Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden kommune
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kvifor kan ingen hjelpe Thea?

Ho ville berre hjelpe mannen som sat i parken og grein. No har han forfulgt henne i to år.

Han sat med ei saks i den eine handa. I den andre låg svarte, avklipte hårlokkar.

Mannen i parken grein i fortviling.

Så tok han fram ein lighter og tente på.

Thea hugsar godt den vårdagen i 2019. Ho og dottera kom gåande forbi, på luftetur med hunden.

Ho sleit med å forstå det ho såg.

Likevel gjorde Thea det dei fleste av oss har lært: Spør om det går bra når nokon har det vondt.

Det skulle ho aldri ha gjort.

Thea heiter eigentleg noko anna.

Men det ho har gått gjennom dei siste åra gjer at ho i dag vil halda namnet skjult. Ho bur på hemmeleg adresse.

Ho angrar enormt på valet ho tok denne dagen. I dag er det ho som ropar om hjelp.

– Eg har vore forbanna på meg sjølv for at eg gjekk bort til han. Det kunne ha spart oss for så mykje.

Ingen har makt til å stoppa han. Han dukkar alltid opp igjen, og har gjort livet til den vesle familien til eit mareritt.

Det tilfeldige møtet i parken endar til slutt med at det er Thea som må ofra heim, jobb og nettverk for å kjenna seg trygg.

Korleis kunne det gå så langt?

forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

NY START: Thea og dottera føler dei har starta på nytt på den nye heimstaden.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Inntrengaren

Det finst menneske som er for friske til å bli tvanginnslagt, men likevel så sjuke at dei øydelegg livet til andre.

Politikarane har prøvd å gjera det enklare å fanga opp dei som fell mellom to stolar.

Men det viser seg vanskeleg.

Det kan få store konsekvensar. Også for tilfeldige forbipasserande som berre vil hjelpa.

Thea hugsar første gong han tok kontakt igjen.

Ho var på ferie i lag med dottera då det ringde frå eit ukjent nummer.

Det var han.

Ho hadde sett han i parken også etter hårbrenninga. Men no tok han kontakt. Han spurte korleis ho hadde det.

Frå og med då skulle han alltid vera der.

Utanfor huset, på kafeen der Thea drakk vin med vener, på skuleplassen der jentungen leika.

Men det begynte i det små.

Etter telefonsamtalen var han som regel i parken like ved huset. Han sa ikkje alltid noko, men følgde med.

Då dei først møttest i parken utveksla dei namn og snakka kort. Mannen spurte om han kunne få gå i lag med dei på tur. Thea sa ja.

Etter dette lufta ho sjeldan hunden åleine. Mannen var med, anten gøymd bak ein busk, eller side om side med Thea.

– Han brydde seg ikkje om eg gjekk tur med fleire barn, vener eller familie. Etter kort tid gav eg beskjed om at det ikkje var greitt, men det verka som at kvar gong han fekk nei, så blei han meir intens.

Det er spesielt to episodar som har brent seg fast.

Det var seint på kveld, etter kveldens siste luftetur. Då stod han der, inne i trappeoppgangen i huset der Thea og dottera budde.

– Han sa han skulle vera med meg opp. Sjølv om eg visste at naboen min ikkje var heime, sprang eg opp ein etasje og banka på døra. Eg ropte og skreik namnet hennar i full panikk medan eg slo på døra.

Først smilte han, men så gjekk han til slutt.

Men det var ein annan episode som gjorde ho verkeleg redd.

Ein mørk kveld ho var ute med hunden, såg ho mannen på gangvegen eit stykke framfor seg. Han heldt ei notatblokk.

Då Thea nærma seg, viste han fram ei teikning han hadde laga.

– Det såg ut som ei barneteikning. I midten hadde han teikna ein strekperson, og rundt personen hadde han laga fleire titals kors. «Kva er dette?» spurte eg. «Det er deg», svarte han tilbake.

Thea hadde i mange veker heldt ut at han følgde etter henne og oppsøkte henne.

Berre veker i førevegen hadde mannen røska hundebandet ut av nevane på ho og kasta det vekk. Så hadde han skrike henne opp i fjeset.

Teikninga gjorde Thea alvorleg bekymra.

Tegning til sak om Thea

SKISSE: NRK har bede Thea laga ei skisse omtrent som den mannen viste fram.

Foto: ILLUSTRASJON

Lista over slike hendingar blei lang. Veldig lang. Episodane blei meir alvorlege, og Thea blei reddare.

Han begynte å senda tekstmeldingar. Og intime bilete av små barn.

I ei lita notisblokk har ho skrive opp hendingar for å kunna hugsa.

Som den gongen han sette seg på huk framfor dottera på butikken. Han skreik og insisterte på at ho tok imot ein 200-lapp.

Om den kollegakvelden på restauranten, då mannen kom inn, stilte seg ved bordet og insisterte på at ein kollega av Thea skulle ta imot eit kronestykke.

I notisblokka står det også om plystring. Mykje plystring.

Det var slik han varsla Thea at han stod utanfor huset. Nokre gongar var det midt på dagen, andre gongar var det etter at ho hadde lagt seg.

Ei natt heldt han det gåande i seks timar.

Den natta fekk ho knapt sova.

– Det er så mange rare episodar, ting som ikkje gir meining. Det er ubehageleg og skremmande.

Notisblokk til forfølgd kvinne i Bjørnafjorden

NOTATER: Thea har skrive side opp og side ned om episodane mannen har utsette henne for.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mannen har aldri gått til fysisk angrep og har aldri gjort henne eller dottera noko.

Det var litt av grunnen til at Thea venta med å gå til politiet. Ho tenkte at episodane isolert sett ikkje var alvorlege nok.

Men summen av alt gjorde henne alvorleg redd.

– Me har blitt veldig prega av å alltid sjå oss over skuldra. Det har vore veldig skremmande.

Først etter å ha blitt oppsøkt og plaga av mannen i eitt år, gjekk Thea til politiet.

Mannen fekk forbod mot å oppsøka dei. Den vesle familien fekk valdsalarm.

Men det hjelpte ikkje. Mannen heldt fram som før.

Thea gjekk gong på gong i dialog med kommunen. Dei har vel ansvaret for mannen og kan gjera noko?

Medan mannen fekk gå fritt, føreslo Bjørnafjorden kommune at Thea flytta.

Alternativet var ein kommunal leilegheit der det for det meste budde flyktningar.

Thea takka nei. Ho nekta å la denne mannen styra livet.

Men mannen slutta ikkje å plaga ho. Det skulle bli endå verre.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

UTANFOR: Thea har dokumentert fleire gongar mannen har stått utanfor huset der ho tidlegare budde. I filmen Thea har på telefonen plystrar mannen mot huset før han viser fingeren. – Her har han ein sånn dag. Andre dagar kunne eg få slengkyss og hjarteteikn.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kven er denne mannen?

Mannen kom til Bjørnafjorden saman med familien sin i 2019.

Han er ein av mange flyktningar som kvart år kjem direkte til Noreg frå eit krigsherja land.

Verken politiet eller Thea kan forklara kvifor mannen har sett seg ut Thea.

Dei har ingen relasjon. Etter møtet i parken den vårdagen i 2019 har ho knapt veksla ord med han.

Mannen har i avhøyr gitt uttrykk for at hans eigen familie, politiet og storsamfunnet inngår i eit komplott for å gjera han statslaus.

I fjor blei mannen sikta og varetektsfengsla for å ha dytta ei anna kvinne utfor ein steinmur.

I tingretten kjem det fram at det er tvil om mannens psykiske helse. Ein sakkunnig har vist til at mannen under samtalar har sagt ting som tyder på paranoide vrangførestillingar.

Då han sette fyr på håret sitt i parken, forklarte han Thea at dette var hans måte å skapa tilknyting til den nye heimstaden.

Mannen går utanfor huset og plystrar i timesvis.

Mannen går utanfor huset og plystrar i timesvis.

Han er ein av mange som fell mellom to stolar. For frisk til å få hjelp, for sjuk til å kunne fengslast.

Thea har fått vern i form av valdsalarm og besøksforbod.

Ni gongar har Thea meldt han for brot på besøksforbodet.

Straffa for eit slikt brot er som hovudregel fengsel i inntil seks månader. Ved gjentatte tilfelle opp til to år.

Alle har blitt lagde bort, på bakgrunn av tvil. Tvil om mannen er i stand til å vita kva han gjer.

NRK har vore i kontakt med mannen sin forsvarar. Han ønskjer ikkje kommentera saka.

I mai gjekk Thea til politiet og melde mannen. Både for omsynslaus åtferd og dei ni brota på besøksforbodet.

Svaret var nedslåande. Statsadvokaten ville ikkje ta ut tiltale på tvunge psykisk helsevern fordi saka ikkje står fram som alvorleg.

Men kva med kommunen, som har busett han som flyktning?

Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland i Bjørnafjorden kommune

KOMMUNEDIREKTØR: Christian Fredrik Fotland seier Bjørnafjorden kommune har brukt mykje tid på saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Dette er ei utruleg lei sak. Det har vore vanskeleg for kommunen å handtera, og me føler med denne vesle familien som har kome opp i ein håplaus situasjon.

Christian Fredrik Fotland sukkar litt oppgitt.

Integrering av flyktningar er ei kommunal oppgåve, og kommunar som buset flyktningar får pengar frå staten.

Kommunen har forsøkt å finna løysingar, hevdar kommunedirektøren i Bjørnafjorden, men det er lite handlingsrom.

– Det er først og fremst påtalemakta og politiet som har høve til å gripa inn i folks kvardagsliv.

Thea er kritisk til at kommunen ikkje har gjort meir.

Men kvifor kan ikkje politiet ta grep?

Gunnar Fløystad

PÅTALELEIAR: Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt seier slike saker er vanskeleg å handtera.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Politiet med bundne hender

Fordi saka er lagt bort.

Når Statsadvokaten har sagt at det mannen har gjort ikkje er alvorleg nok til å reisa sak om dom på tvungent psykisk helsevern (sjå faktaboks), mister politiet sjansen til å gå inn med ulike tvangsmiddel.

Sjølv når gjerningspersonen likevel held fram.

Gunnar Fløystad, påtalesjef i Vest politidistrikt, seier politiet har strekt seg langt for å forsøka å hjelpa kvinna og dottera hennar.

Han forstår at situasjonen er svært vanskeleg for familien.

– Dette ser ut som ei sak i grenseområdet mellom der det er mogleg å ta ut tiltale på tvungent psykisk helsevern og der det ikkje er det. Når konklusjonen er at saka blir lagt bort, betyr det også at me har ganske få verkemiddel vidare.

Påtalemakta kan anten straffeforfølga nokon, eller tvinga dei til å ta imot helsehjelp.

I fjor senka til og med regjeringa terskelen for å kunna dømme nokon til tvunge psykisk helsevern.

Målet var, uttalte justisminister Monica Mæland (H), å fanga opp dei som hamnar mellom to stolar.

Men Fløystad vedgår at politiet har hendene litt bundne på ryggen i slike saker. Når Statsadvokaten har vurdert, men droppa tiltale, er terskelen langt høgare for politiet å kunna bruka tvangsmiddel i neste omgang.

Då må i så fall den mistenkte stå bak grovare overtramp.

Politiet kan gripa inn der og då, og sørga for at helsevesenet blir involvert.

Utover det er det lite politiet får gjort om han berre held fram i same lei.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

NI AVSLAG: Thea har levert ei politimelding på kvart enkelt besøksforbod. Alle blei lagde bort, på grunn av tvil om mannen var tilrekneleg. I mai meldte ho mannen for gjentatte brot på besøksforbodet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mannen på skulegarden

Dermed står det norske samfunnet utan fleire verkemiddel. Med mindre mannen sjølv vil, kan han ikkje leggast inn med tvang.

Ei lovendring i 2017 gjorde det langt vanskelegare å tvinga nokon til å ta imot helsehjelp

Ingen kan hjelpa han viss han ikkje vil. Og han vil ikkje.

Då kan ingen hjelpa Thea.

Eller dottera.

For etter kvart begynte mannen å oppsøka henne også. To gongar forsøkte han å henta ut den no åtte år gamle jentungen frå SFO.

– Han stod i enden av skulegarden og sa «Kom, så går me og finn mamma». Kva kunne skjedd viss ho hadde blitt med han?

For Thea stod berre ei løysing att: Seia opp leilegheita og finna seg ein ny plass sjølv, ein heilt annan plass i kommunen.

Kommunen kan ikkje tvangsflytta mannen.

Så i staden tilbydde dei seg for å betala for flyttelasset.

– Eg trudde me hadde eit greitt system her i Noreg, som skal hjelpa når ein hamnar i slike situasjonar. Det er tydeleg at det ikkje fungerer.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

FENGSLA: – Eg og mi dotter har blitt veldig prega av å alltid måtte sjå oss over skuldra. Når eg gjekk ut, måtte eg alltid snakka med nokon i telefonen eller seia kor eg skulle. Eg følte meg veldig fengsla i min eigen heim.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ein ny start

Kassar med bøker, dokumentmapper og biletrammer står enno stabla langs veggen. Skiltet med «Positivity» har ho enno ikkje fått hengt opp.

På bordet ligg bunken med avslag frå politiet.

Det har gått nokre veker sidan ho braut opp frå familie, nettverk og jobb og overtok den nye leilegheita. Her, ein annan stad i Bjørnafjorden, betalar ho sjølv, medan kommunen betalar dei siste månadsleigene på den gamle.

Valdsalarmen ligg konstant på lading. Ho håpar å aldri måtte bruka den der ho bur i dag.

Mannen er ei tikkande bombe, meiner Thea. For hennar eigen del, og samfunnet sin del, synest ho mannen bør få hjelp.

– Eg føler meg ikkje særleg trygg. Me har fått valdsalarm, men eg ser det som falsk tryggleik.

Marerittet starta med eit ønske om å hjelpa ein framand. No er ho bitter og utsliten.

Thea har ei heil notatblokk som viser kor ille det kan gå.

– Når mannen ikkje sjølv veit at han er sjuk, treng me eit samfunn som likevel kan hjelpa han. No kan han takka nei, og så kjem han ut på gata igjen. Så er det på an igjen.

I starten av juni utvida politiet besøksforbodet på nytt. Dagen etter at ho hadde flytta frå den gamle leilegheita, hadde naboar observert han utanfor.

Thea har klaga på avgjerda om å legga bort saka.

Ho er realistisk. No er ho innstilt på å bu i den nye leilegheita.

Mannen er for frisk til å bli tvangsinnlagt.

Ho har hamna i eit nett ingen kan redda henne frå.

– Det er utruleg urettferdig, både for meg og mi dotter. Ho har sine vener der, og me har vår tilhøyrsle der. Så er det me som må flytta, for å kjenna oss trygge.

– Eg slit med å forstå det.

NRK har forsøkt å kontakta mannen direkte. Han har aldri svart.