Hopp til innhold

Vinteren i år har vore eit vendepunkt for sjukdomsplaga langrennstalent

Etter mange år med helseproblem, kan det sjå ut til å ha losna for langrennsløparen Gjøran Tefre (23) frå Førde.

Gjøran Tefre, Blinkfestivalen

FJERDEPLASS: Under Blinkfestivalen i Sandnes tok Gjøran Tefre frå Førde ein fjerdeplass i sprintfinalen på rulleski. Tefre stilte med startnummer 13.

Foto: Axelar / Atle Mork Oftedal

Førdianaren har vore peikt på som eit stort langrennstalent av landets beste løparar, men i mange sesongar har sjukdom øydelagt for den unge løparen. I fjor vinter og gjennom årets sesongoppkøyring har han vore friskare enn på lenge. Under Blinkfestivalen i Sandnes nyleg tok Tefre ein fjerdeplass i sprintfinalen på rulleski mot fleire av dei beste sprintarane i verda.

– Det var litt stong ut i finalen, men alt i alt er eg godt fornøgd, seier han.

Enno er det ei stund til sesongstart for langrennsutøvarane. Men rulleskirenna om sommaren kan fortelje korleis ein ligg an, og gi sjølvtillit inn i den vidare treninga.

– Treningsåret frå mai til sesongstart er veldig monotont, så rulleskirenna er fint for å få sprite opp kvardagen. I finaleheatet var mellom andre Eirik Brandsdal og Federico Pellegrino med, så ein kan oppsøke veldig god konkurranse der, seier Tefre.

Vendepunkt

Fjerdeplassen tok han med andre ord i sterk konkurranse, etter seks trøblete år. Som 17-åring tok han medaljar i både NM og Nordiske meisterskap, og kvalifiserte seg til juniorlandslaget.

– Det var eit godt år. Etter det har det jamt og trutt vore ting som har hindra meg i oppkøyringa, eller sjukdom på vinteren som har gjort at eg ikkje kom i form, seier han.

Vinteren i år var eit vendepunkt kva gjeld sjukdom.

– Då var eg ikkje sjuk ein einaste gong frå hausten til april.

I rute

Tefre kan sjå tilbake på mange gode resultat førre sesong, som siger i Norgescupen, 14.-plass i verdscup og to 5.-plassar i NM. Etter 5.-plassen i NM var alt på plass for Tefre, og forma var god i kvart renn.

– Det er det eg har jobba mot heilt sidan 2012, så det er godt å kjenne at det snur og eg no har betre kontroll på helsa.

Gjøran Tefre

I RUTE: Langrennsløparen Gjøran Tefre er fornøgd med oppkøyringa til sesongen. – Eg kom i gang i mai og har stort sett fått trent det eg skal, seier han.

Foto: PRIVAT

Han er så langt fornøgd med oppladinga til komande sesong.

– Eg kom i gang i mai. Eg har fått gjennomført mykje bra trening, fått mange gode svar, og i tillegg fått til ein liten ferietur og slappa av. Eg kjenner meg veldig god rute.

Jobbar hardt

Tefre er del av Team Veidekke Vest. Han har tidlegare vore nær ein plass på rekruttlandslaget, men vart vraka då laget vart tatt ut.

– Det er ikkje noko eg tenkjer så mykje på lenger. Laget eg er på i år fungerer utruleg bra. Eg trivst veldig, og vi kosar oss på samling og renn, seier han.

– Du har lenge vore nær den norske toppen, og med det verdstoppen. Tek du eit steg til i år?

– Eg har veldig trua. I fjor begynte eg å vinne skirenn og fekk også prøvd meg i verdscupen. Får eg fleire sjansar til å gå verdscup i vinter, kjenner eg meg veldig trygg på at eg skal klare å vise eit høgt nivå. Det jobbar eg for kvar einaste dag.

Gjøran Tefre, Blinkfestivalen

BLINKFESTIVALEN: Gjøran Tefre tok ein fjerdeplass i sprintfinalen under Blinkfestivalen. – Det er utruleg mykje folk som ser på. Der er god stemning og bra trykk. Det er alltid moro å gå Blinkfestivalen, seier Tefre.

Foto: AXELAR / ATLE MORK OFTEDAL