Jan Idar Ratana

Jan Idar Ratama (44) har vore rusavhengig over halve livet. Fire dagar etter at han slapp ut av fengsel, sykla han i førre veke eitt av norges tyngste sykkelritt - Jotunheimen rundt.

Foto: Håvard Nesbø

– Eg er ekstrem i alt eg gjer

Korleis kan den same kroppen som brukte fem gram amfetamin om dagen, fullføre eitt av norges tøffaste sykkelritt?

– Hadde nokon sagt til meg for eitt år sidan at eg skulle prøve å sykle Jotunheimen rundt, hadde eg spurt om dei ikkje var riktig skrudd saman.

Siste gong Jan Idar Ratama blei køyrt til Hassel fengsel i Buskerud, var han sliten. Kroppen hans nær øydelagd, og armane var fulle av arr frå sprøytespissar.

At den same kroppen skulle prøve seg på Jotunheimen rundt, eit sykkelritt på 430 kilometer, hadde ingen i sin villaste fantasi trudd. Minst av alle Ratama.

– Runddans med politiet

44-åringen omtalar seg sjølv som ein rusavhengig klisjé. Då han flytta frå Drammen til Kristiansand som 16-åring, hamna han i eit dårleg miljø. Han byrja å eksperimentere med hasj, og vegen var kort til tyngre stoff. Før han var tjue år var han blitt sprøytenarkoman.

Han skuldar ingen andre enn seg sjølv for dårlege val han har teke i livet. Og dei dårlege vala er det mange av, seier han.

jan idar ratama

FEST: – Eg har alltid jakta den beste festen. Til slutt var liksom kvar dag ein slags fest. Men det var ikkje like kjekt lenger.

Foto: Privat

Han har 16 dommar bak seg, dei fleste narkotikarelaterte. Fengselsopphald har det blitt så mange av at han har slutta å telje.

– Heile det vaksne livet mitt har vore ein evig runddans med politiet.

Ville ut

Sjølv om 44-åringen meiner at historia om vegen hans inn i rusen er ein klisje, var vegen hans ut alt anna.

Jula i fjor sat han inne. Det var ikkje første gong han sat bak murane då sølvgutane song jula inn, men dette året bestemte han seg for at det var hans siste.

– Eg var lei av miljøet. Lei av å bli jakta av politiet. Lei av å ryke inn og ut av fengsel. Eg var byrja å bli vaksen, det var på tide å sjå om det var andre ting i livet som var verdt å bruke tid på.

Litt tilfeldig melde han seg på ein spinningtime i fengselet. Han blei fort sliten, men han likte det.

Dei gongene hjartet har pumpa raskt dei siste tjue åra, har det vore etter nye dosar med amfetamin. Fem gram om dagen har gjort kroppen hans svak.

No ville han bli sterk.

Då han ein dag i vinter fekk besøk i fengselet av ein mann som spurte om han ville prøve seg på sykkelrittet Jotunheimen rundt, svara han utan å tenkje seg om.

– Ja, jøss, det gjer vi. Det gjer vi. All inn.

Etter 25 år som rusavhengig syklar Jan Idar Jotunheimen rundt.

– Nesten umogeleg

Mannen som stilte spørsmålet heiter Håkon Holst og er prosjektleiar i Veien tilbake. Organisasjonen skal hjelpe rusavhengige og tidlegare kriminelle å integrere seg i samfunnet. Den beste måten å få det til er fysisk trening, ifølgje Holst.

Han var langt frå sikker på at Ratama ville gjere som han hadde sagt.

– Eg må innrømme at eg har hatt ein backup plan heile tida. Sykkelrittet er tøft nok for godt trente folk. For ein mann som har rusa seg halve livet, er det nesten umogeleg å gjennomføre utan å trene i lang tid i forkant.

Førre helg, tre dagar etter at Ratama gjekk ut porten frå Hassel fengsel, sette han seg på setet til den lånte landevegssykkelen sin. No gjaldt det.

27 timar på setet

Regnet fossa ned då sykkelen trilla over startstreken i Lærdal. Hjartet pumpa raskt, og sansane var skjerpa. Han visste at han skulle presse kroppen til det ytste. Det neste døgnet skulle han trø 430 kilometer, nesten 5.000 høgdemeter, over tre fjellovergangar.

– Eg må vedgå at eg ikkje heilt visste kva eg gjekk til. Kondisen var ikkje akkurat på topp, det var ikkje musklane i beina heller.

Det var to ting som stod i hovudet hans medan han sykla. Han var svolten, og han var våt. Vegen opp til Beitostølen, over Valdresflya var ekstra tøff.

– Det strekket var jævlig mykje lengre enn eg trudde. Det var ein del hat i meg akkurat då. Eg tenkte at det eg heldt på med var galskap. Og eg banna ein del over regnet. Eg var stort sett våt og kald.

27 timar og 30 minuttar etter at han starta i Lærdal, trilla han over målstreken i Sogndal. Han var blant dei siste til å fullføre, men like fullt i mål.

– Det var så herleg. Rett og slett ei utruleg god kjensle. Det var utan tvil verdt slitet.

Jan Idar syklar eit av norges tøffaste sykkelritt.

– Heilt vanvittig

Holst i Veien tilbake skryt uhemma av Ratama etter at rittet er over.

– Det er heilt vanvittig. Heilt vanvittig. Det finst nesten ikkje ord for det han har gjort. Eg er mektig imponert.

Ratama er ein av kring 50 medlemmer i organisasjonen Veien tilbake. Organisasjonen som samarbeider med Kriminalomsorgsdirektoratet, har gode resultat å vise til.

– Alle medlemmenw er i dag rusfrie og har etablert seg i samfunnet med anten jobb eller skule. Det er heilt fantastisk.

Han meiner fysisk trening er alfa og omega for å greie å bli rusfri.

– Ein har kanskje ingen nettverk utanfor murane. Trening kan vere heilt avgjerande for å greie å etablere seg i samfunnet igjen.

Hekta

I dag har Ratama vore rusfri sidan 23. oktober. Det takkar han treninga for.

– Av og til er det som om eg så vidt held hovudet akkurat over vatnet. Men no tek eg ingenting, og det går greitt. So far so good.

På ein måte har han bytt ut éi form for ekstremisme med ei anna.

– Eg var ekstrem når det gjaldt dop. Og eg er nok litt ekstrem når det gjeld sykling. Eg hadde aldri trudd at eg ville greie å fullføre løpet. Ikkje nykter. Kanskje i full amfetaminrus, men aldri edru.

No er han fast bestemt på å halde fram.

– Heilt klart. Eg er hekta. I haust ventar tre sykkelritt, så avsluttar eg året med Birken.

Neste sommar skal han tilbake til Jotunheimen.

Jan Idar fullførte Jotunheimen rundt