Hopp til innhold

Nysnø fleire stader: Slik ser det ut på Sognefjellet i dag

To dagar før midtsommar har det kome nysnø i fjellet fleire stadar. Vegvesenet oppmodar folk om å køyre etter forholda over Sognefjellet.

Sognefjellshytta 19. juni 2018

VINTER I JUNI: På Sognefjellet la snøen seg i vegbana, og folk bør vere varsame om dei skal køyre over høgfjellet tysdag.

Foto: Råmund Mundhjeld

Sjølv om det er våt vegbane og litt slaps nokre stadar, meiner Statens vegvesen at det er forsvarleg å køyre over Sognefjellet med sommardekk. Dei minner likevel om at det er meldt kaldt vêr heile veka, og oppmodar om å køyre etter forholda.

Tidlegare i dag tilrådde operatør ved Statens vegvesen Roger Nedberge Hille ikkje å køyre over fjellet på sommardekk.

– Det er snø på toppane, så eg vil nok anbefale at dei som har sommardekk held seg unna fjellet i dag, sa Hille tidlegare i dag.

Hille fortel at vegvesenet har gått ut i fleire kanalar for å åtvare folk om køyreforholda, og at dei vil halde fram med å oppdatere desse utover dagen.

– Det er meldt snø utover dagen. Vi får meldingar fortløpande frå entreprenøren som har oppsyn med fjellet, så folk får følge med på dei meldingane vi legg ut.

At det er snø på Sognefjellet om sommaren er ifølgje Hille ikkje heilt uvanleg, sjølv om det ikkje skjer kvart år.

– Det skjer av og til. Det kan vere varierande temperaturar om sommaren, så heilt uvanleg er det ikkje.

Vegen over Sognefjellet er nasjonal turistveg, og går mellom Lom og Luster. Hille seier at det finst fleire moglege omkøyringsvegar, sjølv om desse tek lenger tid enn å køyre over fjellet.

– Det er fleire omkøyringsvegar. Det er litt langt, men turistane har vel lyst til å sjå litt, så for dei er det kanskje like greitt.

I tillegg til Sognefjellet meldast det også om nysnø på Valdresflya og andre toppar i høgfjellet. Snøgrensa ligg på 1.400-1.800 meter, opplyser statsmeteorolog Hanne Beate Skattør til Gudbrandsdølen Dagningen.

Hardangervidda, riksveg 7

HARDANGERVIDDA: Også på riksveg 7 over Hardangervidda var det snø i morgontimane i dag. Her frå Dyranut i Buskerud.

Foto: Statens vegvesen