Hopp til innhold

Widerøe startar opp att flyruter

Sidan midten av mars har ni lufthamner vore stengde på grunn av koronaviruset. Frå 1.juni vert alle opna for trafikk, men det vert både færre og dyrare flybillettar.

Widerøe

PÅ VINGANE: Snart kan Widerøe sine fly ta av frå ni lufthamner over heile Noreg.

Foto: Widerøe

Widerøe har kutta over tusen flyavgangar på grunn av koronapandemien. Ni lufthamner blei stengde 18.mars av Avinor, for å kunne bruke dei tilsette på andre lufthamnar om det vart naudsynt.

No vert alle lufthamnene opna for trafikk igjen. Først ut er Stokmarknes lufthavn som vert opna 8.mai. Frå 1.juni er det trafikk igjen på lufthamnene ved Vardø, Berlevåg, Sørkjosen, Svolvær, Mo i Rana, Mosjøen, Førde og Sandane.

– Rutetilbodet blir på eit minumum, seier Silje Brandvoll, som er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe.

Saman med Samferdsledepartementet har Widerøe kome fram til eit minimumstilbod av ruter ved kortbaneflyplassane for å sikre infrastruktur og beredskap.

Selskapet har tidlegare varsla både dyrare og færre billettar. Ei av årsakene er smittekrav om større avstand mellom passasjerane, som gjer at det vert fleire tome seter.

– Det er ein naturleg konsekvens av reglane for smittevern. Med halvfulle fly, så blir kostnadane høgare, seier Brandsvoll.

Reisande kan allereie no bestille flyturar for juni, men rutene for juli let vente på seg.

– Rutetilbodet i juli veit vi ikkje noko om. Det kan vere at etterspurnaden av flyreiser tek seg opp, eller at samfunnet på ny vert stengt ned, seier Brandsvoll.

Silje Brandvoll, direktør for Kommunikasjon og Samfunnskontakt i Widerøe

JULI: Direktør for kommunikasjon i Widerøe, Silje Brandvoll, seier dei førebels ikkje kan seie noko om flytilbodet i juli.

Foto: Ola Helness / NRK