Hopp til innhold

5.-plass på lagsprint i NM

Førde-løparane Gjøran Tefre og Torstein Bu gjekk begge sterke etappar under lagsprint-finalen i NM i Alta. Lenge låg deg heilt i toppen og på siste etappe gjekk Tefre ut på ein tredjeplass med Andrew Musgrave frå Røa og Even Northug frå Strindheim framfor seg. Tefre var med å kjempe i teten til heilt mot slutten, men vart til slutt forbigått og Førde enda på ein sterk 5.-plass. Knappe 5. sekund skilte gullvinnarane frå Lillehammer og Førde.