Etter at det måndag vart meld at sykkel-VM i Bergen ligg an til å gå med dundrande underskot, har ei lang rekke privatpersonar engasjert seg og gitt pengegåver for å hjelpa arrangøren.
Sterk terrorsikring, høgare eurokurs og sviktande sponsormarknad var blant faktorane som gjorde verdsmeisterskapen dyrare enn planlagd.
Onsdag kveld er det kome inn drygt 2,5 millionar kroner til sykkel-VM via betalingstenesta Vipps.
– Det er over 14.000 personar som har overført pengar. Dette viser at sykkel-VM har tydeleg har engasjert det norske folk, seier Even Wetten, salsutviklar i Vipps.
STARTA INNSAMLINGA: Eirin Watnedal starta kronerulling på Vipps til sykkelpresidenten sin private mobil.
Foto: Skjermdump– Heilt unikt
– Det kom som eit sjokk på oss at eit privat initiativ som dette brått skaut fart. Det har vore mange hundre tranaksjonar i timen. Vi har aldri sett makan, seier Wetten.
Han understrekar at det er mange som brukar Vipps til innsamlingsføremål, men at VM-innsamlinga er unik som eit privat initiativ, utan førehandsannonsering og eit hjelpeapparat.
OVERRASKA: Even Wetten i Vipps hadde ikkje trudd at den private innsamlingsaksjonen til sykkel-VM skulle få eit så stort omfang.
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix– I så måte er dette heilt spesielt. Her er det berre menneska bak som engasjerer seg i sosiale medium, det er eineståande. Vi har fleire aksjonar med større pengevolum, men dei er ikkje samanliknbare. For eit privat initiativ med manglande marknadsføring er dette heilt unikt, seier Wetten.
- Les også:
Dei fleste bidraga skal vere på mellom 100 og 500 kroner.
– Snart tre millionar
Framleis tikkar pengegåvene inn til sykkel-VM.
– Heile tysdag var det eit veldig trykk. Det heldt fram i morgontimane onsdag, men har roa seg litt etter lunsj. Framleis tikkar det inn transaksjonar, men tempoet med 400–500 i timen ser vi ikkje lenger, seier Wetten.
FOLKEFEST: Engasjementet for sykkel-VM fortsett, no gjennom pengebidrag.
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRKVM-arrangøren har tidlegare sagt at dei sjølv ikkje hadde planlagd ein innsamlingskonto.
– For sykkelsporten må det ha vore eit gledas døger, seier Wetten.
- Les også:
I tillegg til pengane som kjem inn via Vipps, overfører fleire pengar direkte til arrangøren og Norges Cykleforbund. Dermed er dei onsdag kveld oppe i totalt om lag tre millionar kroner.
– Det er eit heilt utruleg tal, seier administrativ direktør i Bergen 2017, Eli Orre.
– Evig takksam
President i Norges Cykleforbund, Harald Tiedemand-Hansen, er overvelda over bidraga som kjem inn.
– Det er ei fantastisk folkevilje! Desse millionane er uhyre verdifulle for oss, og vil vere eit betydeleg bidrag for arrangementet.
TAKKSAM: Harald Tiedemand-Hansen i Norges Cykleforbund er svært glad og takksam for dei innsamla pengane.
Foto: Jon Bolstad / NRKDet er framleis ikkje klart kor mykje sykkel-VM har gått i underskot, men Tidemand-Hansen seier kronerullinga hjelper dei langt på veg.
– Det vil definitivt hjelpe, og vi er evig takknemleg for bidraga som er kome. Det vert vel anvende pengar.
Tidemand-Hansen understrekar at pengane når rette formål, trass i at dei går til kreditorar og ikkje sjølve sykkelforbundet.
– Pengane går til leverandørane av alt utstyret som gjorde VM til eit godt arrangement. Folk skal vere trygge på at desse midlane er nyttige, seier Tidemand-Hansen.