Hopp til innhold

Vurderer å skyve på skuledagen for å hindre trengsel i kollektivtrafikken

BERGEN SENTRUM (NRK): Trengsel på offentleg transport gjer at skuleelevar kan måtte starte dagen ein time seinare for å unngå rushet. – Litt kjipt, seier elevar.

Bybanen i Bergen

TRENGSEL: Etter at skulane starta opp etter sommeren, har talet på kollektivreisande økt kraftig.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Denne veka starta skulane opp igjen over heile landet, samstundes har endå fleire kome tilbake på jobb.

I Bergen har kollektivselskapet Skyss registrert over 50.000 daglege påstigingar på Bybanen måndag og tysdag denne veka, mot 44.300 i snitt førre veke.

På både bussar og bane har det vore fleire avgangar der det har vore for mykje folk til å overhalde smittevernråda.

Vurderer å skyve på skuledagen

Skuledagen startar på same tid som mange skal på jobb.

– Vi ser på om vi skal skyve på oppstarten for ein del av sentrumsskulane i Bergen. At ein startar ein time tidlegare og slutte ein time seinare, seier Bjørn Lyngedal, Fylkesdirektør avdeling opplæring og kompetanse i Vestland fylke.

Saman med Skyss skal fylkeskommunen sjå an reisetala i kollektivtrafikken i Bergen dei neste vekene.

Ei avgjer om å endre tidspunkta for skuledagen kan skje fort, om det blir behov for det.

– Forskyver vi heile dagen med ein time, kan vi få det til raskt.

Skilt ved bybanestopp ved Bystasjonen i Bergen

RÅD: Skyss ber folk unngå å reise kollektiv om dei ikkje må, slik at det ikkje blir trengsel når mange skal på jobb og skule.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Kjipt for dei som bur langt unna

Ein av skulane som kan bli råka, er Amalie Skram vidaregåande. Skulen ligg rett ved Bergen sentrum, og mange av elevane tar bybane eller buss.

2.-klassingane Vera Brunvær, Zoë van der Mark og Ada Othilie Hult er skeptiske til å starte skuledagen ein time seinare.

– Eg trur eg hadde synest det var litt kjipt. Sidan skulen er i byen er det mange som bur eit godt stykke unna, og dei vil ikkje få tid til noko på ettermiddagen, seier Vera Brunvær.

– Du har jo lyst til å kunne bruke ettermiddagen på lekser, slik at du også får tid til fritidsaktivitetar eller vere med vener, legg Zoë van der Mark til.

Vera Brunvær (t.h.), Zoë van der Mark og Ada Othilie Hult (alle 16) er elevar ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen sentrum

SKEPTISKE: Ada Othilie Hult, Zoë van der Mark og Vera Brunvær vil helst sleppe å starte skuledagen ein time seinare.

Foto: BERGIT SØNSTEBØ SVENDSEID / NRK

Opplæringsdirektøren forstår at det vil kunne skape problem for både elevar og lærarar å slutte seinare, men seier smittervenomsyn er det viktigaste.

– Målet vårt er at skulane skal kunne halde opne, og då må vi sikre oss trygg transport.

Vil ikkje anbefale det for alle

Kunnskapsminister Guri Melby seier dei følgjer med på trengsel i kollektivtrafikken. Ho meiner det er bra at Vestland fylke vurderer å ta grep for å hindre at elevar bidrar til overfylt kollektivtransport.

– Eg har stilt meg positiv til å finne den typen tiltak. Anten det å forskyve skuledagen eller gjere endringar i oppmøtetidspunkt for elevane, slik at vi ikkje får så mykje trengsel.

Ho peiker på at det er stor forskjell på stader med lite og mykje smitte, og vil difor ikkje kome med ei generell tilråding om å skyve på tidspunkta for skuledagen.

– Førebels er det ikkje behov for ei generell tilråding. Men vi følgjer med på situasjonen, og har god dialog med fylkeskommunane om dette.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøker Amalie Skram vgs i Bergen.

POSITIV: Kunnskap- og integreringsminister Guri Melby besøkte denne veka Bergen. Ho meiner endring av tidspunkt for skuledagen kan vere eit godt tiltak.

Foto: Bergit sønstebø Svendseid / NRK

– Slepp elevane på

Oslo kommune vurderer per no ikkje vurderer same type tiltak som ein gjer i Bergen.

Kommunen skriv i ein e-post til NRK at dei er budd på å innføre strakstiltak om situasjonen i kollektivtransporten blir uhaldbar.

«Oslo kommune er tydelig på at alle som har mulighet til å ha hjemmekontor bør ha det, blant annet for å lette trykket på kollektivtransporten. De som må reise, eksempelvis elever i videregående skoler, skal sikres plass på en måte slik at smittevernreglene kan følges.»

I Bergen vil Skyss sjå an kor mange som reiser kollektivt dei neste vekene, når reisemønstera setter seg skikkeleg etter ferien.

Enn så lenge ber selskapet andre reisande om å sleppe skuleelevane på, slik også Folkehelseinstituttet har gjort.

– Er du på ein haldeplass og ser at bussen begynner å bli full, la skuleelevar gå på fyrst. Er det ikkje mogleg å halde avstand om bord, bør du vente på neste avgang, seier pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.