Pinsemenighet Bucuresti
Foto: Felix Stancu

Ber Gud om hjelp i kampen mot barnevernet

BUCURESTI (NRK): Barnevernsaka i Naustdal skapar storm blant pinsevener over heile verda.

– Gud velsigne denne familien. Måtte Gud hjelpe å endre barnevernet sine krenkande lover, slik at denne familien kan bli beskytta i Norge.

Orda kjem frå pastor Nicu Oros frå talarstolen i Filadelfiakyrkja i Bucuresti i januar i år.

Det er langt frå den vesle bygda Naustdal i Sunnfjord, til den rumenske hovudstaden. Men denne søndagen, er det nettopp Naustdal som er tema på gudstenesta.

BUCURESTI (NRK): Barnevernsaka i Naustdal skapar storm blant pinsevener over heile verda.

Att med han står pastor og bror av den rumensk mannen som no er tiltalt i Norge for vald mot barna sine.

Pinsevenn-menigheita fyller normalt alle plassane i det moderne kyrkjebygget. I dag står halvparten av radene tomme, grunna det brutale snøvêret i byen.

Det hemmar ikkje engasjementet til pastor Nicu Oros. Medan dei tilhøyrande faldar henda, er bøna hans til Gud klokkeklar: Familien i Naustdal må få behalde borna sine.

«Måtte Gud forsvare verdiane til denne familien. Gud velsigne dei rumenske som bur i Norge, og det norske folk. Rundt oss har vi familiar som har returnert til Romania frå Norge på grunn av barnevernet. Vi ber Gud om å hjelpe oss å endre desse lovene, og at det norske og rumenske folk skal bli velsigna. Reis dykk og be for dei. La oss alle be til Gud».

Klapsa barna på baken

Det var i 2015 den lange kampen byrja for den norsk-rumenske familien på sju i Naustdal. Etter ei uromelding til barnevernet, blei barna, den yngste ein baby og den eldste 11 år, tekne ut av heimen og plassert i tre ulike fosterheimar.

Foreldra, ei norsk kvinne og ein rumensk mann blei først sikta, så tiltalt for vald. Ifølgje tiltalen skal foreldra ved fleire høve mellom 2010 og 2015 ha klapsa barna på baken, over nakkepartiet og mot armane, nokre gonger også mot hovudet, samt klypt dei i øyrer eller overarmar.

Dei har overfor politiet vedgått at dei ved fleire gonger var valdelege mot barna sine som ein del av oppdraginga.

I eit intervju på rumensk TV sa dei mellom anna at dei gav barna sine klaps på baken og at dei kneip dei i øyra, sjølv om dei visste at dette ikkje var lovleg i Norge.

Overfor norske myndigheiter har dei samstundes sagt at dei angra sterkt på å ha brukt vald mot barna sine, men barnevernet i Naustdal ønska likevel å flytte barna over i permanent fosterheim.

I 2016 fekk ekteparet alle barna sine tilbake. Bakgrunnen var ein psykolograpport som konkluderte med at barna måtte tilbake til foreldra fordi dei var positive til endring og hadde god omsorgsevne. Hausten 2016 flytta heile familien til Romania.

I byrjinga av januar skulle ekteparet møte i Fjordane tingrett, tiltalt for systematisk vald mot barna sine. Der dukka dei aldri opp.

Les meir om bakgrunnen for saka her.

– Treng disiplin

I kyrkja i Bucheresti ljomar salmen «Blott ein dag» i veggane.

Bror til faren i familien er pastor. I dag står han fremst i kyrkja, saman med pastor Nicu Oros.

Daniel Bodnariu

– STORT ENGASJEMENT: Mange ville snakke med NRK på kyrkjetrappa. Ein mann viser fram ein plakat på mobiltelefonen sin. Det norske barnevernet er mafia, terroristar og nazistar står det å lese.

Foto: Felix Stancu

Under gudstenesta snakkar broren for første gong med norsk media om korleis han opplever den omstridde saka.

– Om du elskar barna dine er du nøydd til å gje dei disiplin i kvardagen, seier han bestemt.

Han meiner den skandinaviske måten å oppdra barn er «å dra det for langt den andre vegen».

Han får støtte frå pastor Oros.

– For litt klapsing har de øydelagt ein heil familie. De seier de tek vare på barna, men de berre øydelegg. Å klype i øyret eller å slå barn på baken er ikkje noko ein gjer kvar dag. Å tiltale foreldre for å gjere dette kan øydeleggje ein heil familie.

– I Norge er det nulltoleranse for vald mot barn. Meiner du det er feil?

– Det er ikkje bra for barna. Av og til treng barn nokon som seier klart ifrå, seier pastoren.

Han har lenge våre engasjert i saka. Saman med meinigheita i Romania har han arrangert fleire demonstrasjonar mot barnevernet utanfor den norske ambassaden.

demonstrasjon

STERKE KJENSLER: Etter at ekteparet i Naustdal blei fråtekne barna sine på grunn av oppdragarvald, har sinte demonstrantar verda over rasa mot det norske barnevernet.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

«Barnevernet = childhood killer»

For det er ikkje berre i Romania saka har sett sinna i kok. Då familien i Naustdal blei fråtekne barna sine, rasa pinsevener verda rundt.

I fjor demonstrerte tusenvis av menneske utanfor dei norske ambassadane i mellom anna Washington D.C, Dublin, København, London og Barcelona.

demonstrasjon

PROTEST I DUBLIN: Kring 600 menneske var samla utanfor den norske ambassaden i demonstrasjon mot barnevernet i Dublin i januar i fjor.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side/Daniel Catana

Demonstrantane meinte at norske myndigheiter ville nekta barna ein kristen oppvekst.

– Vi støttar ikkje barnemishandling. Men det er stor skilnad på barnemishandling og det som har skjedd her, seier broren.

Det sikta ekteparet ville ikkje uttale seg til då NRK var i Romania. Heller ikkje seinare har det lukkast NRK å få ein kommentar frå ekteparet.

Pastor Oros meiner saka i Naustdal har ført til at mange er redde for å busetje seg i skandinaviske land.

– For ei tid sidan då eg var i Noreg, var det 14 rumenske familiar der eg var. No er det berre to familiar att.

– Vi skjønar ikkje kvifor norske myndigheiter ønskjer å øydeleggje familien. Dette er galskap.

Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet skriv i ein e-post til NRK at ho ikkje ønskjer å kommentere det som er ei pågåande rettssak, men seier på generelt grunnlag at det ifølgje norsk lov er forbode å slå eller utøve vald mot barn.

Ho presiserer at forsking viser at fysisk og psykisk vald er skadeleg for barn si helse og utvikling, og at dei som bur i Norge må følgje norsk lov.

Verken barnevernet, ansvarleg statsråd Solveig Horne eller Barneombodet ønskjer å kommentere denne saka. Dei viser til at det er ei pågåande straffesak.

Oppfordrar til barnevald

Psykologspesialist Per Isdal har jobba med vald og alternativ til vald i 30 år. Han er ikkje overraska over at saka i Naustdal har fått folk i heile verda til å rase mot norske styresmakter.

– Andre land kjenner ikkje alltid det norske lovverket, og vi har særs ulike kulturar.

Det er berre 50 land i verda som forbyr vald mot barn. Norge var det andre landet i verda som fekk eit slikt lovverk.

– Det er altså lov å slå barn i dei fleste land i verda. Ikkje berre er det lov, det er også anbefalt praksis i oppdraging av barn, hevdar Isdal.

Han seier det blir nær uforståeleg for mange at ein stat skal reagere på at nokon slår barna sine.

– Folk har svært sterke kjensler rundt dette med familie. Mange meiner det blir heilt feil at ein stat skal blande seg bort i korleis foreldre skal oppdra sine eigne barn.

Han presiserer at all forsking på området viser at det skadar barn si utvikling å bli fysisk straffa i oppdraginga.

Uroa for familien

Det norsk-rumenske ekteparet hadde ingen forklaring på kvifor dei ikkje møtte i retten i byrjinga av januar. Førebels er det ikkje sett ein dato for ny rettssak, men det er uansett uklart om ekteparet kjem til å møte.

– Eg veit ikkje om dei kjem til å reise. Dei vil gjere det som er best for barna, seier bror til den tiltalte mannen.

Dersom dei ikkje møter, kan norske styresmakter be Romania om å utlevere dei. Paret kan då bli varetektsfengsla medan dei ventar på at saka kjem opp for retten på nytt.

Han seier det ikkje er trygt for mor til barna å reise fordi ho er gravid igjen. Dessutan er det dårleg vêr.

Gudstenesta i Filadelfiakyrkja er over. Benkeradene blir tomme medan folk stimlar ut i snøkaoset. Broren er tankefull. Han er uroa for familien sin.

– Kva samfunn vil ein få dersom alle familiar i Norge blir splitta? I Norge er staten sterkare enn alt anna, men staten er ikkje det same som foreldre.

– Vi elskar barna våre og vil berre det beste for dei. Vi er ansvarlege og vi gjer det beste vi kan for barna våre.