Hopp til innhold

Uvêr herjar Vestlandet: Vinden velta benkar – cruiseskip måtte snu

Vestlendingane blei overraska med snø, ras, store nedbørsmengder og kraftige vindkast i tysdag. I turistbygda Flåm velta vinden benkar og cruiseskipa måtte snu og på Matre har ras stengd E39.

Vind velta benkar i Flåm

VELTA BENKANE: Kraftige kastevindar velta benkar i Flåm. Cruiseskip på veg inn fjorden valde å snu.

Foto: Alf Straumsnes

Heilt inst i Aurlandsfjorden i Sogn har dei merka vinden. Sterke kastevindar på opp mot 40 knop gjorde at cruiseskipet Aurora ikkje kom seg til kai i Flåm i dag tidleg, skriv Sogn Avis.

– Kapteinen valde å snu og gå ut igjen Sognefjorden, fortel assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.

«Aurora» som no er på veg til Geiranger, har kring 1700 passasjerar om bord. Driftsleiar Alf Sigurd Strømsnes i Flåmsbana seier til NRK at vinden ikkje har påverka togtrafikken.

– Men på grunn av at skipet måtte snu, mistar vi om lag 1000 passasjerar som skulle reist med Flåmsbana i dag.

Ras ved Masfjordtunnelen på E39

STENGER EUROPAVEG: E39 er stengd ved Matre etter eit stort steinras. Store nedbørsmengder kan føre til fleire steinsprang i dag.

Foto: Gøril Sætre

E39 stengd – vil ta tid

Store steinar stengjer no inngangen til Masfjordtunnelen på E39. Statens vegvesen opplyser at også omkøyringsvegen for E39 i Matre, er treft av steinar. Ein geolog er på veg til staden og er truleg framme kl. 12. Vegvesenet veit ikkje når vegen kan opne att.

– Vi jobbar med å få oversikt, men det vil ta tid før vegen kan opnast igjen, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.

Mogleg omkøyring er no om sambandet Masfjordnes–Duesund.

Til sjukehus etter trevelt

I Gloppen har eit tre velta og treft ein hjelpemann på ein søppelbil på Vereide i Gloppen. Mannen er bevisst og vert frakta til sjukehuset i Førde.

– Politiet opprettar sak og arbeidstilsynet er varsla.

Tysdag morgon var det nysnø i fjellet fleire stadar. Vegvesenet oppmoda folk om å køyre etter forholda over Sognefjellet.

Kan komme fleire steinsprang

Det er ruskete vêr langs heile Vestlandet på tysdag.

– Langs kysten blir det mykje vind på utsette stadar. Ved Stad er det venta full storm, seier meteorolog Gunnar Livik.

Dei store nedbørsmengdene gjer at steinar kan losne frå fjellsidene.

– Byene har vore ganske intense og utan lange opphald. Det er typisk at det kan føre til både steinsprang og små jordras, seier Livik.

Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier det ikkje er sendt ut OBS-varsel.

– Det er mykje nedbør dag, men ikkje på det nivået at vi sender ut varsel. Det har vore tørt, så regnet kan vaske ned steinar eller det kan komme mindre jordskred, seier han.

Sognefjellshytta 19. juni 2018

SNØ PÅ FJELLET: På Sognefjellshytta låg det nysnø i vegbana i dag. På fjellet er det framleis vinterleg – i juni.

Foto: Råmund Mundhjeld