd for god åtferd, seier ho.