Her jobbar arbeidarane i kreftfarleg steinstøv

På staten sine byggeplassar går arbeidarar ubeskytta mot det farlege støvet. NRK kan dokumentere brot på lov og forskrifter.

Ein borerigg har spissen mot knallhard norsk stein og granitt. Klar til å knuse berget til støv.

Men i fjellet på Sotra utanfor Bergen gøymer det seg ei snikande fare.

Fjellet inneheld kreftframkallande kvarts i uvanleg store mengder. Opp til seksti prosent.

Fleire ulike entreprenørar er i sving på anlegget. Men det er Statens vegvesen som er byggherren.

Dei har det øvste ansvaret for arbeidsfolka. Dei veit også at nettopp her er støvet spesielt helsefarleg. Det har dei målt.

Men ingen har åtvara arbeidarane i korga.

To arbeidsfolk står mange meter over bakken, innhylla i ei sky av steinstøv. Nokre meter unna står ein borerigg og borrar i ei høg fjellskjæring. Nedenfor er det eit større anleggsromåde, med gravemaskin, lastebil og utstyr. Skya med støv spreier seg over området. I bakgrunnen ser ein ei gravemaskin bak skjæringa.

Utan verneutstyr går støvet ned i lungene deira.

Steinstøv som inneheld kvarts, er skarpt. Det slit i lungevevet. Får ein i seg for mykje over lengre tid, kan det føre til kreft og kols.

NRK kan dokumentere at anleggsarbeidarar på staten sine byggeplassar arbeider i det som kan vere ulovleg store støvmengder.

At det strenge regelverket blir oversett. Ikkje berre her, men fleire stadar i landet.

Nokon har sagt frå lenge.

Mosjøen, juni 2023

Roger Sivertsen har bestemt seg for å troppe opp utan varsel.

Som regionalt verneombod i Nordland har han rett til å møte umeldt på anleggsplassar i fylket.

Det å møte opp saman med NRK er ekstraordinært.

Roger Sivertsen er regionalt verneombud for bygg og anlegg i Nordland. Han køyrer bil, kledd i ein grønn caps, gul jakke og rotete flanellskjorte. Han ser konsentrert på vegen medan han lener venstrearmen mot bildøra og har eit par fingrar på rattet. Utanfor er det grønt og frodig.

Det er stille i bilen.

Anleggsområdet er eit tilfeldig val, han veit at dette kan provosere.

Men for Roger er det siste utveg. Han har saman med andre verneombod varsla i fleire år.

Dei har stoppa vegarbeid. Meldt frå til Arbeidstilsynet. Møtt opp på byggeplassar.

Likevel står arbeidarane år etter år hylla inn i støvet som kan øydelegge helsa deira. Sjølv når staten er utbyggar.

Sivertsen meiner heile bransjen har eit problem, også private utbyggarar.

Men han trur at om staten som landets største byggherre hadde følgt lov og regelverk, kunne det endra ein omfattande ukultur.

Roger Sivertsen varslar av ein grunn:

Tal frå Arbeidstilsynet viser at minst 100 anleggsarbeidarar har fått påvist lungekreft eller kols dei siste ti åra som følgje av yrket sitt.

Men underrapporteringa av yrkessjukdom er stor her til lands. Anslag frå Arbeidstilsynet tilseier at slike tal truleg er 10 til 15 gonger høgare.

Over 1000 arbeidarar kan altså ha fått påvist ein alvorleg og potensielt dødeleg sjukdom, berre dei siste ti åra.

Les også Ingen veit kor mange som blir sjuke: Først då han kasta opp, tok Christian støvet på alvor

Christian Arstein Farsund

Vi skal sjå ting som overraskar sjølv det erfarne verneombodet.

Roger Sivertsen

«Når så mange blir sjuke, er det nesten absurd at dei berre lar det passere»

Roger Sivertsen

Regionalt verneombud, Nordland

Det uventa tilsynet

To store boreriggar er i arbeid ute i det bratte terrenget. Det er solfylt og vindstille.

Støvet blir slept ut i haugar og driv rundt i den tørre lufta.

Her i Nordland bygger Statens vegvesen ny E6 på Helgeland, ikkje langt sør for Mosjøen.

Fire anleggsfolk kledd i lysegrøne kjeledresser går bortover eit enormt anleggsområde. Dei fire mennene er ute av fokus. Fokuset ligg på ein borerigg i bakgrunnen, som borar og støvar. Grønne bartre, jord og fjell og stein rammar inn bilete av dei fire anleggsfolka.

Roger ser rundt seg. Han har sett dette så mange gonger før. Han har lang fartstid i anleggsbransjen.

Følgjet med Roger, NRK, og tre leiarar for byggeprosjektet går mot maskinene.

Roger spør ein av førarane om han har høyrt om kvartsstøv.

Mannen ser forundra på han. Svarar at han har ikkje det, før han legg til:

– Men det er sikkert ikkje heilt sunt?

Nærbilete av to føtter, frå kneet og ned, med vernesko og ei neonraud bukse med refleksar går gjennom eit anleggsromåde. Støvet på bakken blir kasta opp i lufta i det personen løftar foten og går. I bakgrunnen kan ein skimta ein borerigg.

Lova er tydeleg. Statens vegvesen har som byggherre eit sjølvstendig og overordna ansvar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.

Dei skal kartlegge om det finst farleg kvarts i grunnen, og stille spesifikke krav i anbodet til korleis arbeidet kan gjerast trygt.

Hovudentreprenøren skal følgje krav og regelverk.

  • Dei skal måle luftkvaliteten.
  • Dempe eller fjerne støvet frå arbeidsområdet.
  • Fyrst dersom dei to øvste punkta ikkje lar seg gjere, skal arbeidaren ha på seg pustevern.

Roger Sivertsen etterlyser målingar av lufta arbeidarane pustar inn. Om dei har gjennomgåande kontroll på arbeidsatmosfæren.

Det er ikkje blitt gjort.

Roger stussar. For korleis kan dei då vite kor viktig det er å beskytte seg?

Det finst heller ikkje utstyr som samlar opp eller avgrensar støvet. Det blir for vanskeleg, svarar entreprenøren.

Dersom dei brukar vatn for å dempe støvet, kan støvslam renne ned i den verna lakseelva Vefsn nede i dalføret. Miljøstyresmaktene stiller strenge krav.

Roger Sivertsen synest det er eit paradoks. Er det strengare reglar for laksen enn for folka?

Å samle støvet betyr lange støvsugarslangar i terrenget. Ting kjem i vegen og er tunge å handtere. Alt må vegast opp mot tid og pengar.

Roger Sivertsen og en anleggsleiar frå entreprenørfirmaet Risa står og diskuterer noko på ein byggeplass. Anleggsleiaren peikar på noko langt utanfor bilete. Skog og fjell i bakgrunnen.

Roger blir også forsikra om at arbeidarane skal bruke pustemaske når dei må jobbe i støvet.

Men trass forsikringane, er det noko heilt anna Roger ser.

Dagen etter vernerunden reiser NRK og Roger langs E6 forbi det same anleggsområdet. Han parkerer og går ut av bilen.

– Kom her! Sjå på galskapen!

Stoler på vinden

I fjellsida jobbar to arbeidarar for Veidekke, ein av fleire underleverandørar på anleggsområdet.

Støvet sprutar ut frå bergveggen. Det er vindstille, og dei er berre eit par meter frå fjellet. Ein av arbeidarane har støvmaske, den andre har det ikkje.

To anleggsfolk står tett inntil ein fjellvegg i ein lift og borar. Dei har på seg klatresele og verneutstyr, men manglar støvmaske. Det støvar ein del rundt dei.

Veidekke beklagar i ein e-post til NRK.

Rutinen er å bruke maske, dei seier den tilsette hadde gløymt å ta på seg. Dei skriv også at han stolte på at trekken tok vekk støvet.

Arbeidstilsynet er tydelege på at arbeidarar ikkje kan stole på vinden.

Nedanfor står ei sky av støv frå ei gravemaskin med borerigg.

Like ved røyken står ein arbeidar og markerer kor riggen skal bore. Utan støvmaske.

Ein landmålar kledd i neongul kjeledress jobbar på eit anleggsromåde. Han står delvis skjult bak ein borerigg, som borar i fjellet. Det støvar frå boreriggen. Støvet spreier seg utover området.

Førarhuset til boreriggen står open.

– Arbeidet skulle vore stansa, seier Roger oppgitt.

Roger Sivertsen har ikkje rett til å stanse arbeidet sjølv, sidan entreprenørane har si eiga valde verneteneste på arbeidsplassen. Slik er regelverket.

Vegvesenet seier det er brot på instruksen å ikkje bruke pustevern i område med støv i lufta, og at dei ser alvorleg på dette.

Hovudentreprenøren på E6 ved Mosjøen, LNS AS, svarar også på vegner av underentreprenørane.

Selskapet skriv at det er arbeidstakarane sin plikt å bruke eigna verneutstyr.

Dei seier den innleigde landmålaren ved boreriggen bevegar seg slik at trekken driv støvskya vekk frå han. Derfor vurderte han det ikkje som problematisk.

Nokre veker etter vernerunden fekk selskapet endeleg utført støvmålingar. Prøvene viste kvartsmengder som ikkje overstig grenseverdiane.

E6 i Trøndelag – Brubygging i støvet

I Trøndelag, nokon mil lenger sør, bygger Statens vegvesen meir av E6.

Når NRK kjem forbi, jobbar arbeidarane i boreriggane med open dør. Dei går inn og ut medan støvskya står. Støvet blir ikkje dempa eller samla opp.

To boreriggar står på eit berg og borar i fjellet. Det støvar frå boreriggane. I bakkant av den eine boreriggen går ein anleggsarbeidar bort til den eine maskina. Støvskya frå boreriggen spreier seg over området.

NRK tek bilete som Vegvesenet får sjå. Dei skriv tilbake at det er uklart om arbeidarane står i for mykje støv fordi bileta ikkje viser vindretninga.

På nettet har Vegvesenet lagt ut eigne «skrytevideoar» av prosjektet. Også her ser vi ein arbeidar med støvskya kring seg.

No seier Vegvesenet at videoen kan gi eit feil signal. Dei meiner det ikkje kjem fram i deira eigne klipp at støvet driv vekk frå arbeidaren.

– Vi ser at arbeidaren står i ei gunstig stabil vindretning, skriv dei til NRK.

Men Arbeidstilsynet meiner at svara om vindretning syner mangel på kunnskap. Både om helsefaren og kva tiltak som trengst for å beskytte seg.

Det fine kvartsstøvet som finn vegen inn i lungene, er usynleg.

Statens arbeidsmiljøinstitutt har forska på kor mykje støv anleggsarbeidarar får i seg.

Resultata viste at det er ei felle å stole på vindretninga. Også i gunstige vindforhold får arbeidarane i seg meir støv enn tillaten grenseverdi.

Entreprenøren på bileta, Letnes AS, ynskjer ikkje å kommentere saka utover det Vegvesenet har sagt.

Juni 2023: Støvet på Sotra

Støvet driv utover det enorme anleggsområdet.

Akkurat no er dette landets største vegprosjekt. Ny motorveg til det tettbygde området utanfor Bergen.

I 2026 er vegen ferdig. Trafikkproblema skal vere over.

Ein anleggsarbeidar står rett ved lasteplanet på ein lastebil med kran. I den lange kranen er det festa ein bor, som borrar i den høge fjellveggen me ser i bakgrunnen. Det støvar store mengder støv frå boringa. Det som ser ut som steinstøv spreier seg med vinden og når også ned til anleggsarbeidaren ned ved lasteplanet.

Vegvesenet sine eigne geotekniske rapportar seier at fjellet her inneheld gjennomgåande 40 til 60 prosent kvarts.

Ein kan vente seg å finne kvarts stort sett overalt i norske fjell, men det er ofte snakk om mindre mengder.

Sjølv det er uansett meir enn nok til at arbeidarane må beskytte seg.

Likevel borrast det for fullt, utan vatn til å dempe støvet, utan noko som samlar det opp. Og arbeidarane står utan pustevern.

Støvet driv kring i området, legg seg som ei grå sky.

Arbeidarane vi ser, er heller ikkje direkte åtvara mot den konkrete faren i dette prosjektet, ifylgje deira arbeidsgjevar.

NRK har snakka med ein av dei to i korga, han seier han ikkje veit kor mykje kvarts som er i fjellet.

Kvifor får dette likevel gå føre seg? At folk risikerer helsa i strid med arbeidsmiljølova, når det er staten som er byggherre?

Sjølv er Roger Sivertsen oppgitt.

– At folk blir sjuke av dette, er absolutt ikkje verdig. Det er heilt forferdeleg.

Arbeidstilsynet: Klare brot

Nyleg justerte Arbeidstilsynet ned grenseverdien for kor mykje støv arbeidarar kan bli utsett for. Ny forsking hadde vist at støvet er endå meir helseskadeleg.

NRK har vist Arbeidstilsynet bilete og video frå Sotra, Nordland og Trøndelag. Tilfeldige anleggsområde kring om i landet.

Arbeidstilsynet understrekar at dei sjølve ikkje har vore med oss på tilsyn på desse plassane.

Hilde Austrheim koordinerer Arbeidstilsynet sitt arbeid mot støv i anleggsbransjen. Ho seier at ut ifrå det ho kan sjå syner dokumentasjonen til NRK klare brot på HMS-regelverket.

Arbeidstilsynet har sett liknande ting mange andre stader i landet.

Hilde Austrheim i Arbeidstilsynet

« Vi er dessverre ikkje overraska, vi har sett forskjellige standardar på forskjellige anlegg»

Hilde Austrheim i Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet gjennomfører no ein kampanje mot kvartsstøv i bygg og anleggsbransjen. Så langt har dei påvist brot i seksti prosent av tilsyna.

Vegvesenet beklagar

Arbeidsfolket skal bygge vegane og tunnelane som storsamfunnet har bestemt seg for.

Store kontraktar for milliardsummar.

Statens vegvesen er landets største utbyggar. Ein premissleverandør for bransjen.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik vedgår brot på regelverket.

– Eg synest det er grunn til å beklage. For vi som byggherre skal sjå til at HMS-reglane blir følgde, og vi kjem til å ta dette alvorleg opp med våre entreprenørar.

Men har Vegvesenet sjølv innsikt i kva som er god nok HMS?

Kjell Inge Davik, 14. november 2023

«Vi kjem til å køyre ei mykje tøffare linje på dette framover»

Kjell Inge Davik

Utbyggingsdirektør, Statens vegvesen

Fleire e-postar har gått mellom NRK og Vegvesenet. Ved eit tilfelle skriv Vegvesenet:

God HMS: Ved opphald ute skal arbeidaren ha vinden i ryggen slik at ein står støvfritt, alternativt utføre arbeid iført maske.

Men både Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt seier det er farleg å stole på vindretninga.

– Om vinden i ryggen er 2 sekundmeter eller 10 sekundmeter, det kan jo variere, vi skal ikkje starte med å fortolke det, seier Davik.

Men ekspertane har bestemt sagt at det er berre å slutte å tenke på å ha vinden i ryggen, dette kan dykk ikkje halde på med?

– Det kan godt vere at det er rett, for all del. Maske med filter kan jo ha ein viss effekt. Men eg trur vi er nøydde til å faktisk fjerne støvet. Det jobbar vi med i samarbeid med bransjen, seier utbyggingsdirektøren.

Vegvesenet deltek i eit eige bransjeprogram for å redusere støvet i delar av arbeidsprosessen.

Davik seier dei også har moglegheiter for å rette sanksjonar mot selskap som bryt HMS-regelverket.

Til dømes bøter. Men han har ikkje eksempel på at det har blitt gjort når arbeidarar står i støvet.

– Nei, eg kjenner ikkje til det. No har eg ikkje oversikt over alle prosjekt heile tida, men eg kjenner ikkje til det.

Entreprenørane: – Det er gjort feil

Sartor Drange er entreprenør på Sotra. Dei seier at dokumentasjonen til NRK viser ting som ikkje er godt nok, verken frå selskapet eller dei tilsette si side.

– Eg må ærleg vedgå at dette er eit generelt problem, uavhengig av at dette var prosjektet de var på, seier dagleg leiar Arild Bøthun.

Han skriv at dei gjennom mange år har hatt særleg fokus på steinstøv, og at dei legg vekt på opplæring, verneutstyr og helseundersøkingar.

– Vi må bli betre på å terpe på og legge til rette for god støvhandtering, seier Bøthun.

Fleire anleggsmaskiner jobbar på ein høyde. Ein borerigg borar i fjellet og produserer støv. Ein dumper som nettopp har tømt stein køyrer opp ein bratt bakke og virvlar opp støv.Lengst oppe i bakken står ei gravemaskin og flytter på steinar for å laga ein anleggsveg. Himmelen i bakgrunnen er lys grå.

Bøthun seier at dei tilsette er orientert om faren med kvarts, på generell basis.

Men dei tilsette er ikkje åtvara om det ekstra høge kvartsinnhaldet i fjellet på Sotra.

I staden er det venta at dei kan finne informasjonen sjølve på nett. Til dømes Norsk geoteknisk institutt.

– Eg må likevel innrømme at vi sikkert skulle terpa meir på dette. Sjølv om dette skal vere basiskunnskap, så burde vi nok vore flinkare med unge og uerfarne arbeidarar, seier Bøthun.

Selskapet har lenge hatt utvida helseundersøkingar for alle som er særleg eksponert for støv, og informert om risikoen og kor viktig det er å bruke verneutstyr.

Nyleg investerte dei i nye boreriggar som skal dempe støvet. Boreriggen i fjellsida har også fått utstyr for å tilsetje vatn.

Bøthun ynskjer å vere open og ærleg når ting har vore for dårleg, men meiner også utbyggarane – som Statens vegvesen – kan gjere meir for at bransjen skal tilpasse seg.

Han meiner dei burde stilt strengare krav i anboda sine.

– Slik at dei ikkje berre kan «falde sine hender» og velje billigaste løysing utan sjølvstendig ansvar, seier han.

Han meiner strenge krav kan unngå at det blir eit press på entreprenørane om å ta lett på ting for å vere konkurransedyktige og oppretthalde levebrødet.

Statens vegvesen har ansvaret som utbyggar for at pris og tidspress ikkje skal føre til at arbeidarar blir utsett for helsefare.

Regelverket som ikkje blir følgt av staten

Når Vegvesenet skal bygge vegar, legg dei byggeoppdraga ut på anbod til entreprenørar.

I anbodspapira skal det ligge ein plan for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø. Ein såkalla SHA-plan.

Regelverket seier at planen skal innehalde konkrete tiltak til korleis entreprenørane skal ta vekk risikoen for farleg steinstøv.

NRK har sjekka sju tilfeldige SHA-planar til nyare store utbyggingar i regi av Statens vegvesen. Vi kunne berre finne spesifikke tiltak i ein av dei.

– Vi har nok ein jobb å gjere med å samordne oss på nokon område. Men vi er nok mykje meir opptekne av dette enn vi var for fem eller ti år sidan. Eg trur kanskje ikkje vi såg så mykje på støvrisiko i planane våre i det heile teke, men det gjer vi no, seier Davik.

På Sotra-sambandet hadde Vegvesenet gjort undersøkingar av berggrunnen som ein del av planlegginga av den nye motorvegen.

Heller ikkje på Sotra, der de veit at det er svært mykje kvarts, kunne vi finne spesifikke tiltak?

– Nei, det er riktig, men der har ein vore mykje meir konkret i konkurransegrunnlaget i forhold til det her. Det blir følgt opp, seier Davik.

Han trekker pusten:

– Eller ikkje følgt opp. Dette veit dykk jo, for de har jo vore der. Men det er desse tinga vi må sette fingeren på no og ta tak i.

Ein enorm anleggsveg blir bygd gjennom eit skogsområde. Dumperar, gravemaskiner og boreriggar knusar fjell og flyttar stein i det som ser ut som eit steinbrudd like ved fjorden.

Sotra-sambandet er eit såkalla OPS-prosjekt. Statens vegvesen har byggherreansvaret, medan Sotra Link AS har inngått ei kontrakt om å finansiere og gjennomføre prosjektet.

Sotra Link AS seier dei ser alvorleg på funna som er avdekka.

Sotra Link Construction skriv til NRK at dei intensiverer arbeidet med tilsyn, og at dei no har styrka HMS-avdelinga si.

Desember 2023: – Vegvesenet må ta ansvaret

Roger Sivertsen meiner det finst ei løysing. Han er einig med entreprenøren på Sotra.

Mosjøen

«Det fins metodar i dag som kan samle opp eller dempe støvet.»

Roger Sivertsen

Regionalt verneombud, Nordland

Håpet er at staten som landets største byggherre kunne stilt strengare krav til entreprenørane.

Tydelege krav om kva teknisk utstyr som blir brukt. Korleis støvet skal haldast vekke frå arbeidarane.

Slik at entreprenørane konkurrerer på likt, og ingen selskap tapar oppdrag på å beskytte arbeidsfolka.

For utstyret finst, som til dømes boreriggar som nesten ikkje støvar.

Ved eit utbyggingsprosjekt på eit sjukehus på Austlandet brukte entreprenøren støvsugarslangar som frakta støvet inn i konteinar.

Roger har fleire verneombod med seg i kravet.

Men så langt har dei kjempa utan særleg resultat.

Sivertsen spør seg korleis det er mogleg. Brot på brot på eit tydeleg regelverk, som er til for å hindre alvorleg sjukdom og for tidleg død.

– Eg håpar berre dei snart tar innover seg alvoret i dette her, seier han.

Snuoperasjonen

Statens vegvesen har nølt. I november seier dei til NRK at dei heller vil «samarbeide med bransjen om tiltak».

Men etter kvart kjem det nye svar.

Dagen etter NRK sitt intervju med utbyggingsdirektør Davik 14. november gav han leiarane i divisjonen eit oppdrag:

«Set i verk tiltak for å førebygga at arbeidstakarane blir utsette for helseskadeleg kvartsstøv».

Ein månad seinare, 13. desember, vedtok leiargruppa nye kontraktsreglar.

No skal alle på prosjekta deira følga nye krav.

15. desember sende kommunikasjonsavdelinga i Vegvesenet desse til NRK:

  • Det skal setjast i verk tiltak for å redusere faren med å utsetje arbeidstakarar for helseskadeleg steinstøv.
  • Dersom støvet ikkje kan fjernast ved hjelp av støvsugar med konteinar eller bruka kjemikaliar som er støvbindande, er det berre eitt alternativ: Ein skal bruke vatn når ein borrar for å dempa støvet.
  • Eksisterande personleg pustevern og utstyr på maskiner skal brukast for å unngå eksponering for helseskadeleg steinstøv.
Ein borerigg borar i fjell i terrenget for å bygge ny E6 på Helgeland i Nordland. Ei stor støvsky står ut fra riggen, som står omkransa av stein, jord og store dungar med sand. I bakgrunnen er det grønn og frodig barskog, og ei fjellskjæring som er sprengd ut.

Med den nye kontraktsregelen kan entreprenørane ta betalt for å gjere jobben tryggast mogleg for arbeidarane, utan å tape i konkurransen.

Roger Sivertsen meiner dette er bra, men vågar ikkje heilt å juble.

– Det står att å sjå om det blir ei reell endring. At det får følgjer om krava ikkje blir følgt opp ute på anleggsområda.

Sivertsen sitt håp er at om Statens vegvesen går fremst, vil også andre store utbyggarar følgje etter.

– Heile bransjen må bli med på ei nødvendig endring. Også dei andre statlege utbyggarane.

Hei!

Har du tips og innspel til denne saka? Send oss gjerne ein e-post! Tidlegare har vi laga denne saka, om anleggsarbeidarar som har blitt sjuke av steinstøvet.